UiS har eit breitt samansatt tilbod med vidareutdanningar for deg som jobbar i barnehagen, enten du er pedagog eller leiar. Alle vidareutdanningane våre er tilrettelagd for deg som allereie er i jobb, og vil ha ny, forskingsbasert kunnskap om relevante tema for kvardagen i barnehagen.
Alle vidareutdanningane er anten samlingsbaserte eller digitale. (Foto: Elisabeth Tønnessen/ Læringsmiljøsenteret, UiS)
Emne
Ønskjer du å lære meir om korleis du kan skape magiske øyeblikk i barnehagen?
Denne samlingsbaserte vidareutdanninga vil gje deg praksisnær, profesjonsretta og forskingsbasert kompetanse i fagområdet kunst, kultur og kreativitet, med særleg vekt på musikk og dans i barnehagens praksis. Varierte undervisningsmetodar skal gi deg brei erfaring med kreative og skapande prosessar for og med barn.
Korleis skape ein barnehage kor alle kjenner seg ivaretatt? Korleis utøver du rolla som barnehagelærer eller -styrer i eit samfunn prega av migrasjon? Dette studiet vil gi deg kompetanse og forståing i å leie og støtte prosessar som skaper ei kjensle av å høyre saman, hos barn, foresatte og ansatte.
Studiet er for deg som jobbar i barnehage og ønskjer å bli betre til å handtere mobbeproblematikk i praksis.
Studiet gir grunnleggjande kunnskap og forståing om mobbing slik at du blir betre rusta til å følgje opp kapittel 8 i barnehagelova. Dette ved å setje i verk forskingsbaserte metodar for å: førebyggje, avdekkje og stoppe mobbing, i tillegg til å følgje opp i etterkant av ei mobbesak.
Dette er ei vidareutdanning for leiarar i barnehage og skule som ønskjer auka kunnskap og ferdigheiter for å fremje trygge og gode læringsmiljø.
Emnet skal også styrkje kunnskapen til leiarane omkring førebygging, avdekking og handtere mobbing og anna krenkjande åtferd. Dette blir gjort ved å leggje vekt på rolla og oppgåvene deira som utdanningsleiarar, gjennom teoretisk fordjuping og arbeid med praktiske oppgåver.
Bli kvalifisert til å arbeide som praksislærar i barnehagelærarutdanninga, veilede nyutdanna kolleger og lær å nytte veileiing som strategi i utviklingsprosessar på arbeidsplassen.
Vil du inspirera og gje andre minner for livet? Museumspedagogikk gjev deg verkty til å formidle kunnskap, levande og engasjerande, anten du vil jobbe på museer, vitensentre, minnestader eller nasjonalparksenter.
Korleis kan vi håndtere det når barn og unge viser utfordrande åtferd? Korleis spiller individfaktorar og konteksten inn, og kva for risiko- og beskyttelsesfaktorar finnes det?
Det vil du lære meir om i dette heildigitale mikroemnet på 5 studiepoeng.
I dette mikroemnet fortel vi om kva ein autoritativ rolle er og korleis den kan utviklas i team og organisasjonar. Vi tek opp tema som sosiale og emosjonelle ferdigheitar og kjem i tillegg inn på tilhørigheit, deltaking, medverknad og utbytte.
Mikroemnet er heildigitalt, og det er på 5 studiepoeng.
Fleire av UiS sine vidareutdanningsfag inngår i ordninga Kompetanse for framtidas barnehage.
Når eitt fag er med i ordninga Kompetanse for framtidas barnehage (KFB) kan ein søke økonomisk støtte gjennom Utdanningsdirektoratet. Det inneber at barnehagen du jobbar i kan søka om tilretteleggjingsmidler.
Ordninga søkast om gjennom Udir. Merk at søknadsfristen for KFB kan vere annleis enn fristen for å søka på sjølve faget du vil ta.
Ny forsking og teori er viktig, men det er like viktig at me klarer å ta den i bruk og omgjera den til noko nyttig for barna i barnehagane og skulane. Gjennom året jobbar alle med caser på eigen arbeidsplass. Problemstillingar som kjem opp diskuterer me saman, så alle kan læra av kvarandre.