Er det mogleg å laga eit undervisingsopplegg som både gjev leselyst, utviklar elevane sine evner til kritisk lesing og samtidig gjev eit positivt møte med nynorsk språk og litteratur?
![](https://www.uis.no/sites/default/files/inline-images/mAj4FmMsaAJhkIzvOPb6vBB0RvdXcUjKB3JbU52uaKiyqAPaUV.png)
Ein ungdomsskule har gjennomført eit samskrivingsprosjekt med ein forfattar, men prosjektet har vist at det kan gjennomførast med lærar og elevar òg.
Kva skjer når ein forfattar får i oppdrag å skriva ein nynorsk ungdomsroman til bruk i undervisinga? Jau, han lar la ungdommane sjølve gje tilbakemelding på teksten etter kvart som han sjølv skriv. Tilbakemeldinga gjekk frå å vera ganske ”skulske” i starten, til å bli meir ærlege og kritiske mot slutten.
Mange lærarar opplever at det er vanskeleg å fengja bokmålselevane si interesse for nynorsk, og den mest eintydige erfaringa med dette prosjektet er då også at det har gjeve desse elevane eit mykje meir positivt forhold til nynorsk: ”Hei, dette kapitlet er på nynorsk! Har det vore det heile tida??”
Prosjektet viser òg at responsen frå elevane er så gode at det er verd å gjenta forsøket, anten med ein etablert forfattar, eller at læraren sjølv skriv, eller kanskje i lag med ein annan skule.
Artikkelen er skriven av Terje Torkildsen og Anne Marthe Lindheim, og er henta frå heftet Bok i bruk på 8.-10. trinn.