Språkhistorie og talemål (LNOR135)

Emnet gjev innføring i nordisk (særleg norsk) språkhistorie, både den indre og den ytre, frå dei eldste tider (urnordisk) og fram til dagens situasjon med to offisielle norske skriftmål, nynorsk og bokmål. Emnet gjev òg ei innføring i tradisjonelle norske dialektar.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2024-2025

Fakta

Emnekode

LNOR135

Versjon

1

Vekting (stp)

15

Semester undervisningsstart

Vår

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

Emnet gjev innføring i nordisk (særleg norsk) språkhistorie, både den indre og den ytre, frå dei eldste tider (urnordisk) og fram til dagens situasjon med to offisielle norske skriftmål, nynorsk og bokmål. Norrønt språk og språkutviklinga frå norrønt til moderne norsk står her sentralt. I forlenging av dette vert sentrale særdrag ved dei norske dialektane tekne opp. Emnet femner òg om utviklinga av dei to norske skriftmåla og norsk språkpolitikk i perioden etter 1800. Tekstprøver som representerer ulike språksteg og dialektar vil verta gjennomgått, medrekna translittererte runeinnskrifter frå ulike periodar.

Læringsutbytte

Overordna

Etter å ha fullført emnet skal studenten ha utvikla seg i samspel med medstudentar og faglæraren til å kunna drøfta og analysera språkhistorisk og dialektologisk materiale i samsvar med gjeldande normer og forventningar til ein fagperson innanfor faget.

Kunnskap

Etter å ha fullført emnet skal studenten:

  • ha kunnskap om periodeinndelinga i norsk språkhistorie
  • ha kunnskap om norsk språkhistorie, både den indre og den ytre, frå dei eldste tider og fram til i dag
  • ha kunnskap om sentrale trekk i den norrøne grammatikken og kjenna til viktige likskapar og ulikskapar mellom norrønt og moderne norsk språk
  • ha kunnskap om utviklinga av dei norske dialektane og kjenna til kriterium for inndelinga av dei
  • ha kunnskap om norsk språkpolitikk, språkplanlegging, språknormering og språkdebatt etter 1800
  • kjenna til sentrale utviklingstrekk for dei nordiske språka, i både tale og skrift, sidan mellomalderen
  • ha innsikt i korleis norsk språkhistorie og dialektologi heng saman med norsk som skulefag

Ferdigheit

Etter å ha fullført emnet skal studenten:

  • kunna draga liner i norsk språkhistorie
  • kunna gjera greie for norsk språkutvikling (i tale og skrift) og språkhistorie (indre og ytre) frå dei eldste tider og fram til i dag
  • kunna lesa høgt og setja om til moderne norsk kjende norrøne tekster med hjelp av ordbok og kunna analysera språklege strukturar i desse tekstene på måtar som er relevante og attkjennelege for fagpersonar i faget
  • kunna gjera greie for målgeografiske inndelingar av norske talemål og kunna bruka desse i praktiske oppgåver saman med andre studentar
  • kunna analysera norske dialekttekster fonologisk, morfologisk og syntaktisk og påvisa kva type talemål det dreiar seg om, og kunna drøfta ulike argument for plasseringa av tekstprøvene dialektgeografisk med medstudentar og faglæraren
  • kunna gjera greie for norsk språkpolitikk, språknormering og språkdebatt etter 1800 og kunne diskutera nyare norsk språkutvikling med andre fagpersonar
  • kunna gjera greie for viktige likskapar og ulikskapar mellom norrønt og moderne norsk språk og finna att desse i konkrete tekstprøver i samarbeid med andre studentar
  • kunna kommentera språkleg og vera med på kollektive diskusjonar om eit utval tekster på nordiske språk frå ulike periodar og geografiske område og kunna setja dei inn i ein språkhistorisk samanheng
  • kunna skriva korrekt nynorsk
  • ha utvikla evna til å nytta fagkunnskap i norskundervisninga som er i samsvar med læreplanen.

Generell kompetanse

Etter å ha fullført emnet skal studenten:

  • ha innsikt i og kunna drøfta med andre fagpersonar over språkutviklinga og språksituasjonen i Noreg før og no og setja endringane inn i ein vidare samanheng
  • kunna registrera og drøfta med andre fagpersonar skilnader og likskapar mellom ulike språk og dialektar og ulike språkstadium

Forkunnskapskrav

Ingen

Eksamen / vurdering

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Skuleeksamen 1/1 Bokstavkarakterar Norrøn ordbok, Norrønt bøyingsskjema,

Eksamen skal skrivast på nynorsk.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Innlevering, 75% obligatorisk oppmøte, Munnleg presentasjon

1. 75 prosent obligatorisk oppmøte i undervisning, gruppeseminar og didaktiske seminar. Undervisninga er lagd opp slik at læringsutbytta nemnde ovanfor blir oppnådde gjennom at teoripensumet blir kombinert med ulike former for språkleg materiale. Dette skjer gjennom øvingar og drøftingar saman med studentane. Det er difor eit krav om minimum 75 prosent oppmøte i undervisninga.Ved fravær utover dette må kompenserende oppgaver påregnes

2. Munnleg presentasjon. Studentane skal minst to gonger i undervisninga ha lagt fram og kommentert utvalde tekstprøver, både på norrønt og moderne dialekt, i samspel med dei andre studentane faglæraren.

3. Skriftleg innlevering. Studentane skal innan oppgjeven frist levera eit oppgåvesvar i eldre språkhistorie og norrønt på 1500 ord (+/- 10 %). Svaret skal skrivast på nynorsk. Vurdering: Greidd / ikkje greidd. Det endelege oppgåvesvaret må vera godkjent av faglæraren før studenten kan gå opp til eksamen. Studentar som får oppgåvesvaret vurdert til ikkje godkjent ved fyrste innlevering har, innan oppgjeven frist, høve til å levera det på nytt i omarbeidd form.

Alle tre vilkåra må vera oppfylte for at studentan kan gå opp til eksamen.Eksamen skal skrivast på nynorsk.

Fagperson(er)

Emneansvarleg:

Klaus Johan Myrvoll

Studiekoordinator:

Anne Marie Nygaard

Arbeidsformar

1. Førelesingar og seminar. Førelesingane inkluderer studentaktive arbeidsformer som arbeid i grupper med utvalde tekstprøver og diskusjon av desse etterpå i plenum. Førelesingane inkluderer òg høgtlesing og omsetjing av norrøne tekstutdrag og språkleg kommentering av desse. Alt dette krev at kvar einskild student tek aktivt del i undervisninga og bidreg til dei kollektive drøftingane. På seminara arbeider studentane sjølvstendig eller i mindre grupper, under rettleiing av faglæraren og/eller ein studentassistent. Her vert det arbeidt meir inngåande med å tileigna seg metodar for korrekt språkleg analyse av norrøne tekster og dialekttekster. Sidan dette er ferdigheiter som krev innøving og oppattaking basert på «beste praksis» hjå faglæraren, er det ein føresetnad at studentane tek aktivt del i seminara. I seminara er det òg mogeleg med meir individuelt tilpassa rettleiing for å stø opp om tileigninga av faglege kunnskapar og ferdigheiter.

2. Didaktiske seminar. Her vert det laga ei kopling mellom nordisk som fagdisiplin og norsk som skulefag. I studentaktive diskusjonar vert det drøfta korleis studentane kan nytta den faglege kompetansen i det framtidige yrket sitt som norsklærarar på ungdomsskule og vidaregåande skule. Gjennom diskusjonar, rettleidde av faglæraren, vert det òg utarbeidt mogelege undervisningsopplegg.

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Språkstruktur og språkvariasjon (LNOR175_1) 7.5
Språkhistorie og talemål (NOR135_1) 15
Nordisk språk og språkhistorie (LNOR115_1) 7.5
Språkstruktur og språkvariasjon (NOR175_1) 7.5
Nordisk språk og språkhistorie (NOR115_1) 7.5

Åpent for

Lektorutdanning for trinn 8-13

Emneevaluering

Det skal vere ein tidlegdialog mellom emneansvarleg, studenttillitsvald og studentane. Formålet er tilbakemelding frå studentane for endringar og justering i emna inneverande semester.I tillegg skal det gjennomførast ein digitalt emneevaluering minimum kvart tredje år. Den har som formål å innhente studentane sine erfaringar med emnet.

Litteratur

Søk etter pensumlitteratur i Leganto