Då ho tok utgangspunkt i elevane sine eigne erfaringar, fekk læraren på Helse og oppvekst betre litterære samtalar med elevane sine.
Av Anne Håland og Ingrid Anne Doublet
Læraren på Helse og oppvekst hadde merka at undervisninga ikkje tok utgangspunkt i elevane sine erfaringar,var elevane mindre interesserte i å samtala om tekst, og læringsutbyttet vart avgrensa.
Ei personleg tilknyting var ikkje noko problem når litteraturen tok opp problemstillingar som elevane kjende igjen frå eige liv, eller når han tok opp bestemte problemstillingar som dei kunne kjenna igjen frå media eller andre sine erfaringar. Slike gonger trong ho ingen strategiar, for det var nok å lesa teksten så kom reaksjonane nærast av seg sjølv, og elevane var i stand til å sjå på teksten med eit analytisk blikk.
Men mykje av litteraturen som skal lesast i norskfaget, har både ein tematikk og eit språk som kan verka framandt på unge menneske. Difor var læraren på jakt etter verkty som kunne gi elevane moglegheiter til å knyta litteraturen til seg sjølv og som kunne vera ein inngangsport til ein meir analytisk arbeidsmåte i møte med litterære tekstar.
Eit slikt verkty fann ho i «making text connections» (Harvey & Goudvis, 2007). Harvey & Goudvis skisserer tre typar tekstforbindelsar: forbindelsar mellom tekstar («text to text», forbindelsar til verda («text to world») og forbindelsar til eleven sjølv («text to self»). Hensikta med desse strategiane er å gi elevane inngangar til tekstane som skal diskuterast. Strategiane er ikkje tenkte som avsporingar bort frå litteraturen, men snarare som ein inngangsport til ei djupare forståing av tekst (Harvey & Goudvis, 2007 s. 92).
Strategiane i bruk
Læraren valde å bruka “text to self”. Dette valet gjorde ho delvis med utgangspunkt i dei tidlegare nemnde erfaringane, delvis også fordi ho ønska å avgrensa arbeidet slik at dei berre hadde fokus på ein tekstforbindelse. Det å bruka alle dei tre tekststrategiane som er nemnde over, vil ikkje nødvendigvis føra til ein djupare og betre litterær samtale.
Utgangspunktet for tekstsamtalane var novella «Kruttrøyk» av Torborg Nedreaas henta frå novellesamlinga Bak skapet står øksen (1949). Novella handlar om Trygve og mora i det krigsokkuperte Noreg. Teksten fortel historia om mora som skammar seg over sonen sin fordi ho meiner han festar for mykje og ikkje tek alvoret i krigen innover seg.
Læraren les novella høgt i klassen. Etterpå gir ho elevane eit eige skjema kor dei skriv ned sine første refleksjonar knytt til novella. I kolonnen til venstre skriv dei ei lita oppsummering av handlinga i novella, i kolonnen til høgre relaterer dei teksten til sitt eige liv med utgangspunkt i tre hjelpespørsmål: «Hva minner dette meg om i mitt liv?», «Hva ligner dette på av ting jeg har opplevd?» og «Hvordan er dette forskjellig fra mitt liv?»
Etterpå deler læraren ut gule «post-it»-lappar. På desse lappane kan dei velja å skriva ned nokre av refleksjonane sine. Dei gule «post-it» lappane blir så hengt opp på tavla. Lappane er i utgangspunktet anonyme, men når læraren les opp lappane ein etter ein, vil elevane som har skrive dei gjerne kommentera det dei har skrive og koma med utfyllande kommentarar. Etter kvar lapp stoppar klassen difor opp og reflekterer over det som står skrive på lappane.
Det er først og fremst to refleksjonar som går igjen. Den eine forbindelsen elevane lagar er til sjølve tidskoloritten og hendingar som fann stad under krigen. Mange koplar teksten til historier dei har høyrt om korleis livet var under andre verdskrig, ofte fortalt av besteforeldre eller oldeforeldre. Den andre forbindelsen som er dominerande er koplingane mellom krangelen mellom mora og Trygve, og kranglane som skjer mellom desse ungdommane og foreldra deira. Mange av elevane har kjent seg igjen i det å krangla med foreldra, det å bli mistenkeleg gjort, ikkje trudd. Slik formidlar denne novella noko grunnleggjande i alle menneskelege relasjonar som elevane kjenner igjen i sitt eige liv.
Refleksjonar
Laila Aase har definert litterære samtalar som «…klassesamtalar som uttrykkjer leseerfaringar, og som har som føremål å undersøkje litterære tekstar med utgangspunkt i desse erfaringane» ( 2005, s. 106). I dette arbeidet fekk elevane koma med sine reaksjonar og erfaringar knytt til novella.
Det å skriva ned sine eigne refleksjonar før sjølve diskusjonen fungerte som ei hjelp i tankearbeidet. Gjennom opplesinga av lappane fekk også læraren høve til å stilla oppklarande spørsmål slik at elevane måtte grunngi svara sine: «Kvifor valte du å skriva nett dette?». Samstundes hadde ho høve til å stilla spørsmål som var tettare på ei undersøkande og analytisk tilnærming til tekst. Eit slikt spørsmål kunne vera: «Kva var det i teksten som fekk deg til å tenkja nett slik?»
Læraren kunne ved hjelp av oppfølgingspørsmål føra eleven tett på teksten i staden for at diskusjonen skulle vera frigjort frå den. På den måten fungerer spørsmåla frå læraren som ei form for undervegsvurdering som både fortel noko om kvaliteten på responsane dei har på teksten og samstundes kan gi råd om korleis dei kan vera endå tydelegare kopla til novella.
Læraren opplevde «tekst til meg sjølv»-strategien som ein «ice breaker» i høve til å få til ein diskusjon omkring novella «Kruttrøyk». Utsegnene på dei gule «post it»-lappane vart ein inngangsport til å kunna vera i teksten lenge på ein analystisk måte. Ho tykte rett og slett at elevane vart meir interessert i å snakka om novella og tematikken enn det ho hadde erfart tidlegare. Elevane likte også opplegget godt. Dei kjende at dei hadde noko å bidra med, og at refleksjonane deira vart verdsette av læraren.
Læraren var også overraska over at alle elevane melde seg på i diskusjonen og hadde noko å bidra med. Kanskje kan den skriftlege skrivestøtta som elevane gjorde i førekant ha vore eit viktig bidrag her, det at ein har skrive blir ei hjelp til å snakka om tekst og fungerer som ei form for tenkeskriving. Sidan alle hadde skrive vart det kanskje lettare for alle å snakka også? I etterarbeidet, når elevane skulle skriva om novella, tykte læraren at elevane viste betre forståing for tematikken og at dei på den måten viste betre leseforståelse. Også elevane uttrykte at det var enklare å skriva om teksten når dei først hadde diskutert han så grundig, slik vart dei også involvert i eige læringsarbeid.
Det er eit viktig poeng at strategiane ein brukar i møte med litteratur aldri kan gjera arbeidet åleine. Strategiane må alltid vera tilpassa teksten, elevane og føremålet med lesinga.
Referanser:
- Harvey, S. & Goudvis, A. ( 2007). Strategies That Work. Teaching Comprehension for Understanding and Engagement. Maine: Stenhouse Publishers
- Aase, L. ( 2005). Litterære samtalar. I B.K. Nicolaysen & L. Aase (red). Kulturmøte i tekstar. Litteraturdidaktiske perspektiv. Oslo: Det norske Samlaget.
Finn flere fagtekster fra Lesesenteret:
Slik kan vi skape eit leseløft
For nokre år sidan las norske tiåringar betre enn dei hadde gjort nokon gong før. Så snudde det. Dei fleste er samde om ...
Hvilke konsekvenser har digitaliseringen av klasserommet?
Skjermbruk i undervisningen kan gi tilpasset opplæring og være motiverende for elevene. Men vi må holde på papirlesinga ...
Lærere forteller om hvordan eksamen påvirker norskundervisningen
Hvor mye påvirker eksamen norskundervisningen på ungdomsskolen og i videregående? Og bør eksamensutviklere ta hensyn til...
Tekstnær lesing: Lesing av komplekse tekstar
Close Reading, eller "Tekstnær lesing" på norsk, er ei grundig utforsking av ein kompleks tekst. Gjennom å arbeide med t...
Fagbøker fra Nasjonalt lesesenter
Er du på jakt etter forskningsbasert, relevant og oppdatert kunnskap om lesing og leseopplæring? Her er en oversikt over...
Podkaster fra Lesesenteret
Vil du lytte deg til innsikt og ny kunnskap? Sjekk ut podkastene våre! Du finner lenke til podkastene under, og du kan o...
Hvordan integrere lek i begynneropplæringa
Les hvordan du helt konkret kan legge til rette for lek i skolen i samsvar med skolens rammer og betingelser.
Lesetips til elever på mellomtrinnet
Trenger du boktips til elever på mellomtrinnet? I dette heftet finner du 35 barnebøker, kategorisert etter leseerfaring....
På sporet – et eksempel på tidlig intensiv opplæring i lesing
På Sporet handler om å identifisere elever som er i faresonen for å utvikle lese- og skrivevansker tidlig, og gi dem et ...
Blogg: Ja, vi elsker det å tenke!
Tanker om tekst og tenking i skolens litteraturarbeid - med "Ja, vi elsker" som eksempel.
Oversikt over materiell til kartlegging og diagnostisering av lesing
Her finner du en oversikt over noe kvalitetsvurdert materiell til bruk i kartlegging og diagnostisering av lesing. Liste...
Fagartikkel: Jeg kan jo lese!
Elever som strever med lesing har ofte opplevd mange nederlag. Opplevelser av manglende mestring kan i neste omgang påvi...
Kan vi gi elevene på femte trinn læreboka og be dem lese den på egenhånd?
Elever på femte trinn arbeider ofte med læreboktekster i mange fag. Samtidig arbeides det kanskje for lite med lærebokle...
Korleis utvikle den faglege skrivinga til elevane?
Lesing og skriving av sakprega tekstar har med den nye læreplanen fått større fokus i skulen. Korleis kan undervisninga ...
Liste over relevant faglitteratur - internasjonale forfattere
Annotert liste over leseressurser på andre språk som er relevante for lærere på 8.-10. trinn.
Skriving i fagene er knyttet til fagets tenke- og væremåte
Elever på 5. trinn brukte modelltekster da de skulle skrive fagtekster. Les hvordan de posisjonerer seg som fagtekstskri...
Hva er skjermtekster, og hva gjør de med måten vi leser på?
Vi vet at det ikke er det samme å lese på skjerm og å lese på papir. Men hva er det som skiller, hva skal vi se etter?
Hvordan påvirkes ungdom av media- og nettbruk?
Vi tror at ungdommer er eksperter på bruk av media, men gjelder det alle? Og hvordan påvirkes ungdom av nettbruken. Arti...