Fire fredagar denne hausten kan du oppleve musikkstudentane frå scena på Ullandhaug.
Denne fredagen får du høyre jazzkvartetten Krampe, som består av:
- Magnus Benum på saksofon
- Andreas Hasselberg på piano
- Aleksander Bøhler på bass
- Mads Møvik-Olsen på trommer.
Dei vil børste støvet av saksofonistlåter frå 60-tallet og seinare. Planen er å bruke improvisasjon til å sette sitt eige avtrykk på låtene.
Bøker & Beats
Under Bøker & Beats får du ein smakebit på livet i Bjergsted med jazz, klassisk musikk, samtidsdans og andre utøvande kunstretninger. I tillegg til å opptre vil studentane fortelje litt om fagfeltet sitt.
Fakultet for utøvande kunstfag i Bjergsted utdannar morgondagens dansarar og musikarar. Studentane i Bjergsted er kjende for å øve mykje og levere kunstopplevingar av høgaste kvalitet.
Datoar
Fredag 15. november kl 12.15-13.00
Fredag 6. desember kl 12.15-13.00