Karriererettleiing

I løpet av studietida, spesielt mot slutten, kjem det opp fleire spørsmål om jobb og karriere. Ein samtale med karriererettleiar kan medverka til at du blir meir medviten din eigen kompetanse og kva du kan gjera vidare.

Publisert Sist oppdatert
Karriereveileder
Ein samtale med ein rettleiar kan bidra til at du kan sjå ulike perspektiv og kva du kan gjera vidare. 

Det er du som avgjer kva som skal vera tema for samtalen når du møter ein karriererettleiar. Det kan vera nyttig på førehand å ha tenkt igjennom følgjande tema:

  • Kva kompetanse har du? 
  • Korleis kan du formidla dette til ein arbeidsgjevar? 
  • Kva blir du motivert av, og kva type arbeidsoppgåver likar du? 
  • Trivest du best å arbeida med menneske, idear, fakta eller praktiske oppgåver? 
  • Kva er dine ambisjonar? 

Om du vurderer å avslutta studiane, eller om du er i tvil om du har valt rett studieretning, kan det vera nyttesamt å snakka med ein rettleiar. Ein samtale med ein rettleiar kan hjelpa deg å sjå ulike perspektiv og val moglegheiter.

Karriererettleiar har kontor i Arne Rettedals hus rom V-107.

Hausten 2024 vil karriererettleiar vera til stades på UK i Bjergsted fyrste onsdag i månaden.

For å vera sikker på at karriererettleiar er tilgjengeleg, er det lurt å reservera tidspunkt ved å senda e-post til: karriereveiledning@uis.no.

Kurs og skriveverkstad hausten 2024

Her er ei oversikt over alle kurs og skriveverkstadane UIS skal tilby hausten 2024:

Workshop

Korleis skrive ein god søknad og CV?

Viss du er usikker på korleis du skal gå fram når du skal søkje arbeid, kan skriveverkstad være noko for deg. Her kan du få nyttige tips om korleis du skriv CV og søknadsbrev, og korleis du kan skreddarsy desse. Du kan arbeida med din eigen CV, og få rettleiing undervegs. Det vert høve til å stilla spørsmål om akkurat det du lurer på.  

Dato kjem.

How to get a job in Norway - an introduction course

If you are unsure in how to proceed when applying for a job, this course may be interesting for you. Here you can get useful tips on how to write CVs and cover letters, and how to customize these. We also provide tips on how to prepare for an interview, and how to communicate your skills.

Tuesday 8th of October
14:00 - 1600

Jobbintervjuet – korleis vera best mogleg førebudd

Når du skal på et jobbintervju, er det viktig å vera godt førebudd. Kva skal du førebu deg på, og korleis? Kva spørsmål kan du få? Dette kurset går djupare samanlikna med eit kurs for jobbsøkarar, og gjev deg nyttesam informasjon om kva som hender før, under og etter intervjuet i ein tilsettingsprosess.

Dato kjem.

LinkedIn skriveverkstad

Vi går igjennom korleis ein god LinkedIn profil ser ut. Vi ser på bilete, CV, tilrådingar, nøkkelkvalifikasjonar, ferdigheiter med meir.

Desse to timane passar godt for deg som ynskjer å laga ein profil, eller å friska opp den gamle.

Dato kjem

Sommarjobb/deltidsjobb?

Det er nyttesamt å ha med på sin CV at ein har hatt sommarjobb eller deltidsjobb i løpet av studietida. Ein syner då ein potensiell arbeidsgjevar at ein har erfaring frå arbeidslivet. Ein ynskjer helst at deltidsjobb og sommarjobb er relevant til dei studia ein har, men det er viktig å hugse at du får  med deg personleg erfaring som er nyttesamt i kvar ein jobb. Vi vil i dette kurset gå igjennom korleis ein kan gå fram for å skaffa seg deltidsjobb eller sommarjobb. Det blir sett av tid til å arbeida med sin eigen CV.

Ta med PC

Høyr på Veiledningspoddens episode om Arbeidslivsrelevans

Tirsdag 12. november
14:00 - 1600
Sted: kommer

Påmelding til alle kurs gjer du til: karriereveiledning@uis.no. Merk kva kurs du ynskjer å vera med på.

Kor finn ein dei ledige stillingane?

Når studietida nærmar seg slutten, er det på tide å starte kartlegginga med tanke på aktuelle stillingar. Ver klar over at dette arbeidet kan krevje mykje tid. Det er lurt å starta i god tid, gjerne 3 – 6 månader før slutteksamen. Her får du nokre tips om kor du kan leite.

Karrieresida

På UiS sin karriereside kan du finne aktuelle heiltids- og deltidsstillingar, sommarjobbar, stipend, trainee, internships til studentar og nyutdanna. Her er det også ein god del stillingar som du ikkje finn på større stillingsplattformar som til dømes finn.no. I samarbeidsportalen til UiS kan du søkje og finne dømer på bachelor- og masteroppgåver frånæringslivet.

Jobbsøkingsportalen

På internett finn du ulike portalar for ledige stillingar. Nokre databasar dekkjer dei fleste områda i arbeidslivet, mens andre er for spesielle faggrupper. For å finna fram til aktuelle stillingar, bør du nytte fleire ulike databasar og ulike søkekriteria, gjerne med fritekst. Dei mest nytta generelle databasane er Nav.no og Finn.no.

Internt utlyste stillingar

Fleire stillingar vert ikkje publisert i aviser eller på nett. Offentlege bedrifter er lovpålagt å lysa ut stillingar som er av ei viss lengd, men kortare vikariat og engasjement vert som oftast annonsert internt. Sjekk ut bedrifta si heimeside, og/eller ta kontakt direkte. Der kan du få informasjon om internt utlyste stillingar og kva kvalifikasjonar dei ser etter. Ein slik førespurnad kan leia til at du får ein kontaktperson som du kan senda ein open søknad til.

Studenter på campus

Nytta nettverket ditt

Gje informasjon til vener, kjente og familie at du er på jakt etter jobb. Dette kan leia til at du mottek tips om ledige stillingar som du elles ikkje ville ha fått. Dei fleste har eit større nettverk enn dei er klar over.

Bemannings- og rekrutteringsfirma

Bemannings- og rekrutteringsfirma kan vera ein god plass å starta. Vel ut eit eller fleire byrå der der det er mogleg for deg å få relevante stillingar.

Bedriftenes eigne nettsider

Mange bedrifter vel å publisere stillingsutlysingar på eigne internettsider. Viss du har peika deg ut bedrifter som du ynskjer å arbeide for, bør du fylgje med på nettsidene deira.

Innovasjonspark Stavanger

Innovasjonspark er ein del av kompetansemiljøet på Ullandhaug, og har ein eigen avdeling for etablering av nye bedrifter. Ipark-inkubatoren skal hjelpa til med å få fram nye forretningsidear og få forretningsideane fram til å bli ei lønsam verksemd.

Jobbe i utlandet?

Ved UiS er det representert studentorganisasjonar som formidlar arbeid i utlandet.

IAESTE

IIAESTE formidlar sommarjobbar over heile verda. Nokre stillingar er reserverte til norske studentar, og har eigen søknadsfrist.

AIESEC

AIESEC formidlar internship som varer frå 2 til 18 månader til studentar innan økonomi og administrasjon, IT, marknadsføring, ingeniørfag, forretningsutvikling og finans.

EURES

EURES er ein europeisk portal for jobbmobilitet som gjev deg ein god oversikt over jobbar kor arbeidsgjevarane er spesielt interessert i å rekruttera frå andre EU/EØS - land.

Jobbsøking

Student

Jobbsøking er eit arbeid som kan ta mykje tid. For mange er dette et område ein er ukjent med, og det er derfor viktig å starta tidleg.

CV-en din skal gje ei ryddig, tydeleg og god oversikt over di utdanning og arbeidserfaring. Denne, saman med ein godt skriven søknad, skal gje deg moglegheit til å koma til jobbintervju. 

Du vil konkurrera med mange andre søkarar. Korleis skal arbeidsgjevar bli merksam på deg og velgja å kalla deg inn til intervju? Kva skjer på intervjuet og korleis kan du førebu deg? 

Dette er nokre av dei mange spørsmål rundt jobbsøking som det er viktig å være klar over. 

Høyr episoden av Veiledningspodden som omhandlar jobbsøking. Korleis finn du stillingar du kan søkje på, og korleis forklarar du ein arbeidsgjevar kva du kan når du søkjer jobb? 

Jobbsøknaden

Tips og triks til korleis ulike søknader bør skrivas, og kva feller du bør unngå.

Sjekkliste

Ein søknad skal alltid skreddarsys til stillinga du søkjer på. For å auke dine sjansar for å koma til intervju, er det viktig at du ser søknaden og CV-en din i samanheng.

Do's:

  • Sørg for å formidla din motivasjon for å søkje stillinga i starten av søknadbrevet.  
  • Fokuser på kva som gjer deg kvalifisert til stillinga.
  • Ver så konkret som mogleg, og bruk eksempel som omhandlar og underbygg di erfaring og din kompetanse. 
  • Les deg opp på bedriften.
  • Snakk med folk som kjenner bransjen.

Don'ts

  • Konkrete spørsmål om stillinga/bedriften kan rettas til kontaktpersonen i annonsen. Ikkje spør om noko som allereie er tydeleg kommunisert i annonsen eller på heimesida. 

Skriftlig søknad

Ein søknad skal vera lett å lesa, oversikteleg og ryddig. Du må vera tydeleg på kvifor du søkjer denne stillinga og kva som gjer deg kvalifisert.

Søknad på e-post

Mange arbeidsgjevarar ber deg sende søknad på e-post. Ikkje skriv sjølve søknaden inn i e-posten. Skriv heller eit par linjer der du seier kva stilling du søkjer, og legg søknad og CV med som vedlegg. Gje filene namn som gjer at arbeidsgjevaren lett finn att din søknad/CV. Eksempel: ”stilling-ditt namn- cv/søknad”. 

Åpen søknad

Viss du ynskjer å arbeida for ein særskild organisasjon eller bedrift, kan du sende ein åpen søknad. Til liks med ein søknad på ei konkret stilling, må åpne søknadar også skreddarsys. Ein slik søknad bør gjera greie for kvifor du tek kontakt med bedrifta og kva kompetanse du har som du trur kan være nyttig for dei. Det må gå klart fram kva du kan tilby bedrifta ved bruk av di utdanning og dine erfaringar. Legg ved CV. 
 
Ulempen med åpne søknadar er at dei lett blir oversett.  Det kan difor vera lurt å ringa på førehand, slik at du finn ein kontaktperson som du kan senda søknaden til. Du kan etter et par dagar ringja til arbeidsggjevar for å høyra om den er motteken.

Elektronisk søknad/søknadsweb

Mange bedrifter har eigen søknadsweb som søkjarar må nytte. Desse finn du link til i stillingsannonsen eller på bedrifta si heimeside. 
 
Kun etterspurte dokumenter skal leggjast ved. Då kan det vera lurt å ha klart ei skanna utgåve av vitnemål og attestar.

Jobbintervjuet

Her får du gode råd til kva du bør gjera før og under eit intervju.

Samtale mellom personer

Dersom du blir kalla inn til intervju, tyder det på at bedrifta meiner at di erfaring og din kompetanse er relevant for stillinga. Les difor nøye gjennom stillingsbeskrivelsen og søknadsbrevet ditt før intervjuet, og ver førebudd på å fortelje meir utfyllande om deg sjølv. Føremålet med intervjuet er at bedriften skal bli betre kjent med deg som ein mogleg kandidat. Det gjev også deg høve til å finna ut om dette er rette arbeidsgjevar og stilling for deg.  

Føre intervjuet:

Førebu deg godt: Tenk gjennom kvifor du ynskjer jobben, og kvifor du meiner du er ein aktuell kandidat.  Ver førebudd på å snakka mykje om deg sjølv. Lurer du på noko? Du vil få høve til å stilla spørsmål – bruk dette høvet.

Du bør være førebudd på å få spørsmål om lønn: Sjekk ut med moglege fagforeiningar eller nokon du kjenner om kva nivå løna er for stillinga for ansatte med same utdanningsnivå som deg.  
 
Nokre arbeidsgjevarar nyttar testverktøy Dette kan vera personlegdomstestar, evnetestar eller case-oppgåver. Desse vert brukt i tillegg til intervju og referansesjekk. 
 
Kleskode: Sjekk bransjestandard, kle deg normalt velstelt. 

Ta med deg kopiar av CV, attestar og vitnemål i høve dette blir etterspurt: Ha namn og telefonnummer til dine referansepersonar klart om dette ikkje er oppgjeve i CV-en. 

Under intervjuet:

  • Ver presis 
  • Ha eit fast håndtrykk 
  • Augekontakt. Sjå på alle i rommet, ikkje oversjå nokon. 
  • Ver blid og småprat litt før intervjuet startar 
  • Let arbeidsgjevar leie intervjuet , vis at du er interessert og vis entusiasme 
  • Still spørsmål (både om bedrifta og bransjen)

Curriculum Vitae (CV)

Ein CV er ei kortfatta oppsummering av dine kvalifikasjonar og erfaringar. Vi viser deg kva ein CV bør innehalde.

CV-en din bør vera ryddig og oversiktlig og på maks to sider. Mange arbeidsgjevarar nytter CV’en som fyrste sorteringsmetode når ein skal gå igjennom alle søknadane. Derfor bør ein CV vera skreddarsydd til stillinga ein søkjer på, slik at den er interessant for arbeidsgjevaren. Med dette meiner vi at du bør variera kva du understrekar, framhevar og utdjupar. 

CV og søknad skal utfylla kvarandre med minst mogleg overlapping. Bruk same skrifttype i CV og søknad.

Disse standardelementa må vera med i ein CV: 

Personalia

Namn, adresse, telefon, e-post adresse og fødselsdato. Du kan også ta med sivilstatus.

Nøkkelkompetanse

Her beskriv du din mest relevante kompetanse og tidlegare erfaringar. Det skal vera basert på fakta og vera mest mogleg konkret.  

Arbeidserfaring

Tidsrom (måned og år), arbeidsgjevar, stillingstittel. Relevante arbeidsoppgåver og ansvarsområde kan ein skriva i stikkordsform. 

Utdanning

Tidsrom (måned og år), utdanningsinstitusjon, fag/studium. Tittel eller kort utgreiing av oppgåver og fordjupingsområder kan ein ta med om ein finn det relevant til akkurat denne stillinga.

Anna erfaring

Tillitsverv, frivillig arbeid, kurs, språkkunnskap (oppgje nivå), IT-kompetanse (oppgjev kva program du meistrar) og interesser er moment som bør vera med i ein CV.

Referanser

Du kan velgja å sette opp namn og kontaktinformasjon på dine referansepersonar eller skriva at denne informasjonen kan visas fram på intervjuet.