Jorunn Nærland Skjærpe har forska på korleis helsepersonell koordinerer tenester for personar med alvorlege psykiske lidingar. Resultata viser at betre samarbeid og koordinering mellom ulike tenester er avgjerande for å ivareta både psykisk, somatisk og sosial helse hos desse pasientane.
Ho disputerer for ph.d.-graden i helse og medisin ved Det helsevitskaplege fakultetet 6. februar 2025, der ho forsvarar avhandlinga: Koordinering av tjenester for personer med alvorlige psykiske lidelser: En kvalitativ studie med tjenestebrukere og helsepersonell.
Kva har du forska på?
I dette doktorgradsprosjektet har vi undersøkt korleis helsepersonell koordinerer tenester for å møte behova til personar med alvorlege psykiske lidingar som psykose, bipolar liding eller alvorleg depresjon. Denne gruppa opplever ofte vedvarande symptom, redusert funksjonsevne, somatiske helseproblem og ein høg dødelegheitsrate. Manglande samarbeid mellom helsepersonell kan vere ei viktig årsak til at ein ikkje får tilgang til heilskaplege og koordinerte tenester.
Resultata visar at helse blir påverka av ei kombinasjon av psykiske, fysiske og sosiale forhold. Det er avgjerande å tilby integrerte og persontilpassa helsetenester, samt tiltak som raskt kan setjast i verk ved forverring av psykisk helse. I tillegg spelar sosiale faktorar som meiningsfulle aktivitetar, sosialt nettverk, bustad og arbeid ei viktig rolle for helsa. For å sikre koordinert behandling er det viktig å etablere klare rutinar for samarbeid, ansvarsfordeling og kommunikasjon mellom kommune- og spesialisthelsetenester.
Les også: Personer med alvorlig psykisk sykdom lever ofte kortere enn andre (forskning.no)
Kva fann du ut?
Prosjektet består av tre delstudiar:
- Vi intervjua helsepersonell frå ulike kommunale helse- og omsorgstenester med fokus på tiltak som kan vere viktige når helsa til pasientane blir dårlegare.
- Vi intervjua òg personar med erfaring frå psykose for å få innsikt i korleis dei har opplevd koordineringa av tenestene, og kva faktorar dei opplever som avgjerande for helsa.
- Til slutt arrangerte vi seminar med både helsepersonell og tenestebrukarar, der vi diskuterte utfordringar knytt til samarbeid og utforska tiltak som kan betre koordineringa av tenester.
Kva kan forskingsfunna brukast til?
Funnene gir innsikt i tiltak som kan styrke koordineringa og samarbeidet mellom helsepersonell, og som kan betre tenestetilbodet for personar med psykiske lidingar. Forskinga legg vekt på å ta vare på både den psykiske, somatiske og sosiale helsa til denne pasientgruppa.
Jorunn Nærland Skjærpe er utdanna vernepleiar med mastergrad i helsevitenskap. Ho er tilsett som høgskulelektor ved VID vitskaplege høgskule, og har i tillegg ei helgestilling i heimesjukepleien. Ho har arbeidserfaring innan psykisk helsearbeid, både i kommune- og spesialisthelsetenesta.