UiS er Noregs beste statlege lærlingbedrift

Regjeringa har kåra Universitetet i Stavanger til årets statlege lærebedrift. Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun overrekte prisen då ho besøkte UiS.

Publisert Sist oppdatert

Gruppe med mennesker foran grønne trær
Bak frå venstre: Ann Cecilie Løvberg, Lujain Khatib, Suwisa Chaithongrat, Ine Emilie Helland Isberg, Malin Johansen-Fredriksen, Celine Tingvik.
Framme frå venstre: Olaf Cezary Normann, Are Molund, Åshild Røsvik, Karoline Holmboe Høibo, statsråd Kari Nessa Nordtun, Sebastian Fitjar, Benjamin Csaplar, Geirung Aske Johannesen og Christian Storhaug Opstad. (Foto: Line Hausken)

– Om 11 år vil vi trenge 90 000 fleire fagarbeidarar i Noreg. Vi merkar mangel på fagfolk i alle bransjar. Vi har eit høgkompetent arbeidsliv, som krev at vi tilpassar oss raskt. Vi treng mange dedikerte og dyktige fagfolk. Utan gode lærebedrifter så klarer vi ikkje den jobben, seier statsråd Kari Nessa Nordtun i Kunnskapsdepartementet.

– Ein fantastisk ressurs

Dame og mann i laboratorium
Laboratorielærling Olaf Cezary Normann viser kunnskapsministeren laben der han brukar mykje tid. (Foto: Line Hausken)

Universitetet i Stavanger har hatt lærlingar sidan 1997, og tok eit strategisk val om å auka talet på lærlingar i 2016.

– Me såg dette som eit samfunnsansvar og har erfart at lærlingane er ein fantastisk ressurs. Dei representerer eit mangfald som styrkjer arbeidsmiljøet, gir fagleg meirverdi gjennom nye perspektiv og idear, seier Karoline Holmboe Høibo, direktør for organisasjon og infrastruktur.

– Prisen me får i dag er ei viktig anerkjenning av det arbeidet me har gjort for å etablera ordninga som eit verdsett tiltak i heile organisasjonen, seier ho.

Spennande utfordringar

Ine Emilie Helland Isberg er HR-lærling og ein av 16 lærlingar som jobbar ved UiS no.

– Eg har hatt ein fantastisk berikande lærlingperiode, med masse kjekke og spennande utfordringar eg aldri kunne sett føre meg då eg søkte om læreplass ved UiS, seier ho.

Ho har også sett stor pris på det gode samhaldet og alle dei sosiale aktivitetane med dei andre lærlingane.

Systematisk arbeid med lærlingar

I grunngivinga til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet trekker dei fram at UiS utmerker seg ved å ha sett lærlingarbeidet i system.

«Dei arbeider systematisk med å rekruttera nye lærlingar og gjere UiS til ei attraktiv lærebedrift. Faglege leiarar blir meld på lokale kurs for at dei skal bli best mogleg rusta for å ta vare på velferda og utviklinga til lærlingane,» skriv departementet.

UiS får også skryt for å arrangere samlingar om vegen vidare etter læretida, der tema er alt frå søknads- og CV-skriving til vidare karrieremoglegheiter.

Lærlingar innan fleire fagfelt

I tillegg til HR, har Universitetet i Stavanger lærlingar innan fagfelta service- og administrasjon, IT-drift, laboratoriefag, industrimekanikk og medieteknikk.

Les meir om lærlingprisen til UiS på regjeringa sine nettsider