Reduserte opningstider på campus Ullandhaug

UiS innfører kortare opningstider i bygningar på den sentrale campusen vår i sommar.

Publisert Sist oppdatert

Campus UiS
Sommar på campus Ullandhaug

Tirsdag morgen: 30 minI perioden 1. juli til 5. august vil dørene vera opne mellom 07.30 og 16.00. Etter klokka 16 må ein bruka tilsett- eller studentkort for å komma inn.

Klokka 23 skal bygga vera tomme, med unntak av Universitetsbiblioteket som har døgnopent som vanleg.

I helgane må du bruka kort heile døgnet.

Årsaka til dei reduserte opningstidene er at det ikkje er naturleg å halde ope i alle hus heilt til klokka 20 når det er få tilsette og studentar på jobb. Tiltaket vil også vera kostnadssparande.

Møter du ei stengd dør og har gløymt studentkortet ditt, kan du ringja UiS Drift servicetelefon: 976 96 442.