Strategi for Universitetet i Stavanger: Drivkraft 2030

Strategien vår heiter Drivkraft 2030. Drivkraft 2030 beskriv visjonen vår, våre verdiar, mål og strategiske satsingar.

Publisert Sist oppdatert

Drivkraft 2030 er ein revidert versjon av Strategi 2030, og gjeld frå juni 2024 og fram til 2030.

Illustrasjonen av våre strategiske satsingsområder energi, helse og velferd og læring for livet, saman med grøn omstilling og et ope universitet.
Illustrasjonen viser våre strategiske satsingsområder energi, helse og velferd og læring for livet, saman med grøn omstilling og et ope universitet.

Vi skal vere eit ope og innovativt universitet med høg kvalitet i alle delar av verksemda.

Samfunnsoppdraget vårt er høgare utdanning, forsking, fagleg og kunstnarisk utviklingsarbeid, formidling og innovasjon.

Vi skal bidra til berekraftig utvikling med tanke på økonomi, miljø og sosiale tilhøve.

Vi har ei felles retning som skal pregast av ansvaret for grøn omstilling. Vi skal skape høg trivsel blant studentar og tilsette.

Energi, helse og velferd, og læring for livet er dei tematiske satsingsområda våre.

Studenter i en forelesningssal

Visjon og verdiar

Visjon

Universitetet i Stavanger skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet.

Vårt motto:

Vi vil utfordre det velkjende og utforske det ukjende.

Universitetet i Stavanger

Verdiar

Verdigrunnlaget er styrande for åtferda vår i møte med studentar, kvarandre og samfunnet. Det gjev oss retning for korleis vi skal nå visjonen vår og måla våre som universitet. Universitetet i Stavanger er:

Tre studenter kledd i helseuniform. En ligger på en sykeseng.

Uavhengig

Studentar og tilsette skal vere i kontinuerleg samspel med samfunnet, samstundes som vi driv uavhengig kritisk søken etter ny kunnskap.

Som institusjon bygd på demokratiske og humanistiske verdiar vernar vi om akademisk fridom og den uavhengige forskinga, og fremjar ideal som ytringsfridom, integritet og likeverd.

Gjennom kritisk refleksjon og tydeleg kommunikasjon skal tilsette og studentar setje dagsorden for viktige saker og vere aktive deltakarar i fag- og samfunnsdebatten.

Student med hørselsvern og arbeidsklær på lab.

Involverande

Vi verdset eit ope samfunn, og skal involvere studentar og samfunnet i den akademiske fellesskapen. Vi deler kunnskapen og kompetansen vår, og bryt ned barrierar mellom ulike fagmiljø og mot verda rundt oss. Ved involvering får avgjerdene eit vidare kunnskapsgrunnlag.

Respekt for at vi alle er ulike og har ulik bakgrunn fremjar sosial og fagleg deltaking. Universell utforming skal prege studia våre og det fysiske og digitale læringsmiljøet. I arbeids- og læringsmiljøet vårt ser vi på mangfald som ressurs

Kvinnelig student iført lab frakk og vernebriller som ser på en beholder med noe blått i

Skapande

Vi vil flytte grenser for kunnskap og ferdigheiter. Kreativitet og skapande aktivitet skal kjenneteikne den vitskaplege, kunstnariske og administrative verksemda vår.

Vi skal fremje bruk av ny kunnskap og kloke avgjerder internt, og i samfunns- og arbeidsliv. Vi skal gje grobotn for livskraft, gode levevilkår og berekraftig utvikling.

Studia skal vere danningsreiser, som dyrkar fram kritisk tenking og reflekterte livsval hjå den enkelte. Vi skal vere kulturberarar og kulturelle utforskarar.

Profil: eit innovativt universitet

Vi er relevante og synlege gjennom å utfordre, utforske og utvikle samfunnet. Tilsette og studentar samhandlar tett med omgjevnadene i ein internasjonalt retta og innovativ region. Vi har både eit regionalt, nasjonalt og globalt blikk i dei faglege aktivitetane og har internasjonalt orienterte medarbeidarar og studentar.

UiS prioriterer studentaktiv og innovativ læring, undervisingskvalitet og innovasjons- og entreprenørskapsaktivitetar. Vi har framtidsretta utdanningar og kritisk og uavhengig forsking av høg internasjonal kvalitet der idear blir omsette til verdiskaping for individ og samfunn.

Tre kvinnelige studenter på robotlaben.

Mål for strategiperioden

Gjennom strategiske mål og tematiske satsingar skal UiS bidra til nasjonale mål for universitets- og høgskulesektoren.

Vi skal arbeide for å nå måla våre gjennom prioriteringar som styrker heile universitetet: utdanningar, forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid, innovasjon og samarbeid, organisasjon og infrastruktur. Den statlege rammefinansieringa vår skal disponerast slik at ho legg til rette for måloppnåing.

Alle tilsette ved universitetet har eit ansvar for at vi når måla. Leiarar har eit særskilt ansvar. God leiing er ein føresetnad for at vi skal lukkast med dei strategiske satsingane våre.

UiS skal vere ei drivkraft i kunnskapsutvikling og endringsprosessar i samfunnet.

SatsingMål
Grøn omstillingGrøn omstilling pregar utviklinga av verksemda vår.
EnergiUiS skapar innovative løysingar for framtidas energisystem.
Helse og velferdUiS satsar breitt på kunnskap som kan utvikle nyskapande helse- og velferdstenester.
Læring for livetUiS fremjar læring og danning for livet gjennom nye pedagogiske tilnærmingar, og satsar målretta på forskingsbasert kunnskap for barnehage, skole og arbeidsliv.
Eit ope universitetUiS fremjar openheit.
Eit godt lærings- og arbeidsmiljøUiS har eit godt miljø som bidreg til trivsel, mangfald, rekruttering og gjennomføring.

Strategiske prioriteringar fram mot 2030

Vi skal vidareutvikle verksemda, tilsette og den faglege profilen gjennom prioriterte satsingar som reflekterer universitetet sine fortrinn, nasjonale strategiar og samfunnet sine behov.

En student står mellom hyllene på et bibliotek. Hun holder tre bøker, blant annet Norges Lover..

Dei strategiske prioriteringane skal følgjast opp gjennom handlingsplanar institusjonelt og for einingane, og understøttast gjennom fordeling av strategiske middel.

Utdanningane våre skal vere attraktive, fleksible og arbeidsrelevante. Vi skal styrke den økonomiske berekrafta til universitetet gjennom klare prioriteringar, fornying og effektiv ressursutnytting i alle delar av verksemda.

Tematiske satsingsområde for strategiperioden er uttrykk for den faglege profilen og prioriteringane våre, og set retning for bidraga våre til berekraftig samfunnsutvikling, velferd og innovasjon, sikkerheit og beredskap. 

Vi forventar høg kvalitet, klar nytteverdi for samfunnet, omfattande tverrfagleg samhandling og utstrekt samarbeid med omverda – regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

UiS skal vere ei drivkraft for grøn omstilling. Dette pregar den felles retninga vår og vidareutvikling av kjerneverksemda. Vi utdannar menneske som kan løyse samfunnsutfordringar for tida vi lever i.

Mål: Grøn omstilling pregar utviklinga av verksemda vår.

Vi skal

  • prioritere forskingsområde som bidreg til grøn og sikker omstilling
  • prioritere studentaktiv og innovativ læring som bidreg til å nå berekraftsmåla
  • stimulere til grøn næringsverksemd basert på idear frå studentar og tilsette
  • redusere klimaavtrykket frå eiga verksemd
  • utvikle kompetanse som stør grøn og digital omstilling

UiS skal vere ei drivkraft på energifeltet. Vi skal ha ein leiande posisjon innan utdanning, forsking og innovasjon. Kompetansen vår innan teknologi, økonomi og samfunnsforståing skal møte omstillingsbehov i energiforsyninga.

Mål: UiS skapar innovative løysingar for framtidas energisystem.

Vi skal

  • sikre at omstilling pregar energiforskinga og -utdanningane våre
  • vidareutvikle posisjonen vi har som eit energiuniversitet med framifrå utdanningar
  • prioritere forsking og innovasjon knytt til berekraftige energiløysingar og sikkerheit
  • styrke tverrfagleg innsats og fremje prosjekt innan teknologi, realfag, økonomi, humaniora og samfunnsvitskap

UiS skal vere ei drivkraft for kvalitet og tverrfagleg kompetanse innan helse og velferd. Vi skal tilby framifrå utdanningar og forsking som kan utvikle berekraftige helse- og velferdstenester.

Forskinga vår skal fremje folke- og arbeidshelse, livskvalitet og velferd gjennom heile livsløpet. Vi skal demme opp for utanforskap og leggje til rette for sikkerheit i tenestetilbodet. Fagmiljøa våre skal bidra til forsking og utdanning knytt til dei politiske, demokratiske og sosiale rammene for velferdsstaten.

Mål: UiS satsar breitt på kunnskap som kan utvikle nyskapande helse- og velferdstenester.

Vi skal

  • samarbeide tett med praksisfeltet i helserelatert utdanning og forsking
  • styrke utdanning og forsking knytt til kunstig intelligens og teknologiutvikling, sikkerheit og simulering, samt etisk kompetanse
  • vidareutvikle test- og samhandlingsarenaar for studentar, tilsette og arbeidslivet

UiS skal vere ei drivkraft gjennom framifrå utdanningar, forsking og innovasjon som skapar læring for livet.

Gjennom studentane våre og partnarskap med praksisfeltet skal vi bidra til betre kvalitet i utdanningssektoren. Vi skal utvikle kunnskap om, og forståing for, danning og demokrati, kultur og kulturarv, historie og forhistorie.

Mål: UiS fremjar læring og danning for livet gjennom nye pedagogiske tilnærmingar, og satsar målretta på forskingsbasert kunnskap for barnehage, skole og arbeidsliv.

Vi skal

  • prioritere forsking som gjev ny kunnskap om læring og læringsmiljø
  • styrke praksisrelevant undervising og forsking, og skape god samanheng mellom utdanning, forsking og praksis
  • stimulere til framifrå kunstnarisk utviklingsarbeid
  • bidra til kreative og skapande prosessar gjennom nyskaping i grensesnittet kunst, kultur, forsking og samfunn

UiS skal vere ei drivkraft for kunnskapsutvikling og endring gjennom openheit i alle delar av verksemda. Utdanningane våre og forskinga skal utviklast i tett samarbeid med andre akademiske institusjonar, med arbeids- og kulturliv, frivillige organisasjonar og samfunnet rundt oss.

Vi skal praktisere openheit i interne prosjekt og prosessar, og fremje kritisk refleksjon og ytringsfridom for alle studentar og tilsette. Gjennom fysiske møteplassar og digitale arenaar skal vi leggje til rette for kunst, kultur og interaksjon med samfunnet rundt oss.

Mål: UiS fremjar openheit.

Vi skal

  • utvikle tverrfaglege forskingsprosjekt med vekt på innovasjon, samarbeid og samskaping
  • sikre kunnskapsdeling gjennom formidling og open tilgang til publikasjonar og forskingsdata
  • bidra til å kjempe mot utanforskap gjennom utdanningstilbod for livslang læring 
  • skape og utnytte sikre digitale løysingar og kunstig intelligens for undervising, samarbeid, involvering og deling
  • sikre betre fysisk og digital tilgang til vitskaplege samlingar, og utvikle arenaar for kreativ forskingsformidling

Ved UiS skal vi anerkjenne betydninga studentar og tilsette har som drivkraft for universitetet. UiS skal vere attraktivt som studiestad og arbeidsplass.

Vi skal engasjere og utfordre kvarandre gjennom deltakarstyrte prosessar og sosial, fagleg og kulturell samhandling. Eit godt lærings- og arbeidsmiljø er ein føresetnad for å utvikle verksemda mot dei felles, strategiske måla våre.

Mål: UiS har eit godt miljø som bidreg til trivsel, mangfald, rekruttering og gjennomføring.

Vi skal

  • tilpasse læringsmiljøet til studentar i ulike livsfasar
  • involvere fleire studentar i forsking og arbeidspraksis ved UiS
  • arbeide systematisk med kompetanseutvikling, samt utvikle leiar- og medarbeidarskap
  • vidareutvikle tillitsbasert styring og leiing
  • vidareutvikle fleksible, tilgjengelege og sikre universitetsområde
To studenter sitter i et klasserom og leser

Styringsparametere

Grøn omstilling

  1. Prioritere forskingsområde som bidreg til grøn omstilling
  2. Tildelingar frå målretta samfunnsoppdrag i Horisont Europa
  3. Studentaktiv og innovativ læring med klare bidrag til berekraftsmåla
  4. Utvikling av kompetanse som stør grøn og digital omstilling
  5. Grøn campus (redusert klimaavtrykk frå eiga verksemd)

Energi

  1. Omstilling av energiforsking og -utdanningar
  2. Høg kvalitet gjev auka tildelingar frå eksterne konkurransearenaar
  3. Styrke publiseringa knytt til berekraftige energiløysingar

Helse og velferd

  1. Framifrå utdanningar innan helse og velferd
  2. Høg kvalitet gjev auka tildelingar frå eksterne konkurransearenaar
  3. Styrke publiseringa knytt til helse og velferd

Læring for livet

  1. Utvikle partnarskap for betre kvalitet i barnehagar og skolar
  2. Høg kvalitet gjev auka tildelingar frå eksterne konkurransearenaar
  3. Styrke publiseringa knytt til læring og læringsmiljø

Eit ope universitet

  1. Utvikling av fleire forskingsprosjekt med samskaping
  2. Auka bruk av digitale moglegheiter for samskaping, samarbeid og involvering
  3. Auka digital tilgang til utdanningane
  4. Fleire studieprogram med tilbod om praksis i arbeidslivet

Eit godt lærings- og arbeidsmiljø

  1. Auka mangfald og engasjement blant studentane
  2. Involvering av fleire studentar i forsking
  3. Utdanningskvalitet som varetar ulike danningsaspekt
  4. Systematisk arbeid for å utvikle tilsette sin kompetanse, leiar- og medarbeidarskap
  5. Arbeidsmiljø som fremjar mangfald, engasjement, tillit, trivsel og medråderett

Video: Utfordre det velkjente, utforske det ukjente

Historia om UiS reflekterer på mange måtar historia om byen og regionen vår.

Bli kjent med oss