Språkhistorie og talemål (NOR135)
Emnet gjev innføring i nordisk (særleg norsk) språkhistorie, både den indre og den ytre, frå dei eldste tider (urnordisk) og fram til dagens situasjon med to offisielle norske skriftmål, nynorsk og bokmål. Emnet gjev òg ei innføring i tradisjonelle norske dialektar.
Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2024-2025
Emnekode
NOR135
Versjon
1
Vekting (stp)
15
Semester undervisningsstart
Vår
Antall semestre
1
Vurderingssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk
Innhald
Læringsutbytte
Overordna
Etter å ha fullført emnet skal studenten ha utvikla seg i samspel med medstudentar og faglæraren til å kunna drøfta og analysera språkhistorisk og dialektologisk materiale i samsvar med gjeldande normer og forventningar til ein fagperson innanfor faget.
Kunnskap
Etter å ha fullført emnet skal studenten:
- ha kunnskap om periodeinndelinga i norsk språkhistorie
- ha kunnskap om norsk språkhistorie, både den indre og den ytre, frå dei eldste tider og fram til i dag
- ha kunnskap om sentrale trekk i den norrøne grammatikken og kjenna til viktige likskapar og ulikskapar mellom norrønt og moderne norsk språk
- ha kunnskap om utviklinga av dei norske dialektane og kjenna til kriterium for inndelinga av dei
- ha kunnskap om norsk språkpolitikk, språkplanlegging, språknormering og språkdebatt etter 1800
- kjenna til sentrale utviklingstrekk for dei nordiske språka, i både tale og skrift, sidan mellomalderen
Ferdigheit
Etter å ha fullført emnet skal studenten:
- kunna draga liner i norsk språkhistorie
- kunna gjera greie for norsk språkutvikling (i tale og skrift) og språkhistorie (indre og ytre) frå dei eldste tider og fram til i dag
- kunna lesa høgt og setja om til moderne norsk kjende norrøne tekster med hjelp av ordbok og kunna analysera språklege strukturar i desse tekstene på måtar som er relevante og attkjennelege for fagpersonar i faget
- kunna gjera greie for målgeografiske inndelingar av norske talemål og kunna bruka desse i praktiske oppgåver saman med andre studentar
- kunna analysera norske dialekttekster fonologisk, morfologisk og syntaktisk og påvisa kva type talemål det dreiar seg om, og kunna drøfta ulike argument for plasseringa av tekstprøvene dialektgeografisk med medstudentar og faglæraren
- kunna gjera greie for norsk språkpolitikk, språknormering og språkdebatt etter 1800 og kunne diskutera nyare norsk språkutvikling med andre fagpersonar
- kunna gjera greie for viktige likskapar og ulikskapar mellom norrønt og moderne norsk språk og finna att desse i konkrete tekstprøver i samarbeid med andre studentar
- kunna kommentera språkleg og vera med på kollektive diskusjonar om eit utval tekster på nordiske språk frå ulike periodar og geografiske område og kunna setja dei inn i ein språkhistorisk samanheng
- kunna skriva korrekt nynorsk
Generell kompetanse
Etter å ha fullført emnet skal studenten:
- ha innsikt i og kunna drøfta med andre fagpersonar over språkutviklinga og språksituasjonen i Noreg før og no og setja endringane inn i ein vidare samanheng
- kunna registrera og drøfta med andre fagpersonar skilnader og likskapar mellom ulike språk og dialektar og ulike språkstadium
Forkunnskapskrav
Eksamen / vurdering
Vurderingsform | Vekting | Varighet | Karakter | Hjelpemiddel |
---|---|---|---|---|
Skuleeksamen | 1/1 | 6 Timar | Bokstavkarakterar | Norrøn ordbok, Norrønt bøyingsskjema, |
Eksamen skal skrivast på nynorsk.
Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
1. 75 prosent obligatorisk oppmøte i undervisning (inkl. gruppeseminar). Undervisninga er lagd opp slik at læringsutbytta nemnde ovanfor blir oppnådde gjennom at teoripensumet blir kombinert med ulike former for språkleg materiale. Dette skjer gjennom øvingar og drøftingar saman med studentane. Det er difor eit krav om minimum 75 prosent oppmøte i undervisninga.Ved fravær utover dette må kompenserende oppgaver påregnes.
2. Munnleg presentasjon. Studentane skal minst to gonger i undervisninga ha lagt fram og kommentert utvalde tekstprøver, både på norrønt og moderne dialekt, i samspel med dei andre studentane og faglæraren.
3. Skriftleg innlevering. Studentane skal innan oppgjeven frist levera eit oppgåvesvar i eldre språkhistorie og norrønt på 1500 ord (+/- 10 %). Svaret skal skrivast på nynorsk. Vurdering: Greidd / ikkje greidd. Det endelege oppgåvesvaret må vera godkjent av faglæraren før studenten kan gå opp til eksamen. Studentar som får oppgåvesvaret vurdert til ikkje godkjent ved fyrste innlevering har, innan oppgjeven frist, høve til å levera det på nytt i omarbeidd form.
Alle tre vilkåra må vera oppfylte for at studentan kan gå opp til eksamen.Eksamen skal skrivast på nynorsk.
Fagperson(er)
Emneansvarleg:
Klaus Johan MyrvollStudiekoordinator:
Margrethe MelinArbeidsformar
Overlapping
Emne | Reduksjon (SP) |
---|---|
Språkstruktur og språkvariasjon (NOR175_1) | 7.5 |
Språkhistorie og talemål (LNOR135_1) | 15 |
Nordisk språk og språkhistorie (NOR115_1) | 7.5 |
Språkstruktur og språkvariasjon (LNOR175_1) | 7.5 |
Nordisk språk og språkhistorie (LNOR115_1) | 7.5 |