Årsfest med 20-årsjubileum

Tirsdag 29. oktober 2024 kl. 13:00-15:00,
Tjodhallen, Kjølv Egelands hus.

Besøk og festtale frå forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel, utnemning av ny æresdoktor, doktorpromosjonar og prisdryss!

Publisert Sist oppdatert
En stor gruppe mennesker oppstilt i blå frakker samlet på en scene og holder blomsterbuketter i hånden
Doktorpromosjon under årsfesten i 2023. Foto UiS / Sondre Vestheim

Tysdag 29. oktober, på dagen nøyaktig 20 år etter at Kongen i statsråd vedtok at Høgskolen i Stavanger skulle få universitetsstatus, ønsker universitetet velkommen til årsfest. Arrangementet er opent for alle som vil vere med å feire!

Til årsfesten kjem mellom anna forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel, som er årets festtalar. Universitetet skal òg utnemne ein ny æresdoktor, nemleg Robert C. Pianta, professor i pedagogikk og psykologi ved universitetet i Virginia, USA. I samanheng med UiS-besøket vil Pianta også halde ei open førelesning dagen før årsfesten.

Sparebank 1 Sør-Norge og Lyse kjem for å dele ut prisar for innovasjon og forsking, og vi skal overrekke utdannings- og læringsmiljøprisen.

Ikkje minst skal vi feire at 87 kandidatar har avlagt doktorgrad sidan sist. Feststemt blir det òg når Bjergsted Slagverkensemble og Stavanger studentsangforening slår an tonen.

Etter seremonien inviterer vi til kanapear, kaker, kaffi og mingling i foajeen i Kjølv Egelands hus. Du er hjarteleg velkommen!