Bacheloroppgåve (ABLBAC)
Bacheloroppgåva skal bidra til at studenten blir medviten den profesjonelle identiteten sin som barnehagelærar.
Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2025-2026. Merk at det kan komme endringer.
Emnekode
ABLBAC
Versjon
1
Vekting (stp)
15
Semester undervisningsstart
Haust
Antall semestre
1
Vurderingssemester
Vår, Haust
Undervisningsspråk
Norsk
Innhald
Læringsutbytte
Etter å ha gjennomført emnet skal studenten ha tileigna seg følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om vitskapsteori, forskingsmetodar og forskingsetikk med relevans for studiar av barnehagen si verksemd
- har kunnskap om korleis problemstillinga legg grunnlaget for den metodiske tilnærminga i oppgåva
- har kunnskap om prosessar knytt til innsamling og analyse av datamateriale
- har inngåande kunnskap innan det temaet som er valt for oppgåva
Ferdigheiter
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig arbeid på ein fagleg, akademisk og etisk forsvarleg måte
- kan vurdere og nytte vitskapsteoretisk og metodisk kunnskap når hen utformar bacheloroppgåva si
- kan identifisere og drøfte ei barnehagefagleg problemstilling
- kan reflektere kritisk og etisk rundt temaet, metoden og datagrunnlaget i oppgåva
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i korleis det valde temaet for bacheloroppgåva er relevant for arbeidet som barnehagelærar og for profesjonen sitt samfunnsoppdrag
- viser forståing for samanhengen mellom forsking og barnehagen si verksemd
Forkunnskapskrav
Anbefalte forkunnskaper
Eksamen / vurdering
Vurderingsform | Vekting | Varighet | Karakter | Hjelpemiddel |
---|---|---|---|---|
Bacheloroppgåve - individuell eller i gruppe | 1/1 | Bokstavkarakterar | Alle |
Lengda på den ferdige bacheloroppgåva skal vera 8000 ord (+/- 10%). Dette gjeld anten oppgåva er skriven av éin student åleine eller ei gruppe.Studenten skal levere bacheloroppgåva i Inspera. Det blir gjennomført plagieringskontroll.Viss ei bacheloroppgåve ikkje blir levert innan fristen, blir det rekna som eit forsøk på prøving (jf. forskrift om eksamen ved UiS).En kandidat har som hovedregel ett forsøk på en bacheloroppgave. En kandidat som ikke har bestått bacheloroppgaven kan etter søknad innvilges et 2. forsøk. I slike tilfeller kan oppgaven leveres inn i bearbeidet form eller det kan leveres en helt ny oppgave(Forskrift om studier og eksamen § 3-10 pkt. 4).KI-verktøy som skriveroboter er lovlige hjelpemidler ved innleveringsoppgaver og eksamen hvor alle hjelpemidler er tillatt. Det henvises til reglement på studentnettsidene - eksamen.
Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
Studenten må:
- delta på minst to rettleiingstimar
- delta på prosjektseminar
- levere og få godkjent ei prosjektskisse
Studenten må ha gjennomført og fått godkjent alle desse obligatoriske krava før hen kan gå opp til eksamen i emnet (dvs. å levere bacheloroppgåva).
Fagperson(er)
Emneansvarleg:
Jon Øgaard SchjelderupPraksiskoordinator:
Tone Lønseth DavidsenStudiekoordinator:
Karin BernerArbeidsformar
Arbeids- og undervisingsformene på emnet vil variere mellom førelesingar, diskusjon, seminar, rettleiing, gruppearbeid, studentframlegg, respons og sjølvstendig arbeid på campus så vel som digitalt.
Studentar som følgjer normal studieprogresjon på arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) vil gjennomføre ein praksisperiode i det same semesteret som dei tar ABLBAC. Difor kan òg praksisoppgåver bli nytta som eit element i undervisingsopplegget på ABLBAC.