Språkhistorie (NOR122)

Emnet gjev ei innføring i nordisk (særleg norsk) språkhistorie frå dei eldste tider (urnordisk) og fram til dagens situasjon med to offisielle norske skriftmål, nynorsk og bokmål.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2025-2026. Merk at det kan komme endringer.

Fakta

Emnekode

NOR122

Versjon

1

Vekting (stp)

10

Semester undervisningsstart

Vår

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

Emnet gjev innføring i nordisk (særleg norsk) språkhistorie, både den indre og den ytre, frå dei eldste tider (urnordisk) og fram til dagens situasjon med to offisielle norske skriftmål, nynorsk og bokmål. Norrønt språk og språkutviklinga frå norrønt til moderne norsk står her sentralt. Emnet femner òg om utviklinga av dei to norske skriftmåla og norsk språkpolitikk i perioden etter 1800. Tekstprøver som representerer ulike språksteg vil verta gjennomgått, medrekna translittererte runeinnskrifter frå ulike periodar.

Etter å ha fullført emnet skal studenten ha utvikla seg i samspel med medstudentar og faglæraren til å kunna drøfta og analysera språkhistorisk materiale i samsvar med gjeldande normer og forventningar til ein fagperson innanfor faget.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter å ha fullført emnet skal studenten

  • ha kunnskap om periodeinndelinga i norsk språkhistorie og kjenna til sentrale utviklingstrekk for dei nordiske språka, i både tale og skrift, sidan mellomalderen.
  • ha brei kunnskap om norsk språkhistorie, både den indre og den ytre, frå dei eldste tider og fram til i dag.
  • ha god kunnskap om sentrale trekk i den norrøne grammatikken og kjenna til viktige likskapar og ulikskapar mellom norrønt og moderne norsk språk.
  • ha god kunnskap om norsk språkpolitikk, språkplanlegging, språknormering og språkdebatt etter 1800.

Ferdigheit

Etter å ha fullført emnet skal studenten

  • kunna draga liner i norsk språkhistorie frå dei eldste tider og fram til i dag.
  • kunna lesa høgt og setja om til moderne norsk norrøne tekster med hjelp av ordbok og kunna analysera språklege strukturar i desse tekstene på måtar som er relevante og attkjennelege for fagpersonar i faget.
  • kunna gjera greie for norsk språkpolitikk, språknormering og språkdebatt etter 1800.
  • kunna gjera greie for viktige likskapar og ulikskapar mellom norrønt og moderne norsk språk og kommentera desse i konkrete tekstprøver gjennom kollektive diskusjonar med andre studentar.

Generell kompetanse

Etter å ha fullført emnet skal studenten

  • ha god innsikt i og kunna drøfta med andre fagpersonar språkutviklinga og språksituasjonen i Noreg før og no og setja endringane inn i ein vidare samanheng.
  • kunna registrera og drøfta med andre fagpersonar skilnader og likskapar mellom ulike språkstadium.

Forkunnskapskrav

Ingen

Eksamen / vurdering

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Skriftleg skuleeksamen 1/1 6 Timar Bokstavkarakterar Norrøn ordbok, Norrønt bøyingsskjema,

Eksamensoppgåva skal skrivast på nynorsk.Gjeld innleveringsoppgåva:God skriftleg framstilling i båe målformer er eit overgripande læringsmål for nordiskstudiet. I tråd med retningslinene til UiS om eksamen skal alle oppgåvene ein skriv, vera eins eige, sjølvstendige arbeid og eit resultat av eiga læring og eigen arbeidsinnsats. Difor kan ein ikkje kopiera inn tekst fra skriverobotar. Dersom ein leverer tekst som er direkte kopiert frå ein skriverobot, vert dette rekna som å presentera arbeidet til ein annan som sitt eige, og dimed fusk.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Oppmøte, Munnleg presentasjon, Skriftleg innlevering

1. 75 prosent obligatorisk oppmøte i undervisninga (inkl. gruppeseminar). Undervisninga er lagd opp slik at den faglege kompetansen blir oppnådd gjennom at teoripensumet blir kombinert med ulike former for språkleg materiale. Dette skjer gjennom øvingar og drøftingar saman med studentane. Det er difor eit krav om minimum 75 prosent deltaking. Dette tyder at dersom ein er borte frå meir enn 25 prosent av undervisninga i emnet, må ein levera kompenserande oppgåver for det overskytande.

2. Munnleg presentasjon (ca. 5 minutt). Studentane skal minst éin gong i undervisninga ha lagt fram og kommentert ei tekstprøve på norrønt, i samspel med dei andre studentane og faglæraren. Desse presentasjonane vert gjennomførde anten på førelesing eller i gruppeseminar.

3. Skriftleg innlevering. Studentane skal innan oppgjeven frist levera eit oppgåvesvar i eldre språkhistorie og norrønt på 1000 ord (+/- 10 prosent). Svaret skal skrivast på nynorsk. Vurdering: Greidd / ikkje greidd. Det endelege oppgåvesvaret må vera godkjent av faglæraren før studenten kan gå opp til eksamen. Studentar som får oppgåvesvaret vurdert til ikkje godkjent ved fyrste innlevering har, innan oppgjeven frist, høve til å levera det på nytt i omarbeidd form.

Alle tre vilkåra må vera oppfylte for at studenten skal kunna gå opp til eksamen.

Fagperson(er)

Emneansvarleg:

Klaus Johan Myrvoll

Arbeidsformar

Førelesingar og seminar. Førelesingane inkluderer studentaktive arbeidsformer som arbeid i grupper med utvalde tekstprøver og diskusjon av desse etterpå i plenum. Førelesingane inkluderer òg høgtlesing og omsetjing av norrøne tekstutdrag og språkleg kommentering av desse. Alt dette krev at kvar einskild student tek aktivt del i undervisninga og bidreg til dei kollektive drøftingane. På seminara arbeider studentane sjølvstendig eller i mindre grupper, under rettleiing av faglæraren og/eller ein studentassistent. Her vert det arbeidt meir inngåande med å tileigna seg metodar for korrekt språkleg analyse av norrøne tekster. Sidan dette er ferdigheiter som krev innøving og oppattaking basert på «beste praksis» hjå faglæraren, er det ein føresetnad at studentane tek aktivt del i seminara. I seminara er det òg mogeleg med meir individuelt tilpassa rettleiing for å stø opp om tileigninga av faglege kunnskapar og ferdigheiter.

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Nordisk språk og språkhistorie (NOR115_1) 10
Språkhistorie og talemål (NOR135_1) 10
Språkhistorie (UNOR122_1) 10

Åpent for

Engelsk språk og litteratur - bachelorstudium Historie - bachelorstudium Nordisk språk og litteratur - bachelorstudium Religion, kultur og samfunn - bachelorstudium
Opptak til enkeltemne ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora
Lektorutdanning for trinn 8-13 Nordisk - årsstudium

Litteratur

Søk etter pensumlitteratur i Leganto