Fullt hus og yrande liv på Open dag

Det myldra av 2500 vidaregåande-elevar og andre interesserte på campus då UiS inviterte til sin årlege Open dag. Batteri og energiteknologi og Medisinsk teknologi var to nye studium som vart presentert for komande studentar.

Publisert Sist oppdatert

Åpen dag 2022 EOJ åpning
Auditoriet i Elise Ottesen-Jensens hus var tettpakka då Open dag starta opp med innleiing av rektor Klaus Mohn.

Ung kvinne stående i gang
Madeleine Ringbom, som bur i Bergen, var målretta på Open dag og gjorde seg kjend med blant anna studiet i batteri og energiteknologi.

Ei av dei som deltok på Open dag var Madeleine Ringbom. Ho hadde reist heilt frå Bergen for å bli kjend med det nye studiet i batteri- og energiteknologi.

– Eg ønskjer å jobbe med bil og sikkerheit og då er dette studiet midt i blinken, seier Ringbom.

Ho har frå før studert teoretisk fysikk ved Umeå Universitet. No ville ho finne eit studium kor ho får spesialisert seg innan batteriteknologi. Det fann ho i Stavanger.

Framtida er driven på batteri

– Framtidas biler er driven på batteri, og eg vil bli ein prosjektleiar i bilbransjen, seier Ringbom, som ikkje fann tilsvarande studium i Bergen, der ho bur.

Ifølge instituttleiar Øystein Arild ved Institutt for energi- og petroleumsteknologi er ein bachelor i batteri- og energiteknologi ei viktig brikke i den grøne omstillinga samfunnet står overfor og som Universitetet i Stavanger støttar sterkt opp om i sine satsingar.

– Det er ein stor global marknad for batteriteknologi, primært i bilindustrien, men også innan skipsfart og til dømes som batteriparkar knytt til sol- og vindteknologi, fortel Arild som meiner at Noreg med sin high tech-kompetanse kan ta ein global posisjon som «batteriland».

– Utdanning kan ruste oss

Då rektor Klaus Mohn ønska elevar frå vidaregåande skular og andre interesserte velkommen til Open dag i det store auditoriet i Elise Ottesen-Jensens hus nytta han moglegheita til å gratulere alle kvinner med  8. mars.

– Kvinner eller menn, i Noreg er vi alle priviligerte, og vi har mykje å prise oss lykkelege over. De får gratis utdanning, og ordningane er gode for studielån og stipend, sa Mohn.

Som kontrast peika han på at det elles i verda fins millionar av menneske som ikkje har det like enkelt. Spesielt gjeld dette kvinner.

– Av 750 millionar menneske som ikkje kan lese og skrive, er 2/3 kvinner. I solidaritet med kvinners rett til likestilling, håpar eg difor vi kan bruke dagen til å sette søkelys på kvinners moglegheiter for utdanning – på lik line med menn.

Mohn trakk også fram at UiS støttar heilhjarta opp om fordømminga av Russland sin invasjon av Ukraina.

– Det er vanskeleg for oss alle å forstå kva som skjer i verda akkurat no. Svaret frå vår side er at utdanning og kunnskap er det som best kan ruste oss til å kartlegge og analysere forhold rundt samfunnsutviklinga, og dermed finne gode løysingar for politikk og åtferd, sa Mohn før han sende dei vel 700 elevane ut på campus til alle dei 100 arrangementa.

I tillegg til ein heil rekke infomøter om studieprogram var det stands på heile universitetsområde. Vidare omvisingar, kahoot, kjemishow og dramaforestillingar. Mange av infomøta, arrangementa og førestillingane vart fylt opp av engasjerte elevar.

– Må vere glad i matte

Instituttleiar Tom Ryen ved Institutt for data- og elektroteknologi var rett på sak då han introduserte studiet i Medisinsk teknologi.

Ung kvinne i travel gang
Sofie Bore ønsker å studere "heime" i Stavanger og har peila seg inn på eit studium i medisinsk teknologi.

– Dersom du er glad i matte kan studiet i Medisinsk teknologi vere aktuelt for deg.

Elles passar studiet for dei som ønsker å jobbe i eit helsefokusert miljø og som ønsker å bidra til å redde liv og fremme god helse – samt utvikling av ny medisinsk teknologi, som er skikkeleg på frammarsj i Noreg og resten av verda.

Ei som sat i salen og som er glad i matte var Sofie Bore, som for tida tek forkurs i matte og fysikk ved UiS. For Bore er det aktuelt å søke på Bachelor i medisinsk teknologi eller ein Bachelor i automatisering og elektrodesign.

– Eg visste ikkje at ein måtte vere så glad i matte, sa Bore, som ikkje er framand for medisinsk teknologi.

– Far min jobbar med medisinsk utstyr på sjukehuset og eg synes det verkar gøy å fikse medisinsk teknisk utstyr, seier Bore.

– Eg tippar studiet er noko krevjande, men det ser likevel greitt ut, seier Bore.

I valet mellom NTNU og UiS blir det nok UiS då ho finner faga ho ønsker å ta ved UiS samtidig som ho ønsker å vere heime.

– Min familie er alle realfagsentusiastar, seier Bore som har erfaring med å snakke om elektronikk ved frukostbordet heime.

Meir lesing og skriving på universitetet
To som presenterer med sittende mennesker i front
Mange fulgte med då rådgjevarar på biblioteket fortalde om studentrolla og studieteknikk.

Elevar og interesserte på Open dag fekk også moglegheit å bli kjend med Universitetsbiblioteket – ein populært stad for studentane. Det var då også fullt hus då Ragnhild Lunde og Erika Lea Simonson Rolfsnes frå Læringsstøttesenteret ved Universitetsbiblioteket inviterte elevar og andre nysgjerrige til ei kjapp innføring om studentrolla, oppgåveskriving og nokre tips om studiestrategi.

– Tenk på studiet som ein jobb og ta fri på kveldstid, oppmoda Rolfsnes. Ho meiner også det er mykje å hente i å lage ein god vekesplan.

Det er ikkje til å kome bort ifrå at det er store skilnadar frå vidaregåande til universitet, og at studentrolla er noko ein må bruke tid på å finne seg til rette i.

– Historielæraren din seier kanskje at du må lese 80 sider til ei prøve. Ved UiS er det langt meir å lese. Og ein må belage seg på å skrive lengre tekstar, fortel Lunde som tipsa elevane om å bruke tida fram til ein eventuell studiestart til å lære seg kjeldekompasset.

Tekst: Karen Anne Okstad
Foto: UiS / Mari Løvås

Åpen dag 2022 EOJ åpning

Auditoriet i Elise Ottesen-Jensens hus var tettpakka då Open dag starta opp med innleiing av rektor Klaus Mohn.

Ung kvinne stående i gang

Madeleine Ringbom, som bur i Bergen, var målretta på Open dag og gjorde seg kjend med blant anna studiet i batteri og energiteknologi.

Ung kvinne i travel gang

Sofie Bore ønsker å studere heime i Stavanger og har peila seg inn på eit studium i medisinsk teknologi.

To kjemikere på stand

Ingunn Jolma, instituttleiar for Institutt for kjemi, biovitenskap og miljøteknologi sit på stand saman med student Jone Damås.

To menn sitter på stand ved et bord

Kyrre Sassebo Haaland og Tarjei Nygård kom til Ullandhaug for å presentere utøvande kunstfag.

Mann i hvit frakk har kjemishow

Kjemishow med Inge Christ frå Skolelaboratoriet.