Bli studentassistent ved Handelshøgskolen!

Handelshøgskolen UiS er på jakt etter dyktige og motiverte studentar som ynskjer å kombinere studiet med jobb våren 2025. Søknadsfristen er 18. november.

Publisert Sist oppdatert

Vi søker studentassistentar til følgjande emne:

Bachelor i økonomi og administrasjon

BØK224 Economic development and sustainable innovation BØK235 Strategy BØK255 Makroøkonomi BØK265 Mikroøkonomi BØK295 Samfunnsvitenskapelig metode for arbeidslivet BØK301 Driftsregnskap og økonomistyring BØK356 Statistics for Business and Economics

Bachelor i rettsvitenskap

BRV110 Avtalerett BRV120 Juridisk metode I BRV130 Familie- og arverett BRV380 Obligasjonsrett

Master i økonomi og administrasjon

MSB109 Digital Marketing MSB111 International Macroeconomics MSB203 Leadership and Organisational Change MSB209 AI Applications in Marketing MSB260 Strategic Decision-Making with AI MSB340 Sustainability Transitions and Innovation MSB416 Applied Innovation Management MSB206 Strategic Analysis

ØkadLounge

Vi søker også studentassistentar til ØkadLounge!

ØkadLounge er ein fagleg og sosial møtestad for studentar på bachelorstudiet (både første og andre året) i økonomi og administrasjon og årsstudiet i økonomi og leiing. I ØkadLounge kan studentar sitje og jobbe med studiet, få hjelp frå andre studentar og treffe vennar og kjende. Studentane får vaflar og noko varmt å drikke. Det vil alltid vere studentassistentar til stades for å hjelpe til med faglege spørsmål.

Din jobb som studentassistent er å få studentane til å føle seg velkomne, skape god stemning og hjelpe til med dei spørsmåla studentane måtte ha, etter beste evne.

Vil du vere med som studentassistent?

ØkadLounge blir i foajeen i Elise Ottesen-Jensens hus tysdagar klokka 12–16 på desse datoane:

28. januar, 11. februar, 18. februar, 11. mars, 18. mars, 8. april, 23. april, 6. mai, 13. mai.

Arbeidstid, lønn og kriterium
Arbeidstid

Kor mykje ein studentassistent jobbar gjennom resten av semesteret, avheng av opplegget faglæraren lager i samarbeid med studentassistenten. Det kan variere frå nokre timar i eit par veker, til 10 timar kvar veke. Arbeidstimar inkluderer alltid både kontakttid med studentar og tid til førebuingar (t.d. førebuing til seminar og gjennomgang av oppgåver). Arbeidstid avtalast mellom studentassistenten og faglæraren, og godkjennast av dekan/programansvarleg. Som heiltidsstudent bør arbeidet ikkje overstige 10 timar per veke.

Lønn

Studentassistentar blir betalte på timebasis i samsvar med gjeldande statleg lønsregulativ. Bachelorstudentar: 206 kr pr time (lønnstrinn 32) Masterstudentar: 210 kr pr time (lønnstrinn 34)

Kriterium

Du må ha minst karakter B i emnet som du skal vere studentassistent i. Hvis du ikkje har tatt emnet tidlegare, vil faglærar gjere ei skjønnsmessig vurdering av dine kvalifikasjonar. Har du utdanning frå ein annan utdanningsinstitusjon, må du sende vitnemål med dokumentasjon på karakterar i dei emna du søkjer om å vere studentassistent i. Sendast på e-post til Cecilie E. Lund (cecilie.e.lund@uis.no). Marker i vitnemålet kva emne dette gjeld. Studentar som ikkje sender slik nødvendig dokumentasjon, blir ikkje vurderte. For å vere studentassistent på masterkurs må du vere masterstudent på 2. året.

Attest

Alle studentassistentar får sluttattest.

Studentar med erfaring frå studentassistentstillingar blir føretrekte framfor andre når vi skal rekruttere. Dette er fordi dei har relevant erfaring og har vist engasjement i studietida.

Anne Cathrin Østebø , administrerande direktør i Validé

Kvifor bli studentassistent?

Her er fem gode grunnar!

1. Relevant arbeidserfaring på CV-en gjev deg eit forsprang

Arbeidsgjevarar ser ikkje berre på utdanning når dei rekrutterer. Korleis skil du deg ut frå andre nyutdanna med same utdanning? Ein jobb som studentassistent gjev deg relevant arbeidserfaring allereie før du er ferdig utdanna. Gjennom å kombinere jobb og studiar viser du òg at du er strukturert og at du har god arbeidskapasitet.

2. Det er ein lønna og ettertrakta jobb med sterk signaleffekt

Det er ei deltidsstilling som kan kombinerast med å vere heiltidsstudent. Å ha vore studentassistent signaliserer at du har viktig kompetanse: Du er dyktig, engasjert og motivert. At du har vore studentassistent viser at du gjerne tar ei utfordring, og ikkje er redd for å kaste deg ut i noko nytt.

3. Det er fagleg utviklande

Det finst knapt noko betre måte å lære på enn å lære bort. Ved å forklare fagstoff til medstudentar utviklar du sjølv ei djupare forståing av faget. Det stimulerer òg kreativiteten og kommunikasjonsevnene dine, sidan du må forhalde deg til studentar med ulik bakgrunn og kompetanse.

4. Det er personleg utviklande

Dei aller fleste er ukomfortable med å presentere foran eit publikum. Men dette handlar om trening! Jo oftare du vågar å gå utanfor komfortsona di, desto større blir den. Du vil òg oppleve gleda av å sjå korleis medstudentar, på grunn av di hjelp, skjønar ein vanskeleg teori som du sjølv nyleg strevde med – og skjønte til slutt.

5. Du blir god til å samarbeide og byggjer nettverk

Som studentassistent får du moglegheita til å bygge viktige sosiale og faglege nettverk, sidan du samarbeider tett med førelesarane ved Handelshøgskolen. Gode samarbeidsevner blir høgt verdsett i arbeidslivet.