Pleiepersonell sitt møte med døden i fleirkulturelle arbeidsfellesskap på sjukeheim

Anne Kristine Ådland har forska på korleis pleiepersonell i sjukeheim opplever og handterer møtet med døden. Studien kastar lys over utfordringar, meistringsstrategiar og behovet for refleksjon i møte med døden som ein del av kvardagen i eit fleirkulturelt arbeidsmiljø.

Publisert Sist oppdatert
Portrett av Anne Kristine Ådland
Anne Kristine Ådland har vore stipendiat ved Det helsevitskaplege fakultet ved UiS. (Foto: privat)

Ho disputerer for ph.d.-graden i helse og medisin ved Det helsevitskaplege fakultetet 15. november 2024, der ho forsvarar avhandlinga: Tett på døden. En etnografisk studie av hvordan pleiepersonell i flerkulturelle arbeidsfellesskap i sykehjem opplever og håndterer møtet med døden.

Kva har du forska på?

Døden er ein del av kvardagen for pleiepersonell ved norske sjukeheimar, då om lag halvparten av alle dødsfall i Noreg skjer der. Dette inneber at pleiarane må forhalde seg til døden som ein naturleg del av arbeidet sitt. Korleis dei opplever og handterer dette, kan ha stor betydning for kvaliteten på omsorga som blir gitt til bebuarar i livets sluttfase og deira pårørande, samt for pleiarane sitt eige velvære.

Med auka globalisering og migrasjon, samt behovet for arbeidskraft i den norske velferdsstaten, har norske sjukeheimar blitt stadig meir fleirkulturelle. Det finst likevel avgrensa kunnskap om korleis pleiepersonell i slike fleirkulturelle arbeidsfellesskap opplever og handterer møtet med døden på jobb. Målet med denne studien var å auke forståinga og utvide kunnskapen om korleis pleiepersonell i fleirkulturelle arbeidsfellesskap på sjukeheim møter og handterer døden som ein del av arbeidskvardagen sin.

Kva fann du ut?

Studien viser at pleiepersonell på sjukeheim kan oppleve det som vanskeleg og utfordrande, og kjenne seg usikre når dei står overfor døden. Samtidig kan omsorgsarbeidet òg gi ei djup kjensle av meining og tilfredsheit.

Funna viser at pleiarane kunne kjenne på frykt og ubehag når dei stelte den døde kroppen og transporterte den avdøde til kjølerommet. Samtidig ga det å vise omsorg og respekt gjennom dei siste rituala pleiarane ei kjensle av å bidra til ei verdig avslutning.

Dei personlege banda pleiarane utvikla med enkelte bebuarar vekka sterke kjensler. Pleiarane sette stor pris på desse nære og gjensidige relasjonane, samtidig som dei streva med å finne meining i bebuarane sin død. Dei ønskte å gjere godt og vere noko positivt for bebuarane, og dei ga mykje av seg sjølve. Samtidig kjende dei på eit stort ansvar for omsorga i bebuarane si siste tid, noko som skapte uro for ikkje å strekkje til eller gjere noko feil. Pleiarane sleit med å balansere det å vere personleg og profesjonell i desse relasjonane med bebuarane.

Vidare blei det tydeleg at det aukande effektivitetspresset i sjukeheim, der fleire oppgåver skal utførast av færre pleiarar, bidrog til ei kjensle av å ikkje gjere ein god nok jobb i omsorga for bebuarane. Funna viser at pleiarar med innvandrarbakgrunn ofte blei sett på som eit problem i ein travel og stressande arbeidskvardag. For å unngå å bli stigmatisert som eit “innvandrarproblem” på jobben, brukte pleiarar med minoritetsbakgrunn ulike strategiar. Både majoritets- og minoritetsnorske pleiarar viste diskriminering og rasisme mot kollegaer med minoritetsbakgrunn.

Eit felles trekk i funna er at pleiarane ikkje snakka saman om personlege opplevingar og eksistensielle erfaringar knytt til omsorg for bebuarar i livets siste fase og møtet med deira død. Dei delte heller ikkje sine tankar og kjensler om det kulturelle mangfaldet på jobb. Det var ikkje organisert systematisk refleksjon og rettleiing på sjukeheimane der pleiarane kunne omarbeida eigne erfaringar og kjensler knytte til døden og det fleirkulturelle arbeidsfellesskapet.

Studien konkluderer med at sjukeheimar bør legge til rette for systematisk refleksjon og rettleiing for å gi pleiarane moglegheit til å omarbeida kjensler og opplevingar, og unngå belastningar som kan påverke deira trivsel og evne til å gi god omsorg. Dette kan føre til betre omsorg ved livets slutt og eit betre arbeidsmiljø.

Kva kan forskingsfunna brukast til?

Studien utforskar ein viktig, men ofte oversett dimensjon av omsorg ved livets slutt på sjukeheim. Ho fokuserer på kvifor det oppstår stillheit i arbeidsfellesskapet og vektlegg kjensler. Ein sentral implikasjon er behovet for auka kommunikasjon og refleksjon rundt døden og kulturelt mangfald i arbeidsfellesskapet. Pleiarar bør få moglegheit til å omarbeida kjensler og opplevingar knytte til døden, og det er viktig å etablere ein kultur der dei kan kommunisere opent om eksistensielle og emosjonelle erfaringar. Utan dette kan pleiarane oppleve belastningar som påverkar deira trivsel og omsorgsevne.

Det er viktig å setje i gang tiltak på organisasjonsnivå for å støtte pleiepersonell i å handtere desse utfordringane. Dette er avgjerande for å rekruttere og behalde pleiepersonell i omsorgssektoren, og for å sikre god omsorg for bebuarane. Sjukeheimar og leiinga må anerkjenne betydninga av systematisk refleksjon og rettleiing for pleiarane sitt velvære og omsorgsevne. Ved å tilby ressursar for refleksjon kan sjukeheimen støtte pleiarane i å handtere utfordringar knytte til døden og det fleirkulturelle arbeidsmiljøet, noko som kan betre omsorga ved livets slutt og styrkje arbeidsmiljøet. Implementering av refleksjon og rettleiing krev politiske tiltak og retningslinjer for å sikre tilstrekkelege ressursar og kompetanse.

Studien har òg implikasjonar for utdanning og kompetanseutvikling av helsepersonell, med fokus på kjenslenes betydning for profesjonelt omsorgsarbeid. Funna kan vere relevante for heile helsetenesta, og vidare forsking kan bidra til å forbetre omsorgskvaliteten og trivselen for både pasientar, pårørande og helsepersonell.

Avhandlinga er ein del av forskingsprosjektet «Det mangekulturelle stabsfellesskap i sykehjem: muligheter og utfordringer» (MULTICARE). MULTICARE blei finansiert av Norges forskingsråd gjennom programmet HelseVel, og pågjekk mellom 2016 og 2020.

Om kandidaten

Anne Kristine Ådland er utdanna sjukepleiar og har vidareutdanning i kreftsjukepleie og leiing, samt ein master i helsevitenskap. Ho har jobba i kommunehelsetenesta i 16 år som fagansvarleg sjukepleiar og avdelingsleiar i helse- og omsorgstenesta i Karmøy og Haugesund kommune. I tillegg har ho over 10 års erfaring som fagkonsulent ved Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) i Helse Fonna-kommunane, der ho blant anna har jobba med å styrke kompetansen blant tilsette innan palliasjon og etisk refleksjon. No jobbar ho som høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet.