Har du lyst til å bruke data- og videospel i undervisning? Ynskjer du å finne ut meir om kva for spel som passar for ulike fag, aldersgrupper og kompetansemål? Data- og spelrettleiaren kan hjelpe deg. Finst i norsk og engelsk utgåve som du finn her!
Mange ønskjer å nytte data- og videospel i undervisning
Prosjektleiar i DDV, Paolo Scarbocci, kan fortelje at mange ønskjer å bruke data- og videospel, men unngår det på grunn av usikkerheit:
Tilbakemeldingane frå lærarar ute i klasseromma tyder på at fleire lærarar kunne tenkt seg å ta i bruk data- og videospel, men er usikre på kva for spel som finst og kva for nokre dei bør velje. Mange manglar også eigen erfaring med å spele, og let det stoppe dei.
Rettleiaren inneheld ei rekkje data- og videospel som vi meiner eignar seg i klasserommet, og har fokus på å gjere terskelen for bruk i undervisninga lågare
Eit nyttig verktøy for lærarar
Målet med Data- og videospelrettleiaren for lærarar er at ho skal kunne fungere som eit lågterskelverktøy som kan brukast når undervisninga skal planleggjast. Ho er også for dei som aldri har brukt eller prøvd eit data- eller videospel sjølve, men ønskjer å nytte det i undervisninga. Rettleiaren er hovudsakleg utarbeidd av tilsette lærarstudentar i DDV.
Rettleiaren inneheld ei rekkje data- og videospel som vi meiner eignar seg i klasserommet, og har fokus på å gjere terskelen for bruk i undervisninga lågare. I tillegg til informasjon om spela og spelplattformen, er spela difor også merkte med tilrådd aldersgruppe, fag og kompetansemål.
Vil vere i kontinuerleg utvikling
Rettleiaren vil vere under kontinuerleg utvikling, og nye versjonar vil bli publiserte etter kvart. Slik vil ho haldast oppdatert, etter kvart innehalde endå fleire spel og bli tilpassa ut frå tilbakemeldingar.
Her finn du data- og spillrettleiaren (norsk versjon)
Her finn du data- og spillretteiaren (engelsk versjon)
Data and gaming guide for teachers
The data and gaming guide for teachers explains how teachers can include video games in their teaching. It is available in Norwegian and English.
When it was first launched back in 2023, DDV project leader Paolo Scarbocci noted that many want to use video games in the classroom but avoid it due to uncertainty: Feedback from teachers in classrooms indicates that several would like to use data and video games but are unsure about which games are available and which they should choose. Many also lack personal experience with games and let that stop them. Therefore, a data and gaming guide has been created to help teachers understand how video games can be used in a didactically appropriate way in various subjects.
Several teachers would like to use data and video games but are unsure about which games are available and which they should choose.