No kan du ta eit djupdykk i forfattarskapen til Jon Fosse. Tre tema står sentralt; fjorden, heimen og melankolien. Seminara er opne for alle. Om du følgjer seminarserien og gjennomfører ein litterær samtale som eksamen, kan du også få studiepoeng i Fosse.
Norsk
Litterær samtale
1. april
Mikroemnet er ope og for alle og krev ingen forkunnskap. Du veljer sjølv om du ynskjer å ta eksamen i form av ei litterær samtale saman med dei andre kursdeltakarane eller ikkje.
Datoer for samlingane og eksamen våren 2025:
Onsdag 2. april kl. 16:30 - 19:30
Torsdag 3. april kl. 16:30 - 19:30
Onsdag 9.april kl. 16:30 - 19:30
Torsdag 10. april kl. 16:30 - 19:30*
*Eksamen
Alle samlingar er på Sølvberget, Stavanger sentrum.
Om studiet
Seminara er opne for alle og krev ingen forkunnskap. Om du følger seminarserien og gjennomfører ein litterær samtale som eksamen, kan du også få studiepoeng i Fosse.
Kvart undervisningsmøte fungerer som ein kombinasjon av tradisjonelle førelesingar og diskusjon i mindre grupper. Sjølv om kvart møte legg størst vekt på eitt verk, vil eksempel frå andre tekstar og sjangrar i forfattarskapen til Jon Fosse hentast fram.
I det første møte er det heimen som er tematikk. Heimen rommar óg tema som vern, relasjonar, familie og kommunikasjon. Forelesinga vil ta utgangspunkt i dramatikken til Fosse, og då særleg dramaet Namnet (1995), som skal lesast i forkant.
I det andre møtet skal vi sjå nærare på sjøen, som speler ei sentral rolle i Fosse sin forfattarskap. Folk er ute i båt for å finne einsemd, for å kjenne kontakt med rytmen i bølgjene – og her kjem dei nokre gonger i kontakt med det verkeleg store som kvelvar seg over tilværet vårt, med døden og Gud. Dette møtet vil ha særleg fokus på romanen Morgon og kveld (2000), som skal lesast i forkant.
I den tredje forelesinga skal vi utforske melankoli som tematikk i Fosse sin forfattarskap. Melankolien kjem til uttrykk som uro, fortviling og galskap, men òg som skaparkraft, skriving og kunst. Forelesinga vil særleg ha fokus på romanen Naustet (1989), som ein skal lese i forkant, men vil også kome inn på melankoli som tema i andre av Fosse sine romanar og i lyrikken hans.
Om du veljer å følge seminarserien som eit studium, får du også vere med på ein litterær samtale med andre kursdeltakarar om Fosse sin forfattarskap og det de har lært og diskutert i seminara. Denne litterære samtalen er faktisk eksamen og gjer at du kan bli blant dei første i verda som får studiepoeng i Jon Fosse.
Les meir om seminara og korleis du melder deg opp for å ta dette som eit studium (mikroemne) her:
Jon Fosses forfatterskap | Universitetet i Stavanger (uis.no).
Er du interessert i å ta dette emnet? Send ein mail til mikroemne.iks@uis.no
Vitskaplege kontaktpersonar
Institutt for kultur- og språkvitenskap
Institutt for kultur- og språkvitenskap
Institutt for kultur- og språkvitenskap