Starta studietida på Handelshøgskulen UiS med å lære om samarbeid

230 nye studentar har gjennomført det tradisjonsrike rebusløpet til Handelshøgskulen ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Publisert Sist oppdatert

Temaet for dagen var lagarbeid. Dei ferske studentane fekk lære mykje nyttig frå føredragshaldar Erlend Rørvik i Bjørnson organisasjonspsykologene om korleis ein jobbar best i team.

Etterpå skulle dei overføre teorien til praksis.

Mann holder foredrag. Studenter sitter rundt flere bord.
Erlend Rørvik gav studentane diskusjonsoppgåver, der dei f.eks. skulle tenke på kva dei sjølv bidro med i gruppa.

Logikk, matematikk og marknadsføring

Økonomistudentane fekk testa korleis samarbeidet fungerer i eit rebusløp i grupper, der dei også fekk sjansen til å bli godt kjent på campus Ullandhaug.

Oppgåvene handla om logikk, matematikk og marknadsføring, for å nemne noko.

Felles for alle oppgåvene, var at studentane måtte samarbeide om å løyse dei.

Fire jenter løser rebusoppgave
Fire jenter løser rebusoppgave
Studenter ute på parkeringsplass
Studenter løser oppgaver
Gutter løser rebusoppgaver
Studenter går på ski med planker
Studenter med ryggen til

Student på årsstudium: – Fint å få litt innblikk i økonomiutdanninga

På ei av gruppene er det fire nye studentar, som alle skal gå årsstudium i økonomi og leiing. Dette studiet er nytt frå hausten 2024.

– Eg vil ta eit årsstudium fordi det er fint å få litt innblikk i økonomiutdanninga før ein begynner på ein eventuell bachelor, seier Oliver Heimsnes.

Dei nye studentane ved Handelshøgskulen UiS har nettopp hatt fadderveke, og fått mange nye venner.

– Det var veldig gøy, seier Martine Idland.

Ein studiestad i nærområdet

Studentane seier at Universitetet i Stavanger var eit naturleg val, sidan dei kjem frå Rogaland. Sofie Hansen Husevåg kjem frå Bergen, men har gått på folkehøgskule i Stavanger, og kjenner området godt.

Dei er alle spente på kva som ventar i studietida framover.

– Eg er spent på førelesingane. Eg trur mange gruar seg litt til matten, seier Oliver og ler.

Fire studenter
F.v. Martine Idland (19), Oliver Heimsnes (19), Sofie Hansen Husevåg (26) og Ina Nygaard Kleven (23) skal studere årsstudium i økonomi og leiing.

Nyttig premie

Mot slutten av dagen, vart dei tre gruppene med høgast poengsum premierte for innsatsen sin i rebusløpet.

Studentane på vinnarlaget fekk kvar si hengekøye, som kan vere fin å ha når dei skal utforske den flotte naturen regionen Stavanger har å by på.

Studenter foran lerret

Vinnarlaget: Magnus Meland, Helle Aune, Ulrikke Wathne, Sander Watne-Dueland og Audun Thornes Johannessen.

Studenter foran lerret
Jenter foran lerret