Fremtidens klasserom

Podkast laga av ansatte i DDV om temaer som kunstig intelligens, bruk av Minecraft i skolen og kva vi gjere på DDV

Publisert Sist oppdatert

Podcastgruppa DDV
Podkastgruppa frå venstre Lene Louise Madsen, Vegard Haugen og Bernhard Sørbø

Om oss

Vi i podkastgruppa på DDV lagar vår eiga podkast kalla Fremtidens klasserom. Der utforskar vi tema som videospel, kunstig intelligens, koding, 3D-printing og mykje anna spennande. Målgruppa til podkasten er lærarar, studentar, forelesarar, pedagogar og andre som kan vere interesserte i korleis framtidas klasserom kjem til å verte. Vi speler som oftast inn podkastepisodane i Wepod-studioet på DDV-rommet her på UiS, men vi er òg rundt omkring på UiS for å få med oss aktuelle saker og gjestar.

Det beste vi veit er nemleg å invitere gjestar inn til podkastepisodane våre, for å få nye perspektiv på framtidas klasserom. Døme på gjestar kan vere lokale lærarar, spillutviklarar og politikarar. Eller det kan vere studentar eller førelesarar her på UiS som gjer noko spennande med teknologi eller digitale verktøy, som har lyst til å dele med andre kva dei gjer på.

Lenkje til Spotify

Podkasten vår finn du på Spotify, lenkje til den finn du her: https://open.spotify.com/show/4i32QV224nKueTEdDcLdO9?si=e4ae2761a052435f

Har du lyst til å bli med i podkasten vår?

Ta gjerne kontakt med oss på DDV på mail ddv1@uis.no, så kan vi snakkast om tid, stad og detaljar. Vi er fleksible, og er opptekne av at dette skal passe deg