DDV - Didaktisk digitalt verksted

Framtidas klasserom

Kontakt oss
Send e-post eller ring

ddv1@uis.no tlf: 413 90 976

Følg oss:

Åpen skranke

Ved inngangen til Hagbard Line-huset har vi ein informasjonskranke måndag til fredag mellom kl. 08.15 og 14.00.

Kva kan vi tilby?

  • Podkastrom: Lydtett rom med fire mikrofonar og miksepult. Vi tilbyr òg rettleiing i bruk (send oss ein e-post for å booke tid).
  • Hjelp til undervisningsopplegg, etter avtale på e-post i god tid.
  • Lån av utstyr, som til dømes Beebot, Micro:bit, Matatalab, Vincibot, Sphero Indi, iPadar, Nintendo Switch, Xbox-kontrollar, videospel, mikrofonar, diktafonar, kamerautstyr og meir.
  • Rettleiing og støtte for studentar som studerer til lærar i barnehage, SFO eller skule, i arbeidskrav som inneber digitale verktøy og teknologi. Døme: podkastproduksjon, animasjon, kodeverktøy, 3D-printing og bruk av KI-verktøy.
  • Lån av utstyr til praksis – vi har det meste av digitale verktøy som blir brukt pedagogisk i skule og barnehage. Vi hjelper deg med å planlegge undervisning og gir råd om pedagogisk innramming.
  • Opne dører i arbeidstida – du er alltid velkomen til å utforske rommet, teste utstyr eller spele eit spel saman med oss.
  • Kurs og arrangement – følg oss på Instagram for å få med deg alt som skjer framover.
  • Støtte for tilsette ved lærarutdanninga ved UiS – vi hjelper med undervisningsopplegg eller tilrettelegging av undervisning hos oss og kan gje rettleiing og støtte i pedagogisk innramming. Vi gir òg inspirasjon og hjelp til å bruke digitale verktøy og teknologi i undervisninga.

Dersom du vil samarbeide med oss, hugs å:

  • Ta kontakt i god tid.
  • Ha klar praktisk informasjon som tal på studentar, tid og rombehov.
  • Diskutere opplegget med oss på førehand, slik at vi kan førebu oss best mogleg.
  • Vere til stades under undervisninga, med mindre anna er avtalt.

Tilbodet vårt er primært for lærar- og barnehageutdanningane ved UiS, men vi samarbeider gjerne med andre vitskaplege tilsette og studentar ved UiS.

DDV er med i det europeiske nettverket Future Classroom Lab.

Tilbod frå DDV

Aktuelt frå DDV

Framtidas klasserom handlar om å fremje lærarstudentenes profesjonsfaglege digitale kompetanse, ved å få studentane til å tenkje heilskapleg rundt pedagogikk, didaktikk og utforminga av undervisningsrom i samspel med teknologi.

Didaktisk digitalt verksted (DDV) er ein annleis læringsarena med soner for utforsking og eksperimentering og for deling i plenum. Verkstaden inneheld alt mogleg utstyr frå spillmaskiner, dronar og kodeutstyr, til VR-briller, tegnebrett og iPader med ei rekke nyttige apper. Det finst òg eit eige skaperrom med mellom anna 3D-printere, vinylkutter og laserkutter. Tanken er å gi lærarutdanningane ein smakebit på klasserommet i framtida.

DDV er laga spesielt med tanke på lærarutdanning, og alle dei digitale verktøya som er tilgjengeleg skal kunna brukast i undervisningssamanheng. Målet er å legga til rette for at studentane skal kunna reflektera over prosessar, læring, kompetansar, didaktikk og pedagogikk, og på den måten gjere det mogleg å utvikle eigen profesjonsfaglige didaktiske kompetanse.

DDV består av tre rom:

  • Hovudrommet: Kunstig intelligens, podkast, videospill, VR
  • Skaparrommet: Makerspace, 3D-printing, koding, design
  • Infodesk: Booking av rom og utstyr

Meir frå Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora

STEAM Upgrade - et Erasmus+-prosjekt

Oppgradering av digitale ferdigheter for lærerstudenter og utdannede lærere gjennom praktiske STEAM-opplæringsmoduler ...

Bærekraftdidaktisk verksted (BDV)

BDV er en tverrfaglig læringslab for bærekraftstenkning og grønn omstilling ved UH-fakultetet. Som et møtested med fokus...

Bli studentassistent ved DDV

Har du lyst å lære mer og prøve deg som veileder for andre studenter og ansatte innen bruk av teknologi i læringssituasj...

Tre nye meritterte undervisarar ved UH-fakultetet

Professor Finn Arne Jørgensen (IKS) har saman med førsteamanuensis Tuula Skarstein (IBU) og førsteamanuensis Janne Fausk...

Hvordan beholde engasjement?

Andrew Hargreaves, professor II ved UiS, og Dennis Shirley, professor ved Boston College, holdt seminar om sin nye bok f...