Tidleg innsats er å tenne gneisten hos alle barna – der dei er i si språkutvikling. På den måten sikrer vi eit språkleg utbytte for alle, skriv Lesepris-vinnar Hilde Briksdal i Loen Barnehage.
Av Hilde Briksdal, Loen barnehage. Vinner av Leseprisen 2015.
Då Loen barnehage sette i gang sitt prosjekt med bøker, lesing og det å gjere boka levande i barnehagekvardagen, var det med tanke på å skape eit godt språkmiljø for alle barna. I Loen deler vi syn med «øvste hald», som seier:
«Å støtte barns utvikling av språk er en av barnehagens kjerneoppgaver. Regjeringen har derfor vært opptatt av at alle barn i barnehagen skal oppleve et rikt språkmiljø som gir støtte til utviklingen av språk og kommunikasjonsevne i vid forstand» (Meld. St. 24 2012–2013, s. 80).
På veggen over alle utlånsbøkene i barnehagen vår heng det ein fin plakat, ein tydeleg beskjed til personale og foreldre: «Ikke vent til barna har et språk før du begynner å lese for dem – les for dem – slik at de får et godt språk!» (Lesesenteret 2014).
Bøker er tilpassa barn i ulik alder, og alt ligg såleis til rette for å kunne ta i bruk bøkene tidleg. Det er vanleg å klassifisere litteratur for barnehagebarn i kategoriane peikebøker, biletbøker, tekstbøker og faktabøker. Desse kan knytast til alderen på barna, men det vert meir riktig å seie at dei kan knytast til utviklinga og leseerfaringa til barna.
Eit prosjekt i barnehagen knytt til lesing kan slik gjerne omfatte alle barna, frå yngst til størst og på heile huset samla, slik vi gjorde det i Loen barnehage då vi valde å levandegjere bokserien om Pulverheksa av Ingunn Aamodt.
Varierte arbeidsmåtar og inkluderande aktivitetar
Å variere arbeidsmåtane såg vi var viktig dersom vi skulle treffe alle barna. Ulike barn responderte på ulike tiltak. Nokre likte best å bli lest for i mindre grupper eller åleine med ein vaksen, andre barn vart vekte når ein les på storskjerm i fellessamling, der dei forsvann inn i handlinga og såg på oss med eit spørjande blikk når boka var ferdig: «Les ei til då, vær så snill!?» Andre att lét seg rive med av rim og regler, songar, historiedikting og språkleikar.
Det vi såg som hadde største effekten på barna sin eigen bruk av språket, var det å gjere boka levande. Pulverheksa sjølv dukka opp i ny og ne, og barna fekk høve til å leike ut innhaldet i bøkene på eit eige Pulverhekserom. Det å organisere ulike opplegg der ein levde ut innhaldet i bøkene, førte barna endå meir inn i denne hekseverda.
Vi jobba med å bygge opp forventningar på førehand ved å snakke om ei bok før vi las ho. Så jobba vi vidare med ho gjennom aktivitetar, for eksempel heksebesøk, Grønskollingdag, heksekarneval, musikal/Pulverteater og heksejakt i skogen. Alle desse tiltaka førte til at barna vart ivrige etter alt som hadde med heksa å gjere. Eit ivrig barn er som oftast eit forteljande barn, og då er språkmotoren i gang. Slik såg vi at dette var ein fin måte å skape eit «språkleg badeland» i barnehagen på.
Lesing og bruk av bøker er ein svært god måte å stimulere språket på. Solstad (2008) seier at når ein les for barn, arbeider ein i retning av å gjere barna lese- og skrivekunnige ein dag i framtida. Høgtlesing for barna i barnehagen førebur dei til den seinare reint tekniske delen av lese- og skriveopplæringa som skjer i skulen. Vi skal ikkje lære barna å lese og skrive i barnehagen, men arbeidet med tekst vil føre barna inn i ulike sider ved språket.
Alle barn har ein gneiste i seg – det einaste vi treng å gjere, er å tenne han …
Vi observerte også etter kvart som arbeidet skreid fram, at vi tente gneistar hjå barn som kanskje trong dette meir enn andre. Nokså tidleg såg vi at enkelte barn vart «hekta» på heksa, og vi valde å fylgje eitt av desse når vi skulle dokumentere effekten dette arbeidet kunne ha på enkeltbarn. Dette barnet var vesle Frøken «Sound of silence», 4 år. Ei jente som til vanleg var av det meir stille slaget, som tok heilt av og utvikla «munndiaré» både i barnehagen og heime når det kom til Pulverheksa. Vi såg fleire slike barn, og det var så kjekt å sjå denne effekten, det tykte også foreldra til jenta:
«Jenta vår snakkar altså så mykje om Pulverheksa heime, det er kvar einaste kveld når ho legg seg, når vi er på biltur eller når vi leikar heime. Overalt ser ho ting som har med heksa å gjere. Eg lånte med meg heim ei bok om heksa, og jenta masa heile kvelden, med stjerner i auga: Skal vi lese boka no snart? Skal eg legge meg no snart, mamma? Framleis etter 8 månader må eg synge Pulverheksa-songen omtrent kvar einaste kveld ved leggetid. Det er nesten så eg vert redd for den dagen det går opp for ho at Pulverheksa ikkje finst på ordentleg, akkurat som med ungar og nissen, sant?! Hugsar særleg den dagen ho vart ropt fram i samlinga av sjølvaste Pulverheksa, som løfta ho opp på kosten og fauk ein runde med ho. Ho var stor i auga etterpå og spurte meg: ’Mamma, flydde eg heilt på ordntleg?’ J» (Sitat frå «ei glad mor»)
Det viktigaste lesing og bruk av bøker utviklar hjå barn, er at barna får erfaringar med eit dekontekstualisert språk (Solstad 2008). Det kan ofte vere vanskeleg å forstå eit barn som snakkar om noko som har hendt eller som skal hende. Barnet får gjennom samspel med andre utvikla ord og omgrepsforråd, og etter kvart utviklar barnet evna til å føre samtaler også i fortid og framtid.
Lesing hjelper barnet til å kunne ta omsyn til den det snakkar saman med, mottakaren, og fylle ut dei hola som trengst for at andre skal forstå det som vert sagt. Barnet klarar å få språket til å «stå på egne bein». Dette handlar om at barnet får evne til å desentrere, og denne evna vert styrka gjennom lesing fordi tekstar gjerne har eit meir formelt språk.
Ei anna gruppe av barn som hadde særlege fordelar av dette opplegget, var dei tospråklege barna. Barn som var i startgropa på det å tileigne seg eit nytt språk, og som naturleg nok gjerne kunne kome til kort når det kom til det å skulle leike på eit anna språk enn morsmålet.
Det å føre barna inn i bokverda og hente bokverda ut til miljøet i barnehagen gjorde at alle barna fekk eit felles språk. Dei kunne innhaldet i bøkene, dei kunne namnet på alle aktørane der, og dette gav eit grunnlag å leike ut frå, uavhengig av morsmål. Dette var ei leikeverd dei kjende, gneisten var tend, så her var det berre å hive seg uti.
Skal ein jobbe med barn, utvikling og læring i tidlege barneår, finst det nok ingen betre veg å gå enn gjennom leiken. Ifylgje Høigård (2006) vil boklesing og leik utvide erfaringa til barnet. Gjennom å lytte og leve seg inn i teksten kan barn få utvide si omgrepsforståing og skaffe seg nye omgrep. Gjennom lesing øver vi opp barna si evne til å fantasere. På mange måtar kan ein seie at bøker og lesing er mat for leiken …
Å tenne gneisten hjå alle barna bidreg til å sikre eit språkleg utbytte – for alle – der dei er i si språkutvikling. Dette kallar vi for tidleg innsats!
Litteratur:
Briksdal, H. (2014). Når boka vert levande i barnehagekvardagen. Loen barnehage: Prosjektrapport frå utviklingsarbeid.
Høigård, A. (2006). Barns språkutvikling. Oslo: Universitetsforlaget.
Kunnskapsdepartementet. (2013). Framtidens barnehage (Meld. St. 24 2012–2013) Oslo: Kunnskapsdepartementet.
Solstad, T. (2008) Les mer! Utvikling av lesekompetanse i barnehagen. Oslo: Universitetsforlaget.
Les meir om språkarbeid i barnehagen:
Sprell: Det digitale biblioteket
I denne fagfilmen kan du lære mer om hvordan du kan bruke digitale bildebøker i barnehagen.
Sprell: Digitalt barnebokbibliotek på arabisk
Her finner du sju barnebøker på arabisk. Du kan velge å lytte til bøkene eller lese dem digitalt.
Sprell: Digitalt barnebokbibliotek på litauisk
Her finner du sju barnebøker på litauisk. Du kan velge å lytte til bøkene eller lese dem digitalt.
Sprell: Digitalt barnebokbibliotek på norsk
Her finn du sju barnebøker på norsk. Du kan velga å lytta til bøkene eller lesa dei digitalt.
Å oppdage at barnehagebarn strever med språket, er ikke nok for å sikre dem god hjelp
Mange barn som strever med språket, blir oppdaget i barnehagen. Men for at disse barna skal få riktig hjelp, må kartlegg...
Leik og lesing som satsing i barnehagen
Gjesdal kommune sette seg som mål å ha meir fokus på lesing og språkopplæring i kommunen sine barnehagar. Dette starta s...
En av tre foreldre oppgir at de leser ingen eller få bøker for barna sine
Høytlesing ser ikke ut til å være en så stor del av barndommen for alle norske barn som både forskere og mange foreldre ...
Spesialpedagogikk i barnehagen
Videreutdanningen Spesialpedagogikk i barnehagen gir barnehagelærere en helhetlig tilnærming til spesialpedagogikk. På d...
Sprell: Samtalebaserte lesepraksiser
I Sprell samarbeider forskere med barnehagelærere og foreldre om å utvikle flerspråklige digitale bildebøker for barn.
Da bøkene var «overalt», våknet barnas interesse for lesing
Praksisfortelling: I barnehagen var bøkene plassert i en egen lesekrok, og det var ganske sjelden at barna ba om å bli l...
Slik ble stellesituasjonen en språkarena i barnehagen
PRAKSISFORTELLING: Stellesituasjonen i barnehagen var typisk et sted der de ansatte kommuniserte med hverandre mens de f...
Bokstavkjennskap, bokstavnavn og bokstavlyd
I barnehagen skal barna "utforske og gjøre seg erfaringer med ulike skriftuttrykk, som lekeskrift, tegning og bokstaver"...
Skap forventning og engasjement rundt lesinga
På glimrande vis skapar pedagogisk leiar Ingunn i Haugland Gardsbarnehage forventning og engasjement til tekstane i ”Bok...
Bokstavsommaren
I rammeplanen står det at ungar i barnehagen skal verta kjende med bokstavane, men mykje av ressursane og småbøkene bygg...
Suksess for SPrELL-prosjektet i Forskingsrådet
Forskingsprosjektet SPrELL ved Lesesenteret, UiS, har blitt tildelt 15 millionar kroner frå Forskingsrådets satsing på å...
Blogg: Skolestart: Se til barnehagene!
Barnehagene har lenge sett til skolen når de forbereder femåringene til skolestart. Vår oppfordring er at skolen også re...
"Mine to oldemødre" av Lisa Aisato
Boken kan brukes til å snakke om flere emner, den er mangfoldig og rik på de gode og store følelsene. I Fantoft Gård bar...
"Timothy mister seg sjølv" av Vegard Markhus
"Timothy mister seg sjølv" er engasjerande, morosam og rar.