Nytt emne om kunstig intelligens: – Det passar for alle

Har du lyst å lære meir om kunstig intelligens? Universitetet i Stavanger (UiS) har to heilt nye emner på dette fagområdet.

Publisert Sist oppdatert

UiS tilbyr no eit fleksibelt og heildigitalt innføringsemne i kunstig intelligens (KI). Emnet vil gje deg grunnlaget for å forstå, og kritisk vurdere bruken av KI til din idé, bedrift, studium eller jobb.

– Emnet passar for alle, seier førelesar for emnet, Alvaro Fernandez Quilez. Han er førsteamanuensis i kunstig intelligens ved UiS.

Mann med grønn plen og bygning i bakgrunnen
Alvaro Fernandez Quilez skal undervise i det nye innføringsemnet i kunstig intelligens.

– Eit realistisk perspektiv på KI

Emnet har eit variert innhald. Alt frå grunnleggjande forståing av KI og vanlege begrep innan feltet, til vurderingar som bør bli gjort før ein tek i bruk KI, kva generativ KI er, tilgjengelege verktøy for generativ KI, begrensingar og etiske/juridiske konsekvensar ved bruk av KI.

– Folk bør ta dette emnet fordi det vil gje dei eit realistisk perspektiv på KI, og kvifor det er eit brennheitt tema. Personleg trur eg dette er noko folk vil få bruk for i framtida.

Han fortel at emnet vil handle om kvardagslege ting, som gjer at folk får mest mogleg ut av kunstig intelligens i jobben sin eller på studiet.

Emnet er delt inn i fire hovuddelar, forklarar Quilez:

  • Det første handlar om kva kunstig intelligens er, og kva det ikkje er. Definisjonen på alle moteord folk har høyrt mykje i det siste.
  • Den andre delen handlar om kva slags betraktningar du bør ta for å bruke kunstig intelligens på arbeidsplassen din, og når det er riktig å gjere det.
  • Den tredje delen handlar om generativ kunstig intelligens, inkludert ChatGPT, og korleis ein nyttar slike verktøy.
  • Den fjerde delen handlar om etikken. Burde eg bekymre meg for noko dersom eg brukar kunstig intelligens? Kan eg få juridiske problem?
Skjerm med informasjon om emne i kunstig intelligens
Emnet vil bli undervist på engelsk, men med norsk tekst.

Eit emne for både studentar og folk i ulike yrkesgrupper

Quilez er tydeleg på at emnet passar for alle som ikkje har så mykje kunnskap om kunstig intelligens.

– Det kan vere nyttig for både lærarar og studentar, for å nemne nokon. Kanskje det kan passe for foreldre som er bekymra for at borna deira nyttar kunstig intelligens. Det kan også vere nyttig for professorar ved universitet, som kanskje ikkje er så oppdaterte når det gjeld KI.

Sidan emnet er heildigitalt, vil det kunne passe bra for folk som er i jobb. Eksamen vil vere i form av eit prosjekt.

– Eg trur prosjektet vil vere interessant for mange, fordi vi flyttar oss vekk frå den tradisjonelle eksamensforma med spørsmål. Det er eit «hands on»-prosjekt der du må bruke KI. Du får ei problemstilling som vil vere relevant på arbeidsplassen eller i heimen. Og løysinga skal du finne ved å bruke verktøy, og andre ting du har lært om kunstig intelligens i dette emnet, forklarar Quilez.

– Kva vil du seie til dei som er skeptiske til kunstig intelligens?

– Dei bør ta dette emnet, for å forstå at det ikkje er tilfellet. Men det er bra at du spør, for dette emnet er mellom anna meint for dei som er skeptiske. Emnet gir eit realistisk perspektiv på KI. Det handlar ikkje eigentleg om kor fantastisk kunstig intelligens er, men meir: «KI er veldig god til dette, men også veldig dårleg til dette», understrekar han.

Eit eige KI-emne for ingeniørar

Kan du allereie ein del om kunstig intelligens? Om du har ingeniørbakgrunn, så kan du søke på det nye emnet Kunstig intelligens for ingeniører, som også er eit nettbasert studium.

– Dette emnet er meint for folk som kan å programmere. Det er eit logisk steg vidare. Kanskje du vil dykke litt meir ned i teknikalitetane rundt KI, seier Quilez.

Instituttleiar ved Institutt for data- og elektroteknologi ved UiS, Tom Ryen, seier det betyr mykje for UiS å få dei nye emnene i kunstig intelligens:

– For UiS er det viktig å kunne fylle eit behov som mange har no, både på UiS og i samfunnet for øvrig, som handlar om å lære seg om kva KI er, og korleis ein kan ta i bruk KI på ein bra måte. Auka kunnskap er viktig for å utnytte den nye teknologien betre, samtidig som ein blir bevisst på utfordringar med KI. Ein blir meir robust, både som enkeltmenneske og som samfunn.

Quilez håpar UiS vil satse på fleire heildigitale emner:

– Eg trur det blir ein trend. Det er slik studentar jobbar no for tida. Viss eg har ledig tid, vil eg lære noko, og då vil eg ha fridommen til å kunne delta online. Eg håpar UiS vil ha fleire heildigitale og fleksible emner, avsluttar han.

Du kan søke på emnene Innføring i kunstig intelligens (KI) eller Kunstig intelligens for ingeniører fram til 1. september.