Jon Fosse er kjend for å vera ein av vår tids største nolevande forfattarar. Men han er òg kjend for å skriva komplekse og krevjande tekstar. Er dei for vanskelege og arkaiske å lesa for elevar i vidaregåande skule?
- Absolutt ikkje, å velja krevjande og komplekse tekstar i vidaregåande skule kan tvert om skapa engasjement, refleksjon og djup læring, meiner universitetslektor ved Lesesenteret, Ingeborg Margrete Berge.
Ho har mange års erfaring som norsklektor i vidaregåande skule, og har fleire erfaringar med å lesa krevjande tekstar saman med elevane i klasserommet. I dag er Berge tilsett som universitetslektor ved Lesesenteret.
I 2017 sette ho i gong eit prosjekt saman med fleire norsklærarar på første trinn i vidaregåande skule. Klassane innan studiespesialisering skulle lesa «Andvake» av Jon Fosse.
Når elevane får ein vanskeleg tekst, har Berge ofte opplevd at dei les fort for å bli ferdige, ikkje stiller spørsmål til teksten og ventar passivt på vidare instruksar frå læraren. Målet med å å lesa Andvake med bruk av nærlesingstrategiar og litterære samtalar ynskja Berge saman med lærarane å snu på den strategien. Det var og eit poeng å ta seg tid til å lese heile teksten i klasserommet.
«Andvake» blei vald ut, og er eksemplarisk på den måten at boka er ganske typisk for forfattarskapen til Fosse og ho vert rekna for å vera blant det beste han har skrive.
Å finna teikn i teksten
For å skapa relevans fekk elevane i oppstarten ei kort innføring i hensikta med å nærlesa skjønnlitterære tekstar og at det å tolka og reflektera både munnleg og skriftleg er viktige ferdigheiter i norskfaget, så vel som i andre fag. Klassane brukte òg litt tid i forkant til å gjera seg kjend med forfattaren Jon Fosse.
Alle elevar hadde teksten føre seg og kunne følgje med mens klassen lytta til teksten på lydbok. Lyttinga vart delt opp i bolkar. Vidare nytta lærarane og klassane nærlesingsmetoden «teikn i teksten» (Bears & Probst, 2013).
- Det er ei lesemåte som opnar for djupare forståing ved å lese delar av teksten nøye og repetert og få støtte til å aktiverer sine eigne førekunnskapar om verda inn i teksten, seier Berge.
«Teikn i teksten» er ein metode kor det er seks teikn i teksten som er skildra nærmare og som lesaren får hjelp til å oppdaga. Vidare er det ankerspørsmål til kvart av teikna som skal opna for vidare tekstrefleksjon.
- Me såg at «teikn i teksten» opna for gode diskusjonar og refleksjonar når elevane etter lesinga blei delt inn i grupper for å samtala om det dei hadde lest, legg Berge til.
Fleire av elevane uttrykte at dei ikkje hadde for vane å lesa, lytta samstundes som dei satt med ein penn for å notera ned ting til vidare refleksjon, men at dette var god øving.
Lærarane som prøvde ut opplegget saman med Berge ynskja også å runda av opplegget med å ha ei munnleg vurdering kor elevane gruppevis samtalte om teksten. Her var læraren si rolle å leia samtalen ved å stilla opne spørsmål og sørga for at alle fekk ordet.
- Undervisningsopplegget fungerte godt når elevane blei merksame på at å samtala handlar om å lytta aktivt til det dei andre seier, og delta enten ved å utdjupa det andre hadde sagt, eller bringa samtalen vidare. Dialogane mellom elevane skapte noko ganske anna enn førebudde monologar som me kjenner godt frå elevframføringar, seier Berge.
Prøv ut krevjande litteratur i klasserommet
Undervisningsopplegget til «Andvake» og annan krevjande litteratur kan bidra til å utvikla munnlege ferdigheiter ved at samtalen mellom elevane er viktig i leseprosessen, i tillegg til å auke leseforståinga.
Berge og lærarane hadde ei evaluering i etterkant av opplegget. Fleire av elevane uttrykte stor undring og interesse i å vita korleis det kom til å gå med Asle og Alida vidare. Lærarane på si side rapporterte om stort, og til dels overraskande stort, engasjement bland elevane. Alle lærarane opplevde at å ha god tid til å gjennomføra opplegget var noko av det mest verdifulle, og at god tid gjorde at elevane også fekk nok tid til refleksjon. Lærarane var også positivt overraska over kor mykje elevane hadde forstått i tolkinga av ein så kompleks tekst.
Her kan du lesa heile Berges fagartikkel om gjennomføringa av «Andvake».
Andvake (2007) av Jon Fosse er kjærleikshistoria om Asle og Alida som dreg til Bjørgvin for å finna arbeid og ein stad å bu. Alida er høggravid, men ingen vil gje henne og kjærasten husly. Dei blir motlause i regnvêret. Andvake er fyrste del av Fosses "Trilogien". Forteljinga er kort, men kompleks.
Jon Fosse (f. 1959) debuterte som forfattar i 1983. I 2023 blei han tildelt Nobelprisen i litteratur.
Omtalt i saka:
Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking
Finn fleire saker frå Lesesenteret:
Kan du åpne opp for mer dialog i undervisningen?
«Hvis vi planlegger for mye, kan det gå ut over spontaniteten,» sa en lærer etter å ha gjennomført åpne samtaler i nor...
Dei gode skriveverktøya for elevane finns, men blir for lite brukt
Ny forsking viser at det finns mange gode lese- og skriveverktøy tilgjengeleg, men at dei blir for lite brukt i norsk sk...
Lærere forteller om hvordan eksamen påvirker norskundervisningen
Hvor mye påvirker eksamen norskundervisningen på ungdomsskolen og i videregående? Og bør eksamensutviklere ta hensyn til...
Én bok ga tre undervisningsopplegg i norsk
Slik ble biografien "Min Skyld" av Abid Raja brukt som utgangspunkt til tre ulike undervisningsopplegg i en førsteklasse...
Tekstnær lesing: Lesing av komplekse tekstar
Close Reading, eller "Tekstnær lesing" på norsk, er ei grundig utforsking av ein kompleks tekst. Gjennom å arbeide med t...
Fagbøker fra Nasjonalt lesesenter
Er du på jakt etter forskningsbasert, relevant og oppdatert kunnskap om lesing og leseopplæring? Her er en oversikt over...
Norsklærere får større faglig trygghet med videreutdanning fra Lesesenteret
Tekstarbeid i norskfaget (norsk 2) er en samlingsbasert videreutdanning for lærere på ungdomstrinnet og i videregående s...
Blogg: Slik kan du bruke dataspill i skolen
Hvorfor trenger vi dataspill i skolen - og hvordan kan spill brukes på en didaktisk god måte? I tre blogginnlegg gir lær...
Lydbok som redskap for læring
Lydbøker kan være et nødvendig og verdifullt supplement til den tradisjonelle læreboka for elever som strever med lesing...
Hvordan påvirkes ungdom av media- og nettbruk?
Vi tror at ungdommer er eksperter på bruk av media, men gjelder det alle? Og hvordan påvirkes ungdom av nettbruken. Arti...
Kan høgtlesing gi motivasjon til nynorsk?
Kven har vel ikkje minne frå eigne skuledagar då læraren las spennande forteljingar høgt i klasserommet? Artikkelen refl...
Tekstarbeid i norskfaget (Norsk 2)
Deltidsstudiet tekstarbeid i norskfaget (Norsk 2) skal styrke lærernes norskfaglige kompetanse knyttet til lesing, skriv...
Å lese novella "En nesten pinlig affære" med bruk av lesestrategier
Kristine Skjæveland viser steg for steg hvordan en kan legge til rette for at elever som strever med å lese skal få utby...
Bok i bruk: Hvordan lese effektivt? (Det onde)
Lektor Kristine Skjæveland tar i dette undervisningsopplegget utgangspunkt i boken Det onde av Arne Berggren for å se næ...
Video: Tenkeskriving på yrkesfag
I mange av yrkesfagene forekommer det lite skriving. Filmen ”Tenkeskriving på yrkesfag” viser hvordan en kan bruke tenke...
Video: Fagskriving og respons i sosiologi
Å kunne et fag er å kunne uttrykke seg på fagets premisser, med fagets begreper og fagets egen uttrykksmåte. I filmen «F...
Drama-metodikk som arbeidsform
Einar Øklands epistel fra 1979, "Ny vurdering av bilbeltet," blir her lest og utforsket av en Vg3-klasse ved Sandnes vid...
Slik jobber du med videoretting
Se hvordan man ved hjelp av video kan gi tilbakemelding på prøver til elevene.
Video: Lesing er å skape engasjement
Lesing er ein samansett og kompleks prosess som i hovudsak handlar om å vera aktiv i høve til lesinga. I filmen ser me n...