Disputas om effekten av medelevar og tankesett

Ein lærar som har eit meir lærande tankesett siste året på ungdomsskulen, ser ut til å ha ein positiv effekt på elevane sitt eige tankesett og om dei vel meir avansert matte på vidaregåande, visar May Linn Auestads forsking.

Publisert Sist oppdatert

May Linn Auestad
May Linn Auestad

I Noreg startar dei fleste ungdomar i vidaregåande skule, men fem år seinare har ein fjerdedel av dei ikkje fullført. Mange av dei har ganske like utgangspunkt som elevane som fullfører på normert tid, og sett utanfrå er det ofte lite som skulle tilseie at dei skal droppe ut. Kva kan det då skuldast?

Forskarar har lenge vore opptekne av elevane sin motivasjon og læring. Ein teori er at vi alle er født med eit lærande tankesett. Vi liker utfordringar, og vi tør å prøve nye ting.

På andre enden av skalaen finn vi det som blir kalla eit låst tankesett. Det blir kjenneteikna av at vi helst vil gjere ting vi allereie kan, og er redde for å feile.

I løpet av livet utviklar vi oss forskjellig på skalaen, blant anna avhengig av miljøet rundt oss. Lærarar er viktige personar i dette miljøet. I forskinga si ser Auestad på om det kan vere ein samanheng mellom læraren sitt tankesett, og korleis elevane ser på sine eigne moglegheiter for å lære?

Ho har også funne ut at elevar ikkje ser ut til å bli negativt påverka av medelevar som presterer lågt. I tillegg fann ho ut at det er mogeleg å endre elevane si tru på eigne sjansar til å lære ved hjelp av ein intervensjon.

May Linn Auestad disputerte ved Universitetet i Stavanger 11. september 2020. Ho forsvarde avhandlinga Economics of Education: Peer Effects and Mindset. Auestad har ein mastergrad i økonomi og administrasjon frå UIS.