Norsk trinn 5-7 (MGL1220)
Emnet utgjer den andre delen, 15 studiepoeng av obligatorisk Norsk 1, som saman med MGL1120 gir 30 studiepoeng. Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur og litteraturfag og ein arena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar i ulike modalitetar og sjangrar frå fortid og samtid.
MGL1220 gir studenten ei grunnleggande innføring når det gjeld norskundervisning i barneskolen, og legg særleg vekt på trinna 5-7. Studenten får innføring i sentrale arbeidsområde i norskundervisninga for desse trinna, og blir sett i stand til å gjere fagdidaktiske val og vurderingar både når det gjeld vidare lese- og skriveopplæring og arbeid med munnleg og skriftleg språkutvikling og forståing-, oppleving og kritisk utforsking av ulike typar tekstar.
Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2024-2025. Merk at det kan komme endringer.
Emnekode
MGL1220
Versjon
1
Vekting (stp)
15
Semester undervisningsstart
Haust
Antall semestre
1
Vurderingssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk
Innhald
Norsk 1-7 15 + 15 stp
Faget i utdanninga
Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid. Faget legg eit viktig grunnlag for kulturforståing, danning og kritisk tenking, særleg gjennom innsikt i korleis språk og tekstar formar og blir forma av kulturelle fellesskap. Norskfaget har ein historisk og nasjonal basis samtidig som allmenne og internasjonale perspektiv er sentrale for forståinga av det samfunnet vi er ein del av. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn i endring, og norskfaget må heile tida utviklast i relasjon til samfunns-utviklinga.
Som språkfag har norsk ein særeigen posisjon. Språket spelar ei fundamental rolle for læring, kritisk tenking og kommunikasjon. Det heng såleis tett saman med identitetsutviklinga til den einskilde språkbrukaren og med kultur- og samfunnsutviklinga gjennom historia. Samtidig er språket inngangen til aktiv deltaking i arbeidsliv og demokratiske prosessar. Gjennom arbeid med språk og tekstar skal lærarutdanningas norskfag legge grunnlaget for at studentane på kvalifisert vis kan bidra til at elevar blir trygge og aktive språkbrukarar som utviklar språk- og tekstkunnskap tilpassa trinn og alder.
Litterære tekstar går i aktiv dialog med kulturens utvikling og spenningar, livsvilkår og tenkemåtar. Både fiksjons- og saktekstar gir innsyn i kulturelle og historiske referanserammer og innbyr til refleksjon og kritisk tenking. Skjønnlitteratur har på same tid eit særleg potensial for styrking av førestellingsevne og empati. Arbeid med tekstar i ulike medium og sjangrar og frå ulike perspektiv - estetiske, kommunikative, kulturelle og historiske - skal legge grunnlaget for gode tekstval og fagleg litteraturarbeid som innbyr elevar på trinn 1-7 til oppleving og tolking, nyskaping og kritisk refleksjon.
Å lytte og tale, lese og skrive, sjå og vise er sentrale aktivitetar i all kommunikasjon og læring. Norskfaget gir spesialisert kunnskap om slike prosessar og rikeleg høve til å praktisere dei i fagleg arbeid. Studentane skal vidareutvikle evna til å vurdere og diskutere eigne og andres tekstar og til å bruke relevante tekstar og medium i fagleg arbeid. Dei skal lære å forstå korleis elevar utviklar og vidareutviklar grunnleggande munnleg og skriftleg tekstkyndigheit, og dei skal rustast til fagspesifikk undervisning i lesing, skriving og munnleg aktivitet tilpassa elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter på trinn 1-7.
Norsk 1 (30 sp)
Norsk 1 gir eit første grunnlag for norskundervisning på trinn 1-7. Sentralt står språklege og litterære emne, fagdidaktiske spørsmål og arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, særleg munnleg kommunikasjon og lese- og skriveopplæring for elevar med norsk som første- og andrespråk. Emnet legg òg vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.
Universitetet i Stavanger definerer eit studieår til 40 veker, og arbeidsmengda per 15 studiepoeng er estimert til 412 timer, det vil seie 41,2 timer per veke i snitt. Dette inkluderer forelesingar og seminar og studenten sitt for- og etterarbeid knytt til forelesingar og seminar, slik som å lese pensum, setje seg inn i emneplanen sin omtale av læringsmål, delta i kollokvie- eller lesegrupper osv. Timane inkluderer dessutan praksis, arbeidskrav og liknande. Talet på sider for oppsett pensum per 15 studiepoeng er berekna til 1200-1500 sider, men vil til ei viss mon vere avhengig av kva type tekstar som blir sette opp.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om språket som system og språket i bruk, med særleg vekt på syntaks, tekstgrammatikk og argumentasjonslære
- har kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og fleirspråkleg praksis
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar, på nynorsk og bokmål, i ulike sjangrar og medium, med vekt på tekstar for elevar på mellomtrinnet
- har kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar, med vekt på litteratur for elevar på mellomtrinnet
- har brei kunnskap om metodar i lese- og skriveopplæringa på mellomtrinnet
- har kunnskap om nasjonale prøver, og om læremiddel trinn 5.-7., både digitale og andre
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkarbeid og gjere greie for fagdidaktiske val som skal fremje språkutvikling for alle elevar
- kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar og sjangrar i arbeid med tekstar i ulike medium
- kan bruke ulike metodar i den vidare lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
- kan undervise elevar i begge målformer
- kan vurdere norskfaglege læringsressurssar
Generell kompetanse
Studenten
- kan legge til rette for at elevane vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
- kan planlegge og gjennomføre norskundervisning i sentrale emne for 5.-7. trinn og gjere greie for elevtilpassa fagdidaktiske val
- kan vurdere eigen praksis på 5.-7. trinn med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag
- kan skrive akademiske tekstar med tilvisingar og litteraturliste
Forkunnskapskrav
Eksamen / vurdering
Vurderingsform | Vekting | Varighet | Karakter | Hjelpemiddel |
---|---|---|---|---|
Individuell heimeeksamen | 1/1 | 1 Veker | Bokstavkarakterar | Alle 1) |
1) Restriksjonar på bruk av KI. Studenten kan ikkje bruke KI til å skrive eksamensoppgåven, som skal være eit sjølvstendig arbeid
Det totale omfanget skal vera 4000 ord (akseptabelt avvik +/- 10 %). Oppgåva skal skrivast med linjeavstand 1,5. Figurar og tabellar kan koma i tillegg til det oppgitte omfanget. Målform: Nynorsk.
Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
Arbeidskrav som må vere godkjende for å gå opp til eksamen:
- Innlevering av fagtekst på nynorsk.
- Eit innlegg i ein nettdebatt på Canvas, samt replikk til eit anna innlegg.
- Eit praksisopplegg som blir presentert skriftlig, med vekt på planlegging, gjennomføring og refleksjon. Munnleg presentasjon av praksisgjennomføringa.
Studenter som får én eller flere av arbeidskravene vurdert til ikke-godkjent ved første innlevering, gis mulighet for én ny innlevering av oppgaven(e) i bearbeidet form.
Obligatoriske undervisningsaktivitetar
Undervisninga er lagt opp slik at det norskfaglege lærestoffet skal relaterast til læraryrket gjennom fagdidaktiske refleksjonar saman med studentane. Det er derfor eit krav om minimum 70 % oppmøte i norskundervisninga.