Ole Magnus studerte maskiningeniør: – Fokuser på å bli ein god samarbeidspartnar

Ole Magnus Husebø fekk jobb på arbeidsplassen han samarbeidde med i bacheloroppgåva då han var student ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Publisert Sist oppdatert

Namn: Ole Magnus Husebø
Alder:
27
Studieprogram:
Maskiningeniør, bachelorgrad
Yrke og arbeidsgjevar:
Prosjektleiar i Remotion

Kvifor ville du studere maskiningeniør ved UiS?

– Eg har fagbrev som industrimekanikar og likte meg i jobben, men avslutta læretida i ein periode med få jobbmoglegheiter. Under førstegongstenesta vurderte eg situasjonen nærmare, og bestemte meg for å ta vidare utdanning for å forhåpentlegvis opne fleire dører.

Kva sette du mest pris på med studietida di ved UiS?

– Eg set pris på at UiS har lagt til rette for utdanning medan eg jobba, noko som gjorde det mogleg for meg å fullføre maskiningeniørutdanninga på fulltid.

Kva for ein del av studiet har du hatt mest nytte av i arbeidslivet?

– Eg har hatt mest nytte av å arbeide med bacheloroppgåva, som blei utarbeidd i samarbeid med Remotion, og som handla om utviklinga av ein av deira nye robotar. Det har også vore nyttig å lære og vere meir kritisk til eigen tenkemåte rundt problemløysing.

Mann med roboter ved siden av
Ole Magnus Husebø jobbar i Remotion. Til venstre er roboten «Pluto», som kan sandblåse verktøy. Bacheloroppgåva hans gjekk ut på å vere med i utviklinga av denne roboten. Til høgre er roboten «Icarus», som er utvikla for å fjerne rust og måling frå røyr.

Fortel om jobben du har no. Kva likar du best med jobben din?

– Eg er prosjektleiar i Remotion, eit veksande selskap som spesialiserer seg på teknologiutvikling med magnetiske robotar og ROV-ar. Eg likar best å jobbe med både interne utviklingsprosjekt og prosjekt der robotane utfører arbeid på installasjonar i Nordsjøen.

Kva har utdanninga di ved UiS betydd for jobben du fekk?

– Utdanninga mi har vore sentral for dei moglegheitene selskapet har gitt meg. Den har gjort det mogleg for meg å delta i spennande utfordringar og arbeid eg elles ikkje ville hatt tilgang til.

Kva er dine topp 3 råd til nye studentar ved UiS?

  1. Som student har du ein unik moglegheit til å etablere gode rutiner og sjølvdisiplin. Kvardagen er fleksibel, så bruk tida til å balansere skule, trening, jobb og sosialt liv.
  2. Bygg eit nettverk og fokuser på å bli ein god samarbeidspartnar.
  3. Hugs at gode resultat frå studietida er ein langsiktig strategi som kan vere avgjerande for kva slags dører som blir opna seinare i livet.

LES OGSÅ: UiS er tett på arbeids- og næringslivet