Val i USA: Korleis skal det gå?

Onsdag 4. september 2024 kl. 19:00-21:00,
Universitetsbiblioteket, campus Ullandhaug.

Ole Torp tar plass i programleiarstolen når Universitetsbiblioteket i Stavanger inviterer til ein kveld for deg som vil bli klokare på valkampen i USA.

Publisert Sist oppdatert

Banner usa-valg

Mangeårig journalist og utanriksentusiat Ole Torp har over tjue par cowboyboots og eit lidenskapeleg forhold til USA. Han har budd i dette landet i to omganger, først som utanrikskorrespondent for Dagbladet frå 1987-1990, og for NRK i åra 1998-2002.

Torp held seg framleis oppdatert på amerikansk kultur og politikk, og kjem med fullt magasin i spørsmåls-colten.  

På fest med Trump 

Eli Nessa er ein av få nordmenn som har vore på fest med Donald Trump. Året var 1991 då 17 år gamle Eli frå Madla drog til New York for å delta i modellkonkurransen «Look of the Year». Trump var vertskap og sat i dommarpanelet som vurderte utsjånaden til modellane, som kunne vere så unge som 14 år. På programmet sto også fest på Trumps luksusyacht. Det vart ein nedtur for Nessa som skildra festen slik til NRK: «Du såg eldre menn som sikla etter unge jenter». Nessa har lagt modellkarrieren på hylla og jobbar no som universitetslærar i journalistikk ved UiS. Ho kjem for å fortelje om då ho møtte Trump, og dele sine tankar om kvifor ein så kontroversiell mann har blitt så populær blant amerikanarane.  

Ettertrakta USA-ekspert 

Telefonen til Hilmar Mjelde står ikkje stille når det er valkamp i USA. Han er ein av våre mest ettertrakta USA-ekspertar og professor i statsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet. Mjelde har mellom anna forska på Trump-rørsla og den udemokratiske utviklinga til The Grand Old Party – det republikanske parti. Spørsmålet vi håpar han kan gje oss eit svar på er: Toler det amerikanske demokratiet stresstesten som Donald Trump utgjer?  

Kjendiskultur 

Ein kjem ikkje utanom kjendisane i ein amerikansk valkamp. Donald Trump var sjølv tv-kjendis før han blei presidentkandidat, og fleire kjendisar tar side i valkampen for å få sine eigne fans til å røyste på ein kandidat. Mange er spente på om verdas største artist, Taylor Swift, vil gjere det. Med sine millionar av fans og progressive haldningar, kan hennar støtte vere det Joe Biden treng for å slå Trump. Professor i engelsk litteraturvitskap ved UiS, Janne Stigen Drangsholt, kjem for å forklare kvifor kjendisane er så sentrale i amerikansk kultur.  

Rapport frå heimlandet 

Jacob Lee Tom er fødd og oppvaksen i Wisconsin. Han flytta til Stavanger for å studere i 2017 og held på med ein PhD i historie ved UiS. I sommar har han vore heime og treft vennar og familie og lova å gje oss rapport frå heimlandet. Er amerikanarane så splitta som nyheitene skal ha det til? Og veit han kven han skal røyste på 5. november? 

Minikonsert og bar 

Etter panelsamtalen blir det minikonsert med A band – regionens beste og mest hardtarbeidande country-trio. Dei spelar den triste, men trøystande amerikanske musikken, den du treng når verda blir riven i fillebitar.  

Tappetårnet er samarbeidspartnar og stiller med bar frå klokka 18.30. Samtalen startar 19.00. Konserten startar 20.30. Tappetårnet serverer fram til klokka 22.00.  

Eli Nessa.
Jacob Lee Tom.
Janne Stigen Drangsholt.
Hilmar Mjelde.