Bli med på sanseleg energivandring på campus og Sørmarka!

Onsdag 26. mars 2025 kl. 17:30-19:30,
SiS Studenthus.

Bli med på denne vandringa på Ullandhaug campus og i Sørmarka der me utforskar korleis me kan sanse energi.

Publisert Sist oppdatert

An electricity pylon framed against a blue sky and between two tracts of woodland
Høyspentmast i Sørmarka. Foto av Melina Antonia Buns.

Det er lett å ikkje tenke over energien me bruker i kvardagen. Den kommer inn i liva våre frå mange steder – frå vindmøller i fjell, oljeplattformer ute av synet i Nordsjøen, fossefall lagt i rør, frå djupe underjordiske brønnar, og frå lysbrytaren i veggen. På kontorene våre styres lys og temperatur gjennom sensorar som fylgjer med på om me er til stede og korleis me er rører oss. Bygningane våre sansar oss og bruker energi ut frå dette. Men korleis kan me sanse denne energien? Er det eigentleg mogeleg?

Bli med på denne vandringa på Ullandhaug campus og i Sørmarka der me utforskar korleis me kan sanse energi. Utstyrt med kart og logg inviterer me til å tenke over korleis energi, teknologi og kropp er knyte saman. Me skal utforske korleis energiproduksjon, -transport og -forbruk ikkje berre er teknologiske prosesser men òg etterlet tydelege spor i miljøet og i kroppen.

Vandringa inkluderer omvising i Universitetet i Stavangers nye Energisentral, noko som medfører at det er avgrensa antal plasser (maks. 30 deltakar).

Påmelding her https://nettskjema.no/a/502114

Vandringa blir gjennomført som del av Infrastructure Citizen Week 2025 av forskingsprosjektet Energy Lives! Infrastructural Citizenship in Nordic Energy Transitions. Du kan lese meir om prosjektet på detts nettside.

Praktisk informasjon

Onsdag, 26. mars 2025, kl. 17.30-19.30

Oppmøte framfor det nye SiS studenthuset, inngangen ved plassen mot øst / Ullandhaugtårnet, sjå òg på kortet. Me avsluttar ved trafostasjonen i Sørmarka. Dei som skal, kan fylgje med tilbake til UiS.

Vandringa tar mellom 90 og 120 minuttar, alt avhengig av gruppestørrelsen.

Kle deg etter vêret. Me kommer til å gå i skog.

Det vil bli budd på varm kakao.

NB! Me går i bratt og ujamt terreng og vandringa vil derfor diverre være ueigne for rullestolbrukar. Vandringa er ope for alle, men retter seg mot et vaksen publikum.