Omid Karari Karadeh er student på byplanlegging, og har hatt prosjektarbeid i samarbeid med næringslivet. – Heilt essensielt å knytte kontakt medan dei er i studieløpet, seier byplanleggar i Stavanger kommune.
– Vi hadde berre seks veker på å fullføre prosjektet. Eg trur vi alle har gjort ein god jobb, seier Omid Karari Karadeh, utvekslingsstudent ved Universitetet i Stavanger (UiS).
– På masterstudiet byplanlegging blir det ofte brukt reelle og relevante problemstillingar som studentar skal løyse ved hjelp av prosjektarbeid i gruppe, som ein type simulert yrkesrealitet, fortel førsteamanuensis i byutvikling og urban design ved UiS, Daniela Müller-Eie.
Samarbeid med næringslivet
Hausten 2023 har dei hatt samarbeid med Stavanger kommune og Stavanger utvikling om problemstillinga rundt korleis sjukehustomta skal utviklast etter kvart som Stavanger universitetssjukehus flyttar til Ullandhaug.
I emnet "Stedsutvikling" (BYG510) har studentane presentert planforslag basert på stadsanalyser dei har gjort på same stad i emnet "Plan og analysemetoder" (BYG500).
– Presentasjonen var ei veldig god oppleving. Det var så fint at vi hadde besøk frå Stavanger kommune. Det gjorde presentasjonen litt spesiell for alle oss. Meir press, kanskje. Men samstundes meir motivasjon. Eg er fornøgd, fordi vi forklarte alt bra, trur eg, seier Karadeh.
– Kva var det vanskelegaste med prosjektet?
– Sidan vi måtte vurdere ulike aspekt, så kan det vere vanskeleg. Det var eit sjukehusområde der bygningane hadde same struktur som eit sjukehus. Og då er spørsmålet: Skal vi bruke dei på nytt eller rive dei? Det var ikkje noko god samanheng, så vi burde rive nokre av dei. Men med tanke på berekraft, burde dei ikkje bli rivne. Dette var den mest utfordrande delen av området, etter mi meining.
– Føler du at dette arbeidet er enkelt å overføre til korleis det er i verkelegheita?
– Ja, eg trur det kan vere det langsiktig. Vi vurderte ikkje kor gjennomførbart det var økonomisk. Eitt av aspekta vi vurderte, var korleis vi skulle gjere det mest mogleg overbevisande for utviklarar, grunneigarar, Stavanger kommune og fylkeskommunen. Etter mi meining, vurderte vi dei fleste aspekta.
– Studentane har jobba metodisk bra
Arkitekt og byplanleggar Ingrid Eileraas jobbar i byutviklingsavdelinga i Stavanger kommune. Ho og tre kollegaer som besøkte UiS, er imponerte over kva studentane har fått til på seks veker.
– Byplanlegging er enormt komplekst, så at dei har fått til å lage eit nytt byområde med ulike funksjonar – både bustadar, butikkar, skule og barnehage osv. – er kjempeimponerande. Dei har også jobba veldig metodisk bra, synest eg. Dei har gjort ein bra bakgrunnsanalyse, og brukt det aktivt i resultatet.
– Superviktig å vite kva planfagmiljøet er opptekne av
Eileraas synest samarbeidet med UiS er viktig.
– Eg trur det er heilt essensielt for både oss i Stavanger kommune og UiS-studentane å knytte kontakt medan dei er i studieløpet. Det er veldig kjipt å komme ut frå universitetet å ikkje ane noko om kva som eigentleg den verkelege verda er oppteken av, og kva planfagmiljøet er opptekne av. Det er superviktig.
Ho held fram:
– Studentane har jobba med ting som vi også jobbar med. På den måten er det veldig nyttig for oss å få nokre nye idear og tankar, og høyre kva studentane vektlegg når dei skal planlegge ein by. Så eg trur det er vinn-vinn for alle.
Karadeh kjem frå Iran, men er utvekslingsstudent ved UiS frå det tekniske universitetet Politecnico di Milano i Italia. På spørsmål om kva som er draumejobben, er han ikkje heilt sikker enno:
– Eg studerer "Urban Planning and Policy Design" i Milano. Av og til er eg veldig interessert i retningslinjer for byutviklinga. Eg likar godt strategiar og reguleringar. Å få vere med å bestemme desse reguleringane, er veldig interessant for meg. Eg likar desse emnene svært godt, konkluderer han.
LES OGSÅ: UiS er tett på arbeids- og næringslivet