Fagside for pedagogiske fag

Dette er biblioteket si fagside for studier knytt til institutt for barnehagelærarutdanning, institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk, Lesesenteret og Læringsmiljøsenteret. Her finn du biblioteket sine nyttige tips til deg som er student innan pedagogiske fag.

Publisert Sist oppdatert
Innkjøpsforslag

Er det noko som manglar i biblioteket si samling? Forslag til eit abonnement me burde ha? Kom gjerne med forslag!

Tilgong heimanfrå

Jobbar eller studerer du på heimekontor? Hugs å logga deg på med tilgang heimanfrå for tilgang til biblioteket sine ressursar.

Kontaktperson

Universitetsbibliotekar
51833093
KE A-258
Divisjon for forskning
Universitetsbiblioteket i Stavanger

Oppgåveskriving i høgare utdanning

Ei god oppgåve i høgare utdanning krev blant anna at du brukar andre stemmer i teksten enn kun din eigen. Her får du enkle tips til korleis du kan gjera oppgåva di meir akademisk.

PC på bord nært en kvinne som leser en bok

Nyttig å vite om ulike typar artiklar og tidsskrift

Det er forskjellar mellom generelle tidsskrift og artiklar, og vitskaplege tidsskrift og vitskaplege artiklar. Nedanfor kan du lesa om dei viktigaste forskjellane, og kva det er nyttig å bruka dei ulike typane til.

  • Inneholder ny viten
  • Har referanseliste, forskinga skal vera etterprøvbar
  • Er fagfellevurdert, altså vurdert og kvalitetssikra av andre forskarar (engelsk: peer-reviewed)
  • Blir publisert i tidsskrift (fysisk eller digitalt)
  • Inneheld oftast samandrag, introduksjon/teori, metode, resultat, analyse og konklusjon

Her er ein gjennomgang av kva ein vitskapleg artikkel typisk inneheld.
Og her er tips for korleis lesa ein vitskapleg artikkel.

Eksempel på vitskapleg artikkel: Barneperspektiv i nordisk pedagogikk, barne- og ungdomsforskning

  • Kjem ut med jamne/ujamne mellomrom
  • Publiserer studier (forsking) i form av artiklar
  • Kan i tillegg til artiklar innehalde bokanmeldelser, intervju, debattinnlegg med meir. Desse delene av tidsskiftet er ikkje fagfellevurdert, men vurdert av ein redaksjon.

Eksempel på vitenskapelig tidsskrift: Norsk tidsskrift for utdanning og praksis

  • Magasin/medlemsblad og nettsider som ikkje publiserer forskingsresultat direkte, men fagstoff i bearbeida og meir populærvitskapleg format.
  • Fagleg relevant innhold, bruk gjerne desse til å halda deg oppdatert på faget ditt (men det er ikkje det same som ein vitskapleg artikkel).

Eksempel: FHI - Folkehelseinstituttet og Barnehageforum

Gutt i biblioteket bærer mange bøker

Bachelor - og masteroppgåver

Her finn du bacheloroppgåver og masteroppgåver som er skrivne av studentar ved UiS.

Oppgåvene me viser til her har fått karakteren A eller B, så du kan derfor trygt tenka at desse kan vera nyttige å bruka som inspirasjon til eiga bacheloroppgåve. Merk deg at biblioteket brukar ordet inspirasjon. Det er fordi bachelor- og masteroppgåver ikkje er fagfellevurdert vitskapleg forsking og me anbefaler ikkje å bruka desse ukritisk som kjelder i oppgåva di. Det dei gjerne kan brukast til er å sjå på struktur, problemstilling, metode, litteraturliste og drøfting for å få tips til korleis du kan gjera det i eiga oppgåve.

Veiledning i biblioteket

Bestill rettleiing

Syns du det er utfordrande å finna god litteratur til oppgåva eller forskinga di? Masterstudentar, PhD-kandidatar og tilsette ved UiS kan booka time til veiledning i litteratursøk eller systematiske søk.

Masterstudentar, PhD-kandidatar og tilsette ved UiS kan bestilla individuell rettleiing.

For at veiledninga skal bli mest mogleg nyttig er det ønskeleg at du før timen har:

  • Laga ei liste med gode nøkkelord både på norsk og engelsk
  • Tenkt gjennom kva type litteratur du treng å finna
  • Prøvd å søka litt sjølv i dei ulike databasane som er anbefalt for ditt fag
  • Tenkt gjennom kva som er utfordrande for deg når det kjem til litteratursøk

Du kan bestilla time til søkeveiledning her.

Illustrasjon søking for helsefag

Systematisk søk

Eit systematisk litteratursøk er eit omfattande og godt planlagt søk i databasar og andre aktuelle kjelder. Bruk av faglege søkeord og synonym er viktig. Føremålet er å finne så mykje litteratur som mogleg på eit felt. Søka skal vera grundig dokumenterte og etterprøvbare.

Tilsette, stipendiatar og masterstudentar ved UiS kan bestilla individuell rettleiing for søk og systematiske søk. Ta kontakt dersom du treng søkehjelp. For å få best mogleg utbytte av ei søkerettleiing er det viktig at du kjem førebudd.

Før du skal begynna å søka:

  • Kva er det du vil finna ut? Definer problemstilling og hovudelement i søkestrategien. Finn relevante søkeord og fagtermar. Hugs at alle aktuelle omgrep og synonym skal inkluderast.
  • Kva for type litteratur treng du å finna? Berre vitskaplege artiklar, eller skal annan type litteratur også vera med?
  • Kor skal du søka? Velg relevante fagdatabasar basert på ditt emne
  • Kva skal ikkje vera med? Bestem avgrensingar for å kunne ekskludera irrelevant litteratur.

Meir om systematisk søking:

Her finn du lenker til relevante sider som kan gje deg tips og råd om korleis gjera systematiske søk. Nokre av lenkene er til helsefaglege sider, men dei kan likevel vera relevante for andre fagdisiplinar.

Pedagogisk litteratur og nyttige ressursar

Her finn du nyttige ressursar slik som nettsider, oppslagsverk og tidsskrifter. Bruk gjerne informasjon frå desse sidene i oppgåva di, i tillegg til fagbøker og vitskaplege artiklar.

Når du skal finna litteratur til studiet ditt kan du velgja mellom mange ulike typar kjelder. Felles for dei fleste av dei er at du kan finna dei ved å søka i Oria, bibliotek sin database. Her finn du bl.a trykte bøker, rapportar o.l. på både norsk og engelsk.

Bøker innan pedagogikk er oppstilt etter Dewey Desimalklassifikasjon, med nummer som begynner på 37. Bøker om same tema står på same hylle. Det vil seia at dersom du finn éi interessant bok på hylla kan det vera lurt å ta ein kikk på resten av bøkene på den aktuelle hylla. Finn du ein interessant tittel i Oria kan du bruka fana virtuell hylle for å sjå fleire bøker som er oppstilt på same hylle i biblioteket.

Pedagogikk

153.1 - Hukommelse og læring
370 - Utdanning og pedagogikk
370.1 - Filosofi og teori, pedagogisk psykologi
370.115 - Utdanning til samfunnsansvar, kritisk pedagogikk
370.15 - Pedagogisk psykologi
370.152 - Kognitive prosesser
370.9 - Komparativ pedagogikk
371 - Skole
371.1 - Lærere, undervisning og lignende virksomhet
371.102 - Undervisning
371.26 - Vurdering
371.3 - Metoder for undervisning og læring
371.33 - Læremidler, utstyr, materiale til undervisning
371.4 - Rådgivning for studenter og elever
372 - Førskole opplæring og grunnskole
372.1 - Organisering og virksomhet, innen førskoleopplæring og grunnskole
372.21 - Førskoleopplæring
373 - Videregående opplæring
374 - Voksenopplæring
375 - Læreplaner
378 - Høyere utdanning
379 - Utdanningspolitikk

Spesialpedagogikk

371.9 - Spesialpedagogikk
371.914 - Språkvansker
371.93 - Elever/studenter med tilpasningsvansker

Også relevant for pedagogikk/spesialpedagogikk:

401.93 - Språktilegnelse, barns språk
407 - Utdanning, forskning, lignende emner
418 - Anvendt lingvistikk
616.855 - Tale og språkforstyrrelser
616.8588 - Psykisk utviklingshemming
616.85882 - Autisme
616.8589 - ADHD
618.928589 - Barn /ADHD

  • Barnekonvensjonen: Fullversjon av FN sin barnekonvensjon på norsk.
  • Barneombudet Barneombudet er barn og unge sin talsperson og jobbar for born sine rettar. Ombudet har ansvar for at meiningane til barn og unge meninger blir høyrt, og at deira rettar blir fulgt. Den viktigaste oppgåva til ombudet er å passa på at dei som bestemmer i Noreg følgjer barnekonvensjonen.
  • Bufdir bibliotek Barne-, ungdoms- og familedirektoratet sitt nettbibliotek. Finn kunnskap om barnevern og familievern, oppvekst, likestilling og ikkje-diskriminering
  • Følgegruppa for lærerutdanningsreformen Oppnenmnt av Kunnskapsdepartementet, har sekretariat på UiS. Skal følge innføringa av dei nye grunnskulelærarutdanningane og bidra til at reformen blir gjennomført som planlagt.
  • Gyldendal Skolestudio Digital tilgang til Gyldendal sitt læreverksupplement, Salaby. Tilgjengeleg med FEIDE-pålogging for studentar og tilsette ved UiS.
  • Kor Arti' Digital plattform for å læra song og musikk med fokus på elevaktivitet. Dei tilbyr eit rikt utval songar med forskjellige tema som skal kunne tilby alle fagområde eit alternativ til tradisjonell undervisning. Ta kontakt med biblioteket for pålogging
  • Kunnskapsdepartementet Her finn du nyttig informasjon om grunnskole, Kunnskapsløftet, høgare utdanning osb.
  • Kunnskapsdepartementet - Skule og vidaregåande opplæring Her finn du informasjon, rapportar og artiklar om skule og vidaregåande opplæring.
  • Psykisk helse for barn og unge Nettside frå folkehelseinstituttet. Forskning og faktainformasjon om psykiske helse og utvikling hos barn.
  • Skoleporten Et verktøy frå Utdanningsdirektoratet for vurdering av kvalitet i grunnopplæringa.
  • Statped Nasjonalt system som bistår kommunar og fylkeskommunar med å legge til rette god opplæring for born, unge og vaksne med særskilte behov.
  • Støtte til nye læreplanar Gode råd og tips til korleis implementera dei nye læreplanane på ein god måte.
  • Utdanningsdirektoratet (Udir) Her finn du mellom anna læreplanar, opplæringslover og annan relevant informasjon.
  • Barnehage.no: Nettstaden for alle med tilknytning til norsk barnehagesektor. Nettstedet tar temperaturen på ein unik og stadig voksande sektor kvar einaste dag. Barnehage.no følger dei store og viktige barnehagepolitiske spørsmåla, men presenterer òg små, trivielle historiar frå kvardagen i over 6.000 barnehagar rundt i landet.
  • Barnehagefakta: Nettside frå utdanningsdirektoratet som presenterer ulike fakta frå barnehagar i Noreg.
  • Barnekonvensjonen: Fullversjon av FN sin barnekonvensjon på norsk.
  • Barneombudet: Barneombudet er barn og unge sin talsperson og jobbar for born sine rettar. Ombudet har ansvar for at meiningane til barn og unge meninger blir høyrt, og at deira rettar blir fulgt. Den viktigaste oppgåva til ombudet er å passa på at dei som bestemmer i Noreg følgjer barnekonvensjonen.
  • Bufdir bibliotek: Barne-, ungdoms- og familedirektoratet sitt nettbibliotek. Finn kunnskap om barnevern og familievern, oppvekst, likestilling og ikkje-diskriminering.
  • Foreldreutvalget for barnehagar (FUB): Nasjonalt utvalg for foreldre med barn i barnehage.
  • Kor Arti': Digital plattform for å læra song og musikk med fokus på elevaktivitet. Dei tilbyr eit rikt utval songar med forskjellige tema som skal kunne tilby alle fagområde eit alternativ til tradisjonell undervisning. Ta kontakt med biblioteket for pålogging.
  • Regjeringa si temaside om barnehage: Her finn du dokument, artiklar, lover, stortingsmeldingar ol. frå regjeringa som omhandlar barnehage.
  • Skattkammer: Ein ressurs innan sang, musikk og rytme. Mykje inspirasjon for deg som jobbar i eller skal i praksis i barnehage. Ta kontakt med biblioteket for påloggingsinformasjon.
  • Smittevern i barnehage: Nettside frå folkehelseinstituttet. Her finn du informasjon og råd til foreldre og personale om å førebygge infeksjonar og skadedyrangrep.
  • Statped: Nasjonalt system som bistår kommunar og fylkeskommunar med å legge til rette god opplæring for born, unge og vaksne med særskilte behov.
  • Stortingsmelding 19: Tid for lek og læring — Bedre innhold i barnehagen
  • Stortingsmelding 24 - Framtidas barnehage
  • Utdanningsdirektoratet sine temasider om barnehage: Temaside frå utdanningsdirektoratet. Her finn du rammeplan, regelverk, tal og fakta mm.

  • Autismeforeningen i Norge: Autismeforeninga er ei samanslutning av menneske med autismespekterdiagnose, samt foreldre og andre pårørande, fagfolk og andre interesserte.
  • Dysleksiforeningen i Norge: Heimesida til Dysleksi Norge. Organisasjonen blei stiftet i 1976, og jobbar i dag for alle med lese- og skrivevansker, mattevansker og språkvansker.
  • Kunnskapsdepartementet: Her finn du nyttig informasjon om grunnskule, Kunnskapsløpftet, høgare utdanning med mer.
  • Psykisk helse hos barn og unge: Nettside frå folkehelseinstituttet. Forskning og faktainformasjon om psykisk helse og utvikling hos barn. Temaside om ADHD, autisme, downs symdrom, cerebral parese, epilepsi og språkvansker – de vanligste utviklingsforstyrrelsene hos barn.
  • Språk og læring - språkvansker og læringsutbytte: Samarbeidsprosjekt mellom Folkehelseinstituttet og Kunnskapsdepartementet som startet i 2007. SOL-studiens mål er å gi et best mulig kunnskapsgrunnlag for å forstå årsaker og utviklingsveier til språkvansker, slik at man tidlig kan sette i gang forebyggende tiltak.
  • Språkvansker: Utvikla av språkforskarar og fagfolk fra Universitetet i Oslo, som jobbar med språkutvikling og språkvansker. Her finn du oppdatert informasjon om både typisk og atypisk språkutvikling. Du kan også lesa om språkvansker hos barn og vaksne, og om ulike kartleggingsverktøy.
  • Statped: Nasjonalt system som bistår kommunar og fylkeskommunar med å legge til rette god opplæring for born, unge og vaksne med særskilte behov.
  • Utdanningsdirektoratet si temaside om PPT og spesialpedagogikk: Her finn du informasjon om spesialpedagogisk hjelp, spesialundervisning, PPT med mer.

Nettressursar:

  • Lesesenteret: Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking
  • Nasjonalbiblioteket: Søk ei stor mengde historiske aviser, bøker, tidsskrift m.m Bruk tilgong heimanfrå om du ikkje er på campus.
  • Nynorsksenteret: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa er eit ressurssenter for skule og barnehage. Tilbyr kurs og gratis undervisningsopplegg for både nynorsk hovudmål og nynorsk sidemål.
  • SkrivBib: Bibliografi over norsk og nordisk skriveforsking, er utgitt av Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking ved NTNU i samarbeid med Universitetet i Oslo og Universitetet i Sørøst-Norge.
     
  • Skrivesenteret: Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking
  • Språkrådet: Staten sitt rådgjevande organ i spørsmål som gjeld bokmål og nynorsk
  • Utdanningsdirektoratet: Læreplanar, rammeplanar, verktøy til undervisning mm.

Tidsskrift

Digitale læreverk

Studentar og tilsette ved UiS har tilgang til ulike forlag sine nettsider tilhøyrande undervisning og læreverk. Det varierer frå forlag til forlag kva og kor mykje som ligg inne på sidene.

Du finn liste over mange nyttige sider for statistikk i Oria.

Bruk gjerne statistikk for å aktualisera emnet du skal skriva om. Det vil gjera det lettare for å lesaren å forstå kvifor dette er interessant eller dagsaktuelt.

Biblioteket abonnerer på ei rekke tidsskrift som er aktuelle for pedagogiske fag. Nokre er i trykt format til utlån i biblioteket andre er elektroniske og du kan lesa dei overalt med tilgang heimenfrå. Du finn aktuelle tidsskrift ved å søka i Oria.

Du kan søka direkte i Tidsskrifter dersom du har fått tips om eller kjenner til eit relevant tidsskrift innan ditt fag. Eller avgrensa i høgremenyen under "materialtype" ved eit vanleg søk på emne.

Me skiller mellom populærvitskaplege tidsskrift og vitskaplege tidsskrift. Det kan du lesa meir om her.

Bruk barnelitteratur i undervisning og praksis

Visste du at i biblioteket på Ullandhaug har me mykje god barnelitteratur?

Me kjøper inn nye barnebøker jamnt og trutt, og strebar etter å ha ei oppdatert og interessant samling slik at du som student kan koma til oss og finna bøker du kan ta med ut i praksis. Det er sjølvsagt også lov å låna bøker til eige bruk òg :)

Me har fagbøker for barn innan mange spennande tema, og me har romanar og billedbøker.

Høgtlesing er kjekt for både born og vaksne og er ein veldig fin moglegheit til å gje dei små ein inngang til den spennande litteraturverda.

Når du skal finna relevant barnelitteratur kan det vera lurt å tenka gjennom om det er spesielle tema du er særleg interessert i. Det kan tildømes vera følelser, sorg, tenåringer, jenter, gutar osv. Når du då søker i Oria kan du søka på denne måten:

  • barnebøker OG følelser
  • barnebøker OG gutter
  • barnebøker OG jenter
  • billedbøker OG sorg
  • ungdomsbøker OG kjærlighet
  • ungdomsbøker OG vennskap

Dersom du er interessert i dei nyaste bøkene om dette emnet kan du avgrensa på årstal i høgremargen slik at du tildømes kun søker på billedbøker om sorg som er publisert dei siste to åra.

Nyttige lenker:

Barnelitteraturen finn du på hylle 6,7,8 og 9 i biblioteket.

Hylle 6 og 7:

  • Fagbøker for barn
  • Lærebøker for grunnskulen

Hylle 7 og 8:

  • Skjønnlitterære bøker for barn og ungdom
  • F.eks fortlejingar, noveller, romanar og dikt

Hylle 9:

  • Billedbøker for barn

Kva betyr kodane bakpå bøkene?

Lærebøkene for grunnskulen står oppstilt etter fag. Du kan enkelt sjå tittel og klassetrinn på "ryggen" til bok, for eksempel "ORD 2A" betyr Ordriket for 2.klasse, bokstav-/grunnboka.

Øvrige bøker er kategorisert etter alderskodar:

  • bl = billedbøker
  • a = passar best for barn i alder 0-5år
  • b = passar best for barn i alder 1.-3. klasse
  • bu = passar best for barn i alder 4.-5.klasse
  • u = passar best for barn i alder 6.-7.klasse
  • mu = passar best for barn på ungdomstrinnet

Dersom det f.eks står bl/a,b på ryggen til ei bok vil det seia at dette er ei billedbok som passar best for barn frå 0 år til og med 3.klasse.

Tilsvarande dersom det står Barn bu-mu så betyr det at boka passar for barn frå 4.–10.klasse.

Bøker for "Aktiv i naturen":

Nyheter fra UiS om pedagogikk

Slik kan vi skape eit leseløft

For nokre år sidan las norske tiåringar betre enn dei hadde gjort nokon gong før. Så snudde det. Dei fleste er samde om ...

Lærere og forskere hjelper nyutdannede lærere med overgangen til praksis

Overgangen fra student til lærer eller barnehagelærer kan være krevende. I nye TV-sendinger får studenter og nyutdannede...

Sats på gode veilederordninger for nyutdannede barnehagelærere

Det er ikke i alle yrker man går rett fra studier og over til å ha lederansvar. Slik er det for mange nyutdanna barnehag...

Kan du åpne opp for mer dialog i undervisningen?

«Hvis vi planlegger for mye, kan det gå ut over spontaniteten,» sa en lærer etter å ha gjennomført åpne samtaler i nor...

Slik vekket læreren leseiveren hos elevene

Elevene i 7B på Grannes skole har like mye tilgang til telefoner, nettbrett og Tiktok som andre ungdommer. Allikevel har...

Dei gode skriveverktøya for elevane finns, men blir for lite brukt

Ny forsking viser at det finns mange gode lese- og skriveverktøy tilgjengeleg, men at dei blir for lite brukt i norsk sk...

Hvilke konsekvenser har digitaliseringen av klasserommet?

Skjermbruk i undervisningen kan gi tilpasset opplæring og være motiverende for elevene. Men vi må holde på papirlesinga ...

PISA 2022: Norske barn og unge trenger et leseløft!

Når PISA-resultatene viser at også tiendeklassingene leser langt dårligere enn før, er det på tide å slå alarm. Nå treng...

– Hvis norske elever skal bli bedre lesere, må det en skikkelig innsats til

Årets elever på 5. og 8. trinn gjør det svakere i lesing sammenlignet med i 2022. Det viser resultatene fra årets nasjon...

Å oppdage at barnehagebarn strever med språket, er ikke nok for å sikre dem god hjelp

Mange barn som strever med språket, blir oppdaget i barnehagen. Men for at disse barna skal få riktig hjelp, må kartlegg...

Elevane lot seg engasjera av Jon Fosse sin vanskelege roman

Jon Fosse er kjend for å vera ein av vår tids største nolevande forfattarar. Men han er òg kjend for å skriva komplekse ...

Spørsmål og svar om bokstavlæring på første trinn

Mange har spørsmål om hvorfor Nasjonalt lesesenter anbefaler at førsteklassinger lærer to bokstaver i uka, og hvordan ma...

Ny kunnskap om skolefritidsordningen gjennom internasjonalt samarbeid: – Målet er å heve kvaliteten på SFO.

SFO-tilbudet er varierende, og det er lite kunnskap om hva som egentlig skjer i skolefritidsordningen. Nå skal UiS-forsk...

Økt lærertetthet alene er ikke nok for at elevene skal lære mer

Forskningen er tydelig: For at økt lærertetthet skal ha betydning for læring og trivsel blant elever og lærere, må skole...

Leik og lesing som satsing i barnehagen

Gjesdal kommune sette seg som mål å ha meir fokus på lesing og språkopplæring i kommunen sine barnehagar. Dette starta s...

Kreftpasienter fikk økt livskvalitet av å delta i litteraturgrupper

Åpne samtaler knyttet til litteratur, følelsen av fellesskap og å bestemme over eget liv, kan være grunner til at å delt...

Lærere forteller om hvordan eksamen påvirker norskundervisningen

Hvor mye påvirker eksamen norskundervisningen på ungdomsskolen og i videregående? Og bør eksamensutviklere ta hensyn til...

Én bok ga tre undervisningsopplegg i norsk

Slik ble biografien "Min Skyld" av Abid Raja brukt som utgangspunkt til tre ulike undervisningsopplegg i en førsteklasse...

Ungdomsskoleelever liker å bli lest høyt for

Høytlesing er ikke bare for småtrinnet. Ungdomsskoleelever som ble lest høyt for i norskundervisningen likte det, viser ...

Kva vil det seie å vere eit «normalt barn» i barnehagen?

Ein forskar fortel at ho høyrer barnehagetilsette ofte seier det slik: Eit normalt barn er eit rasjonelt barn som tenkje...