Korleis blir meining og idéar skapte gjennom kunst og litteratur?

Henriette Thune disputerer for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Stavanger 14. september. Thune har sett på korleis meining og idéar blir skapte og forhandla gjennom estetisk form.

Publisert Sist oppdatert

Henriette Thune smiler
Henriette Thune

DISPUTERER: Thune har sett på korleis meining og idéar blir skapte og forhandla gjennom estetisk form. 

Henriette Thune tek i doktorgradsavhandlinga utgangspunkt i Mikhail Bakhtins omgrep om det estetiske objekt. Bakhtins estetiske objekt skal forståast som meininga som blir produsert mellom ein forfattar eller kunstnar og ein lesar eller tilskodar medan dei opplever eit gjeve kunstverk. 

Ny metode 

Ut frå dette utviklar Thune ein metode for å analysere korleis estetisk form er knytt til meiningsproduksjon. 

Metoden blir testa gjennom ein analyse av kva som skjer i det Sara Stridsberg sin roman «Drömfakulteten» (2005) blir til teaterframsyninga «Valerie Jean Solanas skal bli president i Amerika» (2009). 

Analyse 

Som del av analysen utviklar og testar Thune ein metode for å analysere korleis einskilde representasjonar av sanseopplevingar i kunst framkallar kroppsleg-emosjonelle meir enn intellektuelle reaksjonar og andre ikkje. 

Tittelen på avhandlinga er «Mikhail Bakhtins estetiske objekt. Adapsjonsanalyse av Sara Stridsbergs roman Drömfakulteten og teateradapsjonen Valerie Jean Solanas skal bli president i Amerika». 

Verktøy 

Thune si avhandling kan bidra med å gje estetisk forsking eit verktøy for meir systematisk og etterprøvbart å kunne undersøkje og forstå korleis meining og idéar blir skapte på forskjellige måtar gjennom forskjellige medium og i møte med forskjellige mottakarar. 

Henriette Thune er fødd i Stavanger og oppvaksen i Grimstad. Ho er cand.philol. i ålmenn litteraturvitskap frå Universitetet i Tromsø i 1998. I dag arbeider ho som seniorrådgjevar for forskarutdanning ved Universitetet i Stavanger. 

Alle interesserte er velkomne til disputasen som finn stad i auditorium A-3 i Kjell Arholms hus fredag 14. september klokka 12.00. 

Tekst: Elin Nyberg