Bøker & Beats - studentkonsert i biblioteket

Fredag 27. september 2024 kl. 12:15-13:00,
Universitetsbiblioteket, campus Ullandhaug.

Under haustens første Bøker & Beats får du høyra AsBest trio, som består av UiS-studentar ved campus Bjergsted.

Publisert Sist oppdatert

Et trio band som ser kamera
AsBest trio består av UiS-studentar ved campus Bjergsted.

AsBest trio er ein pianotrio som tek utgangspunkt i amerikansk jazztradisjon og legg vekt på lekenhet, musikalitet og ikkje minst eit solid handverk.

På trommer: Magnus Schjølset Solberg
Bass: Martin Lian
Piano: Erlend Johannessen
Gitar: David Johan Trohaug

Konserten er gratis og open for alle. Ingen påmelding.

Om Bøker & Beats

Fire fredagar denne hausten kan du oppleve musikkstudentane frå scena på Ullandhaug.

Under Bøker & Beats får du ein smakebit på livet i Bjergsted med jazz, klassisk musikk, samtidsdans og andre utøvande kunstretninger. I tillegg til å opptre vil studentane fortelje litt om fagfeltet sitt.   

Fakultet for utøvande kunstfag i Bjergsted utdannar morgondagens dansarar og musikarar. Studentane i Bjergsted er kjende for å øve mykje og levere kunstopplevingar av høgaste kvalitet. 

Datoar 

Fredag 27. september kl. 12.15-13.00 

Fredag 18. oktober kl 12.15-13.00 

Fredag 15. november kl 12.15-13.00 

Fredag 6. desember kl 12.15-13.00  

Kven som opptrer dei andre datoane vil bli annonserte etter kvart.

bøker and beats