Domkyrkja og Kongsgård – røtene til Stavangers historie

Torsdag 27. mars 2025 kl. 11:15-12:00,
Kongsgårdssalongen i universitetsbiblioteket, campus Ullandhaug.

Foredrag med biskop Anne Lise Ådnøy.

Publisert Sist oppdatert

Biskopen i Stavanger

Historia til Domkyrkja og Kongsgård katedralskule går hand i han. Saman har dei vore med på å utvikle og utdanne Stavanger by som fyller 900 år i år.  

Anne Lise Ådnøy var sjølv gymnaselev ved Kongsgård. No er ho biskop for Stavanger bispedømme. Denne torsdagen skal ho halde foredrag om korleis katedralskulen og kyrkja spelte ei viktig rolle i utviklinga Stavanger by.  

Utstilling 

Denne veka vil me også stilla ut dei eldste biblane i Kongsgårdsamlingen. Her finn du mellom anna ein bibel på dansk frå tida rett etter reformasjonen.

Påmelding 

Det er avgrensa med plass i Kongsgårdsalongen, så hugs å melda deg på her.

Me serverer kaffi og noko å bita i.

Kvar: Kongsgårdsalongen, i underetasjen av universitetsbiblioteket på campus Ullandhaug.

Språk: norsk.