Webinar: Gutar og lesing

I dette webinaret tar Hildegunn for seg temaet "gutar og lesing." Korleis kan ein skape leseglede - også blant gutane?

Publisert Sist oppdatert

Hildegunn_skjermbilde_webinar

Ifølge den siste PIRLS-undersøkinga i 2021, har mange norske femteklassingar lita leseglede. Og det gjaldt dessverre fleire gutar enn jenter. Sånne funn kan lett gi ei oppfatning av at det ikkje nyttar å få gutar til å like lesing. Men det har ikkje alltid vore sånn. Og det viser at leseglede er formbart!

Så, korleis kan ein skape leseglede i eit klasserom? Og ikkje minst, skape leseglede blant gutane?

Det er noko av det Hildegunn skal sjå på i dette webinaret. Med seg har ho også elevar frå Hana skole kor alle liker å lese, også gutane!

Gutar og lesing

Andre ressurser