Norsk 2 (1.-7. trinn) (MGL1322)
Norsk 2 bygger på Norsk 1 og omfattar norskundervisning for trinn 1-7. Emnet gir god kunnskap om sentrale språklege og litterære emne og djupare innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål i begynnaropplæringa og i norskundervisninga på mellomtrinnet. Norsk 2 gir eit betre grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Gjennom arbeid med språk og tekstar får studentane gode høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.
Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2024-2025. Merk at det kan komme endringer.
Emnekode
MGL1322
Versjon
1
Vekting (stp)
30
Semester undervisningsstart
Vår
Antall semestre
1
Vurderingssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk
Innhald
Faget i utdanninga
I dagens tekstsamfunn møter læraren elevar med ulik teksterfaring og skrivekompetanse, noko som er grunnlag for diskusjonar om skriveopplæringa i skulen. Studiet vil gi studentane kunnskapar om relevante teksttypar og tekstkulturar, slik at dei kan rettleie og motivere alle elevar ut frå behova hos den einskilde eleven. Emnet vil også formidle kunnskapar om eleven sitt møte med den litterære teksten og om litteraturdidaktiske tilnærmingsmåtar som kan styrke eleven sin litterære kompetanse, faglege kunnskap og kulturforståing. Studentane vil vidare bli utfordra til å sjå norskfaget innanfor ein internasjonal og global kontekst.
Samanhengen mellom språk og tekst står sentralt. Her er vi mellom anna innom språklege endringsprosessar i form av (nyare) språkhistorie, dialekt- og sosiolektlære og skriftspråknormering. I arbeid med både saktekstar og skjønnlitteratur blir det lagt vekt på vidare utvikling av studentane sine kunnskapar om litterære sjangrar og korleis desse har utvikla seg over tid, frå dei tidlegaste tekstane fram til notida sine digitale uttrykk. Det blir også arbeidd med nyare litteratur som rettar seg mot barn og ungdom.
Læraren si evne til fagleg fundert og variert formidling står sentralt. Emnet gir innsikt i forsking knytt til tilrettelegging, kontekstualisering og didaktiske tilnærmingsmåtar som kan styrke eleven sin identitet, faglege kunnskap, kulturforståing, språk- og tekstkompetanse og evne til kritisk refleksjon. Gjennom skriving av ei rettleidd FoU-oppgåve vil studentane få fordjupe seg spesielt i eit norskfagleg perspektiv som er relevant for trinn 1-7.
Læringsutbytte
KUNNSKAP
Kandidaten
• har brei kunnskap om litteratur- og språkdidaktiske tilnærmingar
• har kunnskap om ulike litteratur- og språkteorier og relevante forskingsperspektiv
• har god kunnskap om gjeldande normering av nynorsk og bokmål
• har god kunnskap om språklege endringsprosessar og språkleg variasjon i nyare tid og om norsk som første- og andrespråk
• har god kunnskap om kva som kjenneteiknar eit variert utval tekstar: munnlege, skriftlege og multimodale; fiksjon og sakprosa i ulike sjangrar og medium; tekstar frå ulike tider og kulturar
• har kunnskap om samisk språk, litteratur og kultur, nasjonale minoritetsspråk og nabospråk
• har god kunnskap om munnleg kommunikasjon, lesing og skriving og vidareutvikling av grunnleggande språkferdigheiter
FERDIGHEITER
Kandidaten
• kan gjennomføre undervisning både på bokmål og nynorsk
• kan bruke grammatikk- og språkkunnskap, tekst- og litteraturkunnskap i analyse av og arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
• kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
• kan planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med språk og litteratur i tradisjonelle og nye medium på varierte måtar og tilpassa ulike formål
• kan tilpasse den vidare opplæringa i språklege og litterære ferdigheiter til elevane i norsk som første- og andrespråk
GENERELL KOMPETANSE
Kandidaten
• kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer og grunngi fagdidaktiske val
• kan drøfte problemstillingar knytte til norskdidaktisk forsking, utviklingsarbeid og forskingsetikk
• kan planlegge, gjennomføre og vurdere norskfagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 1-7
Forkunnskapskrav
For å kunne starte på Norsk 2 (MGL1322), må studenten ha 30 studiepoeng i norsk svarande til MGL1120 og MGL1220.
Studentar som skal starte på Norsk 2 (MGL1322) må ha avlagt eksamen i 1220 eller tilsvarende på nynorsk. Det er ikkje mogleg å få fritak for nynorsk på MGL1322.
Eksamen / vurdering
FOU-oppgåve og munnleg eksamen
Vurderingsform | Vekting | Varighet | Karakter | Hjelpemiddel |
---|---|---|---|---|
FOU-oppgåve | 1/2 | Bokstavkarakterar | ||
Muntleg eksamen | 1/2 | Bokstavkarakterar |
Forsking- og utviklingsoppgåve (FoU-oppgåve)FoU-oppgåve skal ha eit omfang på 6 000 til 10 000 ord. Oppgåva skal skrivast individuelt. Alternativ utforming (t.d. multimodal) skal avklarast med rettleiar. Målform er valfri. Vurdering: A-F.Munnleg eksamenMunnleg eksamen er ein individuell fagsamtale. Den faglege samtalen dreier seg om ei oppgåve som kandidaten får tildelt eit døgn før eksamen. Oppgåva blir utforma på bakgrunn av refleksjonsnotatet som har blitt levert av praksisgruppa som studenten høyrer til (sjå arbeidskrav). I fagsamtalen legg kandidaten fram faglege og fagdidaktiske perspektiv som svarar på oppgåva kandidaten har fått. Vurderinga varer i 15-20 minutt. Vurdering: A-F.Viss ein student ikkje har bestått praksis (på grunn av fråvær, sjukdom eller liknande), vil studenten få ei oppgåve knytt til pensum.Kontinuasjonseksamen vil følgje same oppsett som ordinær eksamen. Vurdering: A-F.
Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
• Innlevert prosjektskisse til FoU-oppgåve på grunnlag av godkjend tema/problemstilling
• Rettleiing på FoU-oppgåva, minimum 2x30 minutt
• Utvikla norskdidaktisk undervisningsopplegg før praksis
• Refleksjonsnotat knytta til praksis, pensum og forelesingar (1000 ord). Refleksjonsnotatet skal skrivast i praksisgruppene, eitt notat per gruppe. Notatet skal skrivast på nynorsk.
Studentar som får eitt eller fleire av arbeidskrava vurdert/vurderte til ikkje-godkjend ved første innlevering, får mogelegheit for éi ny innlevering i omarbeidd form. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal ha rett til å gå opp til eksamen.
Undervisninga er lagt opp slik at det norskfaglege lærestoffet skal relaterast til læraryrket gjennom fagdidaktiske refleksjonar saman med studentane. Det er derfor eit krav om minimum 70 % oppmøte i norskundervisninga.
Fagperson(er)
Faglærar:
Sofija SvendsenFaglærar:
Eli FlatekvalStudieprogramleder:
Ingeborg KnævelsrudEmneansvarleg:
Åsmund HennigStudiekoordinator:
Ida Margrethe EikaasArbeidsformar
Arbeidsformer
Praksisperiode, forelesingar med diskusjonar, presentasjon av fagstoff osv., seminar, gruppearbeid. Studentane blir oppfordra til å lage eigne kollokviegrupper. Kommunikasjonen med studentane skjer via Canvas.
Arbeidsmengd
Universitetet i Stavanger definerer eit studieår til 40 veker, og arbeidsmengda per 15 studiepoeng er estimert til 412 timer, det vil seie 41,2 timer per veke i snitt for 30 studiepoeng. Dette inkluderer forelesingar og seminar og studenten sitt for- og etterarbeid knytt til forelesingar og seminar, slik som å lese pensum, setje seg inn i emneplanen sin omtale av læringsmål, delta i kollokvie- eller lesegrupper osv. Timane inkluderer dessutan praksis, arbeid med arbeidskrav og liknande. Talet på sider for oppsett pensum per 15 studiepoeng er berekna til 1200-1500 sider, men vil til ei viss mon vere avhengig av kva type tekstar som blir sette opp.
Praksis
Overlapping
Emne | Reduksjon (SP) |
---|---|
Språk og litteratur i tid og rom (MGL1320_1) | 15 |
Skulens tekstar, med FoU-oppgåve (MGL1321_1) | 15 |
Språk og litteratur i tid og rom, Skulens tekstar, med FoU-oppgåve ( MGL1320_1 MGL1321_1 ) | 30 |