Finn nøkkeltal, strategiske prioriteringar og fakta om Universitetet i Stavanger.
12 383
136
2 527
1 926
61
1 523
Strategiske satsingsområde
I samsvar med strategien vår, har me fire tematiske satsingsområde.
Vi vil utfordre det velkjende og utforske det ukjende.


20 år som universitet
Universitetet i Stavanger fekk universitetsstatus i 2004.
Før det heitte me Høgskolen i Stavanger.
I 1966 vedtok sentrale politikarar i Stavanger å regulere 1300 dekar, det vil seie omlag 200 fotballbaner, på Ullandhaug til eit universitetsområde. Grunnlaget for Universitetet i Stavanger var lagt.
I dag er det eit historisk sus over campus Ullandhaug. Herifrå ser me ned på Hafrsfjord, der Harald Hårfagre i år 872 svinga sverdet og samla Noreg til eitt rike.
Samtidig kan studentane nyta ein stadig meir innhaldsrik campus. To av dei nyaste tilskota blir Energisentralen og SiS Studenthus.

Tett på arbeids- og næringsliv
Ved Universitetet i Stavanger ønskjer me at studentane skal komma tett på yrkene som venter dei.
UiS har som mål å ha praksis i alle utdanningane våre.
I dag tilbyr me praksismoglegheiter i meir enn halvparten av utdanningane våre.
Les om korleis vi legg til rette for tett samarbeid med arbeids- og næringsliv.

Eit innovativt og internasjonalt universitet
UiS er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Her kan studentar løysa utfordringar for arbeidslivet og ta mikroemnar på andre ECIU-universitetet rundt om i Europa.