Norsk språk i praksis (NOR111)

I dette emnet lærer du å skriva korrekt og effektiv bokmål og nynorsk. Dessutan lærer du om retorikk og pragmatikk, som gjev analytisk kunnskap som stør opp under tekstskrivinga. Emnet rettar seg til nordiskstudentar, men òg til alle som ser føre seg eit framtidig yrkesliv som skrivande menneske.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2025-2026. Merk at det kan komme endringer.

Fakta

Emnekode

NOR111

Versjon

1

Vekting (stp)

10

Semester undervisningsstart

Haust

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

I dette emnet går praktiske ferdigheiter og teoretisk kunnskap hand i hand. Ein viktig del av emnet er oppøving i effektiv og korrekt språkbruk i både bokmål og nynorsk. Ein lærer å skriva god, profesjonell sakprosa, i samsvar med gjeldande rettskriving. I den praktiske delen av kurset arbeider vi mellom anna med konkrete teksttypar frå arbeidslivet.

I retorikkdelen av emnet får ein kunnskap om korleis overtydande tekstar er oppbygde, og ein lærer å utføra retoriske argumentasjonsanalysar. Pragmatikk er nært i slekt med retorikk, i det at dei begge studerer tilhøvet mellom språkbruk og situasjon. I pragmatikkdelen av emnet får ein kunnskap om korleis meining oppstår i konkrete brukssituasjonar og kontekstar, og ein lærer å analysera tekstar i eit pragmatisk perspektiv.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter å ha fullført emnet skal studenten

  • ha god kunnskap om norske rettskrivingsreglar og godkjende ordformer.
  • ha brei kunnskap om sentrale omgrep innanfor fagfeltet retorikk og korleis desse er med på å forma det offentlege ordskiftet.
  • vera godt kjend med sentrale omgrep innanfor fagfeltet pragmatikk og forstå korleis brukssituasjonen samverkar med språket i meiningsskapinga.

Ferdigheiter

Etter å ha fullført emnet kan studenten

  • skriva profesjonell, effektiv og korrekt bokmål og nynorsk.
  • vurdera tekstar utifrå gjeldande rettskrivingsreglar.
  • analysera argumenterande tekstar med omgrep og metodar frå den klassiske retorikken
  • analysera ulike typar språkbruk med omgrep og metodar frå pragmatikken.

Generell kompetanse

Etter å ha fullført emnet skal studenten

  • ha ei god forståing for kva profesjonell, effektiv og korrekt språkbruk er, og kunna utøva slik språkbruk i praksis.
  • ha tileigna seg teoretisk kunnskap om tekstskriving og evna til å skriva korrekt og profesjonell norsk forutan å kunna analysera tekstar i tråd med etablerte praksisar innanfor retorikk og pragmatikk.

Forkunnskapskrav

Ingen

Eksamen / vurdering

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Heimeeksamen 1/1 3 Dagar Bokstavkarakterar Alle

Eksamenen er samansett av skriftlege oppgåver om pragmatikk og retorikk. Ein del av eksamenen vert skriven på nynorsk og ein del på bokmål. Totalt skal eksamenssvaret vera mellom 2000 og 2500 ord. Eksamenen vert vurdert på grunnlag av både språkføring og fagleg kunnskap om retorikk og pragmatikk. Alle desse aspekta er med i karaktersetjinga og skal vera greidde.God skriftleg framstilling i båe målformer er eit overgripande læringsmål for nordiskstudiet. I tråd med retningslinene til UiS om eksamen skal alle oppgåvene ein skriv, vera eins eige, sjølvstendige arbeid og eit resultat av eiga læring og eigen arbeidsinnsats. Difor kan ein ikkje kopiera inn tekst frå skriverobotar. Dersom ein leverer tekst som er direkte kopiert frå ein skriverobot, blir dette rekna som å presentera arbeidet til ein annan som sitt eige, og dimed som fusk.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Obligatorisk oppmøte, Innleveringsoppgåve

1. 75 prosent obligatorisk oppmøte i undervisinga. Emnet inneheld ein stor praktisk del der studentane øver på å skriva korrekt norsk og drøftar ulike typar tekstar. For å oppnå dei nemnde læringsutbytta er aktiv deltaking i undervisinga avgjerande. I den teoretiske delen av emnet er undervisinga lagd opp slik at læringsutbytta vert oppnådde gjennom at teoripensumet vert kombinert med ulike former for språkleg materiale, slik at studentane øver opp analyseferdigheitene sine. Det er difor eit krav om minimum 75 prosent oppmøte i undervisinga. Ved fråvær utover dette må ein rekna med kompenserande oppgåver.

2. Innleveringsoppgåve. Ein gong i løpet av kurset skal studentane innan oppgjeven frist levera eit oppgåvesvar, som er ei praktisk skriveoppgåve. Oppgåvesvaret må vera godkjent av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen. Studentar som får oppgåvesvaret vurdert til «ikkje greidd» ved fyrste innlevering, har, innan oppgjeven frist, høve til å levera det på nytt.

Begge vilkåra må vera godkjende for at kandidaten skal kunna gå opp til eksamen.

Fagperson(er)

Studiekoordinator:

Margrethe Melin

Arbeidsformar

I dette emnet går praktiske ferdigheiter og teoretisk kunnskap hand i hand. Emnet inneheld to førelesingar i veka. Éi førelesing i veka handlar om retorikk eller pragmatikk, der studentane tileignar seg sentrale fagomgrep. Her blir den teoretiske funderinga for forståing av norsk språk i praksis lagd. Desse førelesingane inneheld òg studentaktive arbeidsformer der studentane tileignar seg analyseferdigheitene (nemnde under «læringsutbytte») gjennom å drøfta ulike tekstar i samarbeid med andre studentar og under rettleiing av faglæraren.

Den andre førelesinga i veka handlar om skriving av nynorsk og bokmål, der studentane lærer rettskrivingsreglar, medrekna teiknsetjing, og ulike skrivestilar. Desse førelesingane inneheld ei «skrivestund» der studentane øver dei skriftlege ferdigheitene sine i båe målformer og lærer å drøfta og peika på forbetringspotensial i tekstane til andre under rettleiing av faglæraren. I skrivestunda tar ein utgangspunkt i skriveoppgåver baserte på konkrete skrivesituasjonar i ulike yrke der skriving er ein viktig del av arbeidskvardagen (t.d. journalistikk, medie- og kommunikasjonsfag).

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Norsk språk i praksis (UNOR111_1) 10
Språkstruktur og språkbruk (NOR125_1) 2.5
Språkstruktur og språkbruk (LNOR125_1) 2.5
Tekst og tolking: litterær og retorisk analyse (NOR165_1) 2.5
Tekst og tolking: litterær og retorisk analyse (LNOR165_1) 2.5

Åpent for

Engelsk språk og litteratur - bachelorstudium Historie - bachelorstudium Nordisk språk og litteratur - bachelorstudium Religion, kultur og samfunn - bachelorstudium
Opptak til enkeltemne ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora
Lektorutdanning for trinn 8-13 Nordisk - årsstudium

Emneevaluering

Det skal vere ein tidlegdialog mellom emneansvarleg, studenttillitsvald og studentane. Formålet er tilbakemelding frå studentane for endringar og justering i emna inneverande semester.I tillegg skal det gjennomførast ein digitalt emneevaluering minimum kvart tredje år. Den har som formål å innhente studentane sine erfaringar med emnet.

Litteratur

Søk etter pensumlitteratur i Leganto