Bøker & Beats

Fredag 18. oktober 2024 kl. 12:15-13:00,
Universitetsbiblioteket i Stavanger.

Jazz og dans på universitetsbiblioteket

Publisert Sist oppdatert
studenter fra bjergsted

Denne fredagen ventar ei unik oppleving når jazz- og dansegruppa Lysbrudd framfører stykket "Crossing Streams".

Gruppa, som består av jazzmusikarane Maja Persson og Stella Brachel, saman med dansaren Johanne Risnes Lerheim, tek deg med på ei stemningsfull reise der dei utforskar nærleik.

Gjennom ord, musikk og rørsle dykker dei ned i det som knyter oss saman – frå augneblink med kontakt, til stillheita mellom oss, og dei små, men kraftfulle gestane som skapar ekte intimitet.

I tillegg får du høyre den spennande duoen Aurora Brusevold (trompet) og Erlend Johannessen (piano). Dei komponerer og framfører sin eigen musikk, med klare melodiar og enkle harmoniar. Inspirert av popens verd, men med jazzens sjel. Deira frie improvisasjon gjer kvar framføring heilt unik – du veit aldri kva som ventar.