Det helsevitskaplege fakultet ved UiS, SAFER – Stavanger Acute Medicine Foundation for Education and Research og Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) Rogaland arrangerte førre veke ein fagdag om simulering i HelseCampus Stavanger. Arrangementskomiteen er positive til meir samarbeid framover.
Simulering i samband med helsefaglege utdanningar refererer til bruk av ulike pedagogiske metodar som etterliknar verkelege kliniske situasjonar eller prosedyrar, slik at studentar og helsepersonell kan øva på ferdigheiter, ta avgjerder og motta tilbakemeldingar i eit kontrollert og trygt miljø, utan fare for pasienttryggleiken.
Thor Ole Gulsrud er prodekan for forsking og innovasjon ved Det helsevitskaplege fakultet (HV) ved UiS, og rosar samarbeidet med SAFER og USHT Rogaland både i samband med planlegging og gjennomføring av fagdagen. Han framhevar at det var ein ambisjon å setja saman eit program som favna både utdanning, forsking og klinisk praksis innanfor simulering, noko han òg meiner dei lukkast godt med. Alle involverte bidrog ifølgje prodekanen med å finna interessante og relevante tema.
Helsepersonellkommisjonen si rapport «Tid for handling» viser behovet for innovative løysingar i helsetenestene våre for å sikra ei berekraftig framtid. Eitt av tiltaka som blir føreslått, er ei større vektlegging av simulering i utdanningsprosessen. Ifølgje Gulsrud er vidareutvikling av simulering som læringsmetode i seg sjølv innovativt.
– Rapporten peikar faktisk på eit aukande gap mellom behov og ressursar framover. Då er det viktig at helsearbeidarar står i jobbane sine lengst mogleg. Bruk av simulering kan redusera det såkalla praksissjokket, og vi veit at systematisk bruk av simulering fører til redusert turnover i helsesektoren, seier prodekanen.
Ser klåre fordelar med simulering i utdanning
Det å kunna trene på krevjande scenarier i trygge omgjevnader gir ifølgje han auka meistringskjensle, noko som igjen kan gi auka trivsel, betre arbeidsmiljø og auka arbeidsglede. Tverrprofesjonell simulering fører til betre forståing for andre profesjonar og betre teamarbeid, som igjen kan føra til betre pasientsikkerheit. Gulsrud peikar vidare på at simulering er eit strategisk satsingsområde ved HV, og at fakultetet både er involvert i og leier fleire forskingsprosjekt med fokus på simulering.
Les også: Tverrfaglig simuleringsdag i sykepleielabene
– Mellom anna har vi eit prosjekt ved bachelor i paramedisin der studentar trenast i å fasilitere kvarandre i simuleringstreninga. Prosjektet har overføringsverdi til andre studieprogram, som til dømes bachelor i sjukepleie. Ved å bruka studentar som fasilitatorar tek ein ned ressursbruken i samband med simulering, noko som er særleg viktig i studieprogram med eit høgt tal studentar, understrekar Gulsrud.
Framover meiner han at HV må syta for at den utdanninga dei tilbyr studentane sine i størst mogleg grad svarar på behova i helsesektoren. Då er det viktig med eit tett, godt og forpliktande samarbeid mellom universitetet og klinisk praksis.
– Det kan vera at akademia i større grad enn no må vera i stand til å svara på eit utfordringsbilete i stadig endring. Vi må leggja betre til rette for livslang læring ved å utvikla emne og kurs som på relativt kort tid svarar på innmelde behov frå klinisk praksis, seier prodekanen.
Dette er i tråd med filosofien til ECIU University, der det skal tilbodast såkalla mikrokurs tilpassa faktiske samfunnsutfordringar. Han meiner vidare at næringslivet kan bidra i utviklinga av nyttige og brukarvennlege verktøy, slik som e-læringsverktøy og applikasjonar.
– HelseCampus Stavanger er ein ypperleg møtestad for næringsliv, akademia og helsesektoren. Her kan behova presenterast, og næringslivet kan bidra med løysingar i tett samarbeid med brukarane, fastslår Gulsrud.
Nøgd med samarbeidet
Hilde Hetland var SAFER sin representant i arrangementskomiteen. Ho er i tillegg til å arbeide ved SAFER òg tilsett i RegSim, som er ein regional koordinerande eining for simulering og ferdigheitstrening i Helse Vest, der ansvaret er delegert til Stavanger Universitetssjukehus (SUS).
– Eg meiner samarbeidet mellom SAFER, USHT og UiS gjekk svært bra i denne samanhengen. Det var nyttig at UiS var hovudarrangør og dermed hadde hovudansvaret for agendaen, seier Hetland.
I det praktiske hadde ho ansvar for å ordne foredragshaldarar frå SUS, medan Heidi Synnøve Isberg (USHT) koordinerte tilsvarande frå kommunen og Thor Ole Gulsrud (UiS) utførte tilsvarande innan utdanning og forsking. Med grunnlag i dette kjende Hetland at det var eit gjennomgåande tema under fagdagen, og har etterpå fått positive attendemeldingar om innhaldet og at alle samarbeidspartnerne vart presenterte på ein balansert og likeverdig måte.
– Eg tenkjer at dette kan vi gjerne gjere att, understrekar Hetland.
Nye utfordringar krev nyskapande løysingar
Har SAFER nokon spesifikke planar for å handsame nokre av dei føreslåtte tiltaka?
– SAFER driv mykje med innovasjon og utviklar nye kurs/arbeidsmåtar for å møte ulike behov for kunnskap og kompetanse i helsesektoren. Vi legg til rette for utdanningsløp, men har truleg størst fokus på livslang læring hos helsepersonell som arbeider på sjukehus, i kommunar og offshore. Jobbglidning er eit område SAFER kan hjelpe med utvikling av nye kurskonsept for òg å møte nye behov for opplæring, svarar Hetland.
Simulering er etter hennar meining eit omgrep for ulike pedagogiske metodar der aktiv læring med påfølgande refleksjon og diskusjon gir læring, vekst og auka kvalitet i helsevesenet. Dei har òg en del samarbeid med Laerdal Medical om nye nyskapande løysingar med fokus på digitalisering, klinisk data-driven trening og peer to peer-læring der studentar blir meir engasjerte i eiga læring.
– Gjennom SAFER-stiftinga har vi eit stort nettverk, og har difor høve til å halde oss oppdatert på både nyaste forsking og nye nyskapande løysingar, seier Hetland.
For at næringslivet, akademia og helsetenestene på best mogleg vis kan samarbeide for å sikre at simulering vert ein verdifull del av utdanningsprosessen meiner ho det er viktig at alle partar lyttar til kvarandre. SAFER ønskjer auka samarbeid med både UIS og næringslivsaktørar, der dei saman kan utvikle nye konsept og metodar for å møte framtidige helseutfordringar.
Kva kompetanseområde har helsetenestene behov for at studentane kan? Kan simulering brukast for å nå desse kompetansane? Er det noko næringslivet kan vere med på å utvikle slik at simulering lettare kan utførast? Dette er etter Hetland si meining sentrale spørsmål å stille seg gjennom prosessen. Ho er òg oppteken av å inkludere studentar på felles møteplassar der moglege idear blir diskuterte.
Imponert over både planlegginga og gjennomføringa
Heidi Synnøve Isberg er fagrådgjevar og prosjektleiar hos USHT Rogaland, og var òg deira representant i arrangementskomiteen. Ho synest det er svært gjevande at kommunane vart representerte gjennom USHT under fagdagen om simulering, og sette pris på å vere med på planlegginga og gjennomføringa.
– Både samarbeidet, arbeidsfordelinga og den administrative støtta fungerte godt. Vi gjer utruleg mykje spanande arbeid både hos UiS, SAFER, SUS og i kommunane. Eg har vore på mange tilsvarande arrangement med simulering som tema, men på denne vart det verkeleg løfta spesifikt fram kva vi gjer i vår eiga region. Ekstremt kjekt å få oversikt her og verkeleg få sjå heile breidda, seier Isberg.
Prosjektleiaren trur særleg simulering er ein viktig faktor innan livslang læring for å kunne tileigne oss kunnskap raskt sett i ljos av utfordringane som skisserast i Helsepersonellkommisjonen si rapport «Tid for handling». Det skjer snøgge endringar i strukturar, oppgaveendringar og kompetanse. Ho ser dermed på det å bruke simulering her for å tileigne oss kunnskap raskt som føremålstenleg.
USHT Rogaland har to pågåande prosjekt som spesifikt rettar seg mot dei føreslåtte tiltaka i «Tid for handling». Begge har til felles at dei er interkommunale. Det første omfattar kommunane Egersund, Sokndal og Hå, og handlar om struktur for korleis arbeide med opplæring innanfor klinisk observasjonskompetanse, der simulering blir brukt som metode for opplæringa. Det blir gjennomført ute hos tilsette i helsesektoren, som altså allereie er i arbeid. Dei har òg eit tilsvarande prosjekt for kommunane Stavanger, Sola og Sandnes. Overordna sett er målet med dei interkommunale prosjekta å utarbeide ein struktur for å betre kompetansen hos dei tilsette, samt korleis dei kan setje simuleringa inn i system og gjerast berekraftig.
Ynskjer meir simulering for studentar under praksis
Isberg er òg oppteken av samarbeid mellom næringslivet, akademia og helsetenestene for å sikre at simulering vert ein verdifull del av utdanningsprosessen. Ho ynskjer at dei tilsette i kommunehelsetenesta får samhandle med studentar medan sistnemnte er der i praksis for å trene på kommunikasjon og samhandling som dei møter ute i helsetenesta.
Les også: Trente på kommunikasjon i HelseCampus
– For å få inn meir simulering i sjukepleiarutdanninga ynskjer eg at vi frir til praksisfeltet for å få inn meir simulering her, noko eg ser på som ein vinn-vinn-situasjon for både kommunehelsetenesta og akademia, understrekar Isberg.
Tekst: Eigil Kloster Osmundsen
Aktuelt frå Det helsevitskaplege fakultet
Jan Magnus skal bli helsesykepleier
Jan Magnus Rykkvin (42) tar en mastergrad ved Universitetet i Stavanger. Han vil bli helsesykepleier.
Ny podkastserie skal styrke etisk refleksjon i jordmorutdanninga
Gjennom forskingsprosjektet Caring Futures har forskarar ved Universitetet i Stavanger og Stavanger universitetssjukehus...
Vi snakker sykepleie – på kafé
Fagterminologi og stammespråk kan være utfordrende for enhver sykepleierstudent. Samtidig kan misforståelser i relasjone...
Hvordan sikrer ledere i helsetjenesten sikkerheten for både ansatte og pasienter?
Malin Rosell Magerøy har forsket på hvordan ledere i kommunehelsetjenesten opplever ansvaret for både HMS for ansatte og...
Pleiepersonell sitt møte med døden i fleirkulturelle arbeidsfellesskap på sjukeheim
Anne Kristine Ådland har forska på korleis pleiepersonell i sjukeheim opplever og handterer møtet med døden. Studien kas...
Effektiv bruk av videokonsultasjoner krever økt trygghet blant helsepersonell
Joanna Barbara Baluszek har forsket på hvordan helsepersonells selvtillit påvirker deres bruk av videokonsultasjoner i s...
Utvikling av verktøy for ikkje-tekniske ferdigheiter for operasjonssjukepleiarar
Irene Sirevåg har forska på operasjonssjukepleiarars ikkje-tekniske ferdigheiter. Desse ferdigheitene er avgjerande for ...
Sensorteknologi, datafangst og kunstig intelligens for tidlig å oppdage forverret helsetilstand
Helseaktører i regionen og kunnskapsrike gjester fra både inn og utland belyste viktig tematikk på seminar i HelseCampus...
Helseministeren fikk presentert nye teknologiske løsninger
Under sin eldreturné besøkte helseminister Jan Christian Vestre HelseCampus Stavanger for å se hvordan nye teknologiske ...
Hvordan kan vi bedre pasientsikkerheten i luftambulansetjenesten?
Hva bør vi gjøre for å gjøre det tryggere for deg å være pasient, også på vei til sykehuset? I sin doktorgrad har Kriste...
Feiret fullført helsevitenskapelig mastergrad
Denne uken kunne masterstudentene ved Det helsevitenskapelige fakultet slippe jubelen løs. Etter innlevering av masterop...
Sjukepleiarar som realiserer seg, blir verande i jobben
Det er meldt om stor mangel på sjukepleiarar. Linda Horne Mæland har forska på norske helsesjukepleiarar for å forstå me...
Sykepleierstudenten Andreas drømmer om å bli redningsmann
Andreas Torjussen Osgjelten går tredje året på sykepleierutdanningen ved Universitetet i Stavanger. Han har drømt om å j...
Hvordan håndterte ledere i hjemmetjenesten pandemien?
En ny studie ved SHARE – Senter for kvalitet og sikkerhet i helsetjenesten har undersøkt helsepersonell sine erfaringer ...
Menn i sykepleien: - Det er ikke bare én fasit på hva god omsorg er
– Som menn kan vi ofte bidra på en annen, men like god måte i en krevende livssituasjon eller omsorgssituasjon, sier syk...
Tilsyn etter alvorlige hendelser på sykehus
En ny studie fra SHARE – Senter for kvalitet og sikkerhet i helsetjenesten har undersøkt hvordan tilsyn blitt gjennomfør...
Å skreddersy helsetjenester: Ungdom som deltakere i tjenesteutvikling av psykisk helsevern
Bekymringen for ungdommens psykiske helse er et globalt fenomen som skaper overskrifter, også utenfor Norges grenser. Fr...
Fremtidens sykepleier(utdanning) – en felles utfordring
Over 200 personer deltok på et arrangement arrangert av Det helsevitenskapelige fakultet ved UiS, der tematikken var hvo...
Sikkerhet for både ansatte og pasienter- hvordan håndterer ledere det?
En ny artikkel fra SHARE handler om hvordan virksomhetsledere i sykehjem opplever og håndterer å ha ansvar for ansattes ...