Ph.d.-nettverk innan grøn omstilling

UiS har etablert eit tverrfagleg ph.d.-nettverk innan grøn omstilling som fungerer som eit forum for nettverksbygging, idéutveksling og samarbeid på tvers av disiplinar, med mål om å styrke kandidatens forskingsprosjekt. Nettverket ønskjer doktorgradskandidatar frå alle fagområde velkomne!

Publisert Sist oppdatert

Grøn omstilling er sentralt i strategien for UiS. UiS skal bidra til omstillinga av samfunnet gjennom forsking, kunstnarisk utvikling, utdanning og innovasjon. Grønn omstilling er eit tverrgåande initiativ som har betydning for alle område på universitetet.

Samling av studenter på campus
Fra kick-off med nettverket våren 2024

Universitetet har etablert eit tverrfagleg ph.d.-nettverk for kandidatar som arbeider med tema knytt til grøn omstilling. Hensikta med nettverket er å skapa eit forum der kandidatar kan bygge nettverk, utveksle idear og samarbeide med andre doktorgradskandidatar i ein tverrfagleg kontekst om tema innan grøn omstilling. Dette nettverket vil gjere det mogleg for studentane å delta i faglege diskusjonar og få eit breiare perspektiv på forskinga si, noko som til slutt vil bidra til ei vellukka gjennomføring av doktorgraden.

Nettverket ønskjer medlemar frå alle faglege bakgrunnar velkomne, uansett akademisk felt! Nettverket arrangerer gjesteforelesingar, skriveopphald, paneldiskusjonar, debattar, seminar og månadslege sosiale treff.

Informasjon om arrangement, oppdateringar, kunngjeringar og anna informasjon delast gjennom ei Teams-gruppe og e-postliste. Dette fungerer som eit knutepunkt der medlemmane kan delta i diskusjonar, dele idear og søkje råd.

Ta kontakt med nettverkskoordinator Angela Subedi (angela.subedi@uis.no) eller koordinatoren for grønn omstilling, Rebecca Briedis (rebecca.l.briedis@uis.no), dersom du ønskjer å motta informasjon og oppdateringar om kva som skjer i nettverket.

Sjekk ut nettverkets Linked-in side

Nyheiter frå nettverket