Institutt for medie- og samfunnsfag (IMS) tilbyr utdanningar innan, og forskar på, media, sosiologi og statsvitskap samt endringsleiing og energi, miljø og samfunn.
12
900
Om instituttet
Verda og det norske samfunn står overfor store utfordringar. I ei verd prega av sosial ulikskap, globalisering og digitalisering, energi- og miljøutfordringar og krisar, er vi avhengige av oppdatert kunnskap om korleis samfunnet organiserast, i eit historisk perspektiv og i dag. Vi treng også kunnskap om korleis det betre kan organiserast i framtida, slik at vi kan bidra til å løyse ulike samfunnsutfordringar.
Verda og samfunnet vi er ein del av, er komplisert. Det står aldri stille og utviklar seg stadig, både nasjonalt og internasjonalt. Derfor treng vi samfunnsvitarar med forståing for dei politiske og sosiale prosessane som finst innan eit samfunn, og kunnskap om berekraft, maktstrukturar og ansvarleg leiarskap. Vi treng også dyktige journalistar, medieprodusentar og dokumentaristar som kan formidle det som skjer i samfunnet, på profesjonelt vis. Det er slik kunnskap vi på Institutt for medie- og samfunnsfag (IMS) utrustar studentane våre med før vi sender dei ut i verda, klare for å bidra til samfunnet og samfunnsdebatten.
Instituttet tilbyr års-, bachelor- og mastergradsstudium, som alle som gjev eit godt grunnlag for å forstå og kunne påverke samfunnet vi er ein del av. Dersom du ønskjer å forsetja etter masternivå, kan du søke opptak på eit av doktorgradsprogramma ved Det samfunnsvitskaplege fakultet.
Ved IMS er det kring 60 vitskaplege tilsette med høg fagleg kompetanse. Dei underviser til saman rundt 900 studentar.
Kontakt oss:
Dei tilsette ved instituttet held til i 3. etasje i Elise Ottesen-Jensens hus. Instituttleiar er Oluf Langhelle, og kontorsjef er Anne Helliesen.
Nyheiter frå instituttet
- Det viktigste jeg har lært er å holde hodet kaldt
Denne uken ble den årlige kriseøvelsen på journalistikkstudiet gjennomført. Studentene dekket et case om grov vold blant...
Rogaland i miniatyr – et prosjekt i utvikling
Totalt 18 tredjeårsstudenter på journalistikk og fjernsyns-og multimedieproduksjon deltok på prosjektet Rogaland i minia...
Nils Klim-prisen til energiorientert samfunnsgeograf
UiS-professor Siddharth Sareen forsker for å skape en mer rettferdig omstilling lokalt og globalt. Nå får han pris for f...
Lykketreff - et møte mellom studenter og virksomheter
Masterstudentene på Institutt for medie- og samfunnsfag har mulighet til å ha et praksisopphold gjennom et valgemne. Den...
Mediestudentene driver en av Rogalands største nyhetsredaksjoner
I to uker skal journalistikk- og fjernsyns- og multimedieproduksjonsstudentene drifte redaksjonen Utsnitt, hvor de prod...
Kaleidoskop - en festival fra Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Kaleidoskop setter fokus på viktige hendelser, livsendringer og kritiske perspektiver. Ved å presentere ulike synsvinkle...
Åtte millioner til forskningsprosjekt om populisme i Norden
I februar utlyste Forskningsrådet midler til forskerprosjekt for unge talenter. Den øverste støttegrensen var på åtte mi...
En regnbuefamilies reise fortelles på film
Ines’ største ønske om å bli mor ble en virkelighet da hun traff Mio og ektemannen hans Magnus. UiS-student Mathias Oppe...
Maja gir deg lokale nyheter i hele sommer
For morgenfuglen Maja passer det perfekt å tilbringe sommeren på jobb som journalist for NRK Rogaland.
Kombinerte kommunikasjonsstudiar med kommunikasjonsjobb
Are Braaten tok årsstudiet i kommunikasjon ved sidan av jobb. Han fortel om eit studium som har gitt han fagleg tyngde o...
Flere publiseringspoeng til samfunnsvitenskapelige forskere
På fem år har antall publiseringspoeng oppnådd av samfunnsvitenskapelig forskning ved UiS, mer enn doblet seg.
Student på dokumentarproduksjon: – Lærer å fortelle ekte historier på gode måter
Da Eli Nessa fant masterstudiet i dokumentarproduksjon, fikk hun en følelse av at studiet var skapt spesielt for henne.
Siddharth Sareen mottar nasjonal pris
Professor Siddharth Sareen tildeles en pris for fremragende forskning innen miljø- og utviklingsstudier, politisk økolog...
Endringsledelsesstudent Sunniva vil jobbe med å endre og utvikle organisasjoner
Noe av det Sunniva Tighe liker aller best med masterstudiet, er mangfoldet blant studentene i klassen. Der studerer syke...
Kvinnelige stortingspolitikere får betydelig mindre medieomtale enn sine mannlige kolleger
Selv om antall kvinnelige stortingsrepresentanter i Norge øker, er kjønnsbalansen i politiske nyheter fortsatt svært uje...
Tatt opp i Akademiet for yngre forskere
Professor Alexander Rothkopf og førsteamanuensis Dian Liu ble nylig del av et eksklusivt selskap. Som to av 11, er de ny...
Nytt masterprogram om teknologi og det digitale samfunn
Universitetet i Stavanger utvider studietilbudet med den internasjonale mastergraden Digital Society and Societal Transf...
Skal jobbe for et grønt og inspirerende Stavanger
Pedersgata og Åsen skal videreutvikles ved hjelp av innbyggernes egne ønsker.
Falskt drap og ekte følelser
Drapet studentene skulle dekke, var fiktivt, men øvelsen føltes reell. Det forteller studenter som deltok på journalisti...
Studietilbod
Institutt for medie- og samfunnsfag (IMS) tilbyr fleire samfunnsvitskaplege utdanningar som gir deg kunnskap om det samansette samfunnet vi lever i.
Med ei samfunnsvitskapleg grad i bagasjen er du godt rusta til å tenkje kritisk kring problemstillingar på mellommenneskeleg, institusjonelt og samfunnsmessig nivå. Dei ulike studia innan media lærer deg i tillegg korleis du avdekkjer kritikkverdige forhold og kva metodar du kan bruke for samle inn og formidle informasjon som opplyser og engasjerer folk.
Som samfunnsvetar får du brei kunnskap om samfunnsvitskaplege tema som kan brukast i mange jobbar i fleire felt. Innan dei ulike studia kan du også ta val som styrer karrieremoglegheita dine i retning av dine eigne interesser.
Tidlegare studentar har blant anna fått jobb innan organisasjonsutvikling, leiing, politikk, forvaltning, konsulent- og mediebransjen.
Dette kan du studere ved IMS:
- Kommunikasjon (årsstudium)
- Sosiologi (årsstudium)
- Statsvitenskap (årsstudium)
- Sosiologi (bachelorstudium)
- Statsvitskap (bachelorstudium)
- Film- og TV-produksjon (bachelorstudium)
- Journalistikk (bachelorstudium)
- Endringsleiing (masterstudium)
- Bærekraftstudier (masterstudium)
- Dokumentarproduksjon (masterstudium)
- Digital Society and Societal Transformations (masterstudium)
Forsking
Kunnskap om ulike prosessar i samfunnet er essensielt for at samfunnet skal bevege seg i riktig retning. Kjernen i forskinga ved IMS er å forstå desse prosessane og å bidra med kunnskap om kva som må til for å løyse samfunnsutfordringane vi står overfor.
Forskarane på IMS dykkar ned i samfunnsnyttige problemstillingar knytt til sentrale utfordringar i det moderne samfunn, og dei bidrar med kritiske blikk og ny kunnskap som nyttar samfunnets utvikling. Forskinga ved IMS retter seg mot sentrale utfordringar som kan speglast av i FNs berekraftsmål.
Korleis påverkar for eksempel den digitale omveltinga samfunnet, både sosialt og politisk? Spilte det ei rolle om du er mann eller kvinne for korleis du oppfatta og reagerte på informasjonen frå myndigheitene under COVID-19-pandemien? Kva kan en gjere med klimautfordringane? Korleis kan vi bidra til å utvikle samfunnet i en meir berekraftig retning?
Instituttet har ekspertise på internasjonalt nivå innan ulike fagfelt, og forskarane ved IMS samarbeider med andre forskarar og aktørar, lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Digitale infrastrukturar i Noreg
Prosjektet skal undersøke korleis den digitale infrastrukturen i Noreg legg til rette for ei open og inkluderande offentlegheit.
Prosjektet vil kartlegge den digitale infrastrukturen i Noreg. Målet er å styrke den norske mediereguleringa til fordel for eit ope og inkluderande ordskifte.
Infrastrukturen for media, demokrati og offentleg forvaltning er i aukande grad avhengig av ein digital infrastruktur som blir dominert av internasjonale, private aktørar. Mykje av denne infrastrukturen er skjult, dominert av big data-logikkar og kommersielt motivert.
Prosjektet vil kartlegge kva aktørar, interesser og verdiar som påverkar dette systemet, i tett samarbeid med bransje og styresmakter.
Prosjektet skal resultere i konkrete tilrådingar for å sikre infrastrukturkravet i §100, paragrafen om ytringsfridom og på den måten vere med å styrke FN sitt berekraftmål 16 om fred, rettferd og velfungerande institusjonar.
Les om prosjektet Digitale infrastrukturar i Noreg.
Det skandinaviske medielandskapet endrar seg
Digitaliseringa av samfunnet og folks mediekvardag går gjennom store endringar. Korleis påverkar det medielandskapet i Skandinavia?
Medias forretningsmodeller blir utfordra av sosiale medium som Google og Facebook, statlege reguleringar og støtteordningar kjem under press, og eigarskapet blir konsentrert.
Særleg er skandinaviske lokalaviser utsett for eigarskapkonsentrasjon fordi kostnader forbunde med programmatisk reklame og algoritmisk nyheitsproduksjon aukar presset på nyhetsmedia.
Forskingsprosjektet undersøker korleis digitaliseringa påverkar det særegne med den skandinaviske mediemodellen – balansen mellom statleg og privat eigarskap, medieregulering, lokalavisstrukturen og allmennkringkastinga sin posisjon.
Les meir her: Det skandinaviske medielandskapet endrer seg.
Er populisme ei nødvendig utfordring for demokratiet?
Forskargruppa ønsker å forstå korleis sosio-politiske praksisar og prosessar fungerar i samspill og endrast.
Dei siste tiåra har vi sett ei spreiing av anti-vitskapleg retorikk, motstand mot feminisme og rettigheitar for LHBTIQ og andre minoritetar, anti-vaksinasjonskampanjar, klimafornekting, anti-globalisering og andre ytringar knytt til ‘populisme’ som politisk praksis. Men kva er eigentleg populisme og kva betyr den populistiske utfordringa for demokratiet? Forskargruppa "Populism, anti-gender and democracy" samlar forskarar på tvers av fagområde for å drøfte og studera både høgre- og venstrepopulisme, samt anti-populisme. Kva påverknad og konsekvensar har dette fenomenet for demokratiet?
Forskargruppa arrangerer digitale seminar, "Fringe Talks", der forskarar frå norske og internasjonale forskingsmiljø inviterast til foredrag og diskusjonar med bakgrunn i nyare og pågåande forsking.
Leiar for gruppa er Hande Eslen-Ziya. Du kan lesa meir om forskargruppa på sida deira: Er populisme ei nødvendig utfordring for demokratiet?
Betre risikokommunikasjon under pandemiar
Forskingsprosjektet PAN-FIGHT studerer risiko-kommunikasjon i pandemiar. Sentrale tema er bodskap, oppfølging og sårbarheit knytt til utbrotet av COVID-19.
Formålet med PAN-FIGHT er å undersøka moglege samanhengar mellom risikokommunikasjon og individuell sårbarheit i samband med utbrotet av COVID-19.
Vi skal kartlegga kommunikasjonsstrategiane til styresmaktene i Noreg, Tyskland, Sverige, Sveits og Storbritannia. Vidare skal vi undersøka korleis ulike befolkningsgrupper i desse landa endra dei daglege rutinane sine ut frå denne kommunikasjonen.
Forutan nasjonalitet, vil vi prøva å fastslå tydinga av kjønn og andre faktorar som alder, inntekt, kulturell bakgrunn, familiesamansetning og/eller bustad i forhold til korleis den enkelte har oppfatta og etterlevd retningslinjer for smitteverntiltak.
Prosjektleiar er Kristin S. Scharffscher.
Prosjektet består av fem separate, men samankopla arbeidspakkar. Hande Eslen-Ziya ved IMS leiar den eine arbeidspakken som skal sjå nærare på tydinga av kjønn.
Les meir om prosjektet her: Bedre risikokommunikasjon under pandemier
Forsk i vei
Prosjektet koplar saman studentar og viktige aktørar knytt til nye E39 mellom Lyngdal og Ålgård. Dette skal gi studentar moglegheit til å finna gode studentoppgåver, og bidra til nettverksbygging.
"Forsk i vei" er eit forskerinitiert, tverrfagleg samarbeid mellom studiane i samfunnstryggleik, endringsleiing, reiseliv, journalistikk, fjernsyns- og multimedieproduksjon og byplanlegging ved Universitetet i Stavanger.
Prosjektet koplar studentane saman med relevante informantar til forskingsoppgåva dei vil skriva om tema knytt til nye E39 mellom Lyngdal og Ålgård. Det kan vera både bachelor- og masteroppgåver. Målet er at studentane skal få ein kickstart på oppgåva si, og samtidig bli kjent med viktige personar i sektoren dei vil jobba i etter end utdanning.
Varigheita for prosjektet er frå 2020 til 2022. Leiar for prosjektet er Kristiane Marie Fjær Lindland.
Grøn politikk-simulering som læringsverktøy
Prosjektet “the Geopolitics of Renewables Simulation” gir studentar moglegheit til å delta i sanntids-simulerte forhandlingar om internasjonal energi- og klimapolitikk.
– Målet med simuleringa er å einast om kva som kan hjelpe til med å unngå klimaendringar, seier lektor Thomas Michael Sattich, som også er prosjektleiar.
Prosjektet starta i mars 2021 og varar i kring to år. Det er eit samarbeid mellom Ghent University, Delft University of Technology, Technische Universität München og Universitet i Stavanger. Prosjektet fekk 259 183 euro, nærare 2,7 millioner kroner i støtte frå Strategiske partnarskap. Pengane vil gå til utviklinga av simuleringa. 120 studentar frå noverande kurs på UiS og partnarskapsuniversiteta vil kunne bidra i utviklingsprosessen.
Les meir om prosjektet her: Grøn politikk-simulering som læringsverktøy.
Instituttleiinga
Institutt for medie- og samfunnsfag
Fakultetsadministrasjonen SV
Administrasjon IMS