Ønsket om å oppnå eller behalde popularitet, kan vera ein av grunnane til at ungdom øydelegg andre sine relasjonar og kjensler av å høyre til i gruppa, syner ny studie.

Tenåra er ei tid der venskap og popularitet i klassen er svært viktig, men ikkje alle elevar får ein plass i fellesskapet. Vi veit at nokre ungdommar blir stengd ute av sine medelevar.
I si doktorgradsavhandling «Relational Aggression in Adolescents: exploring the associations with status gaols, status stress, perspevtive taking and empathic concern within the framwork of social goal theory» har Tove Flack, tilsett ved Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger, undersøkt kvifor det er slik.
– I ungdomsalderen ser vi at elevar kan bruke sofistikerte og indirekte aggressive metodar, som baksnakking, ryktespreiing og negative signal, for å støyte enkelte elevar ut av gruppa. Dette vert kalla relasjonell aggresjon. Resultat frå studien viser at det å behalde eller etablere popularitet kan vera ein mogleg grunn til at ungdommen tek i bruk slike negative strategiar, seier Flack.
Vil ikkje miste status
Resultata i studien tyder også på at enkelte ungdommar kan opptre på relasjonelt aggressive måtar for å unngå å miste status når dei føler at den er trua. Dei fleste elevane som deltok i studien, fortalde at sosial status er noko dei verdet høgt. Samstundes opplever dei ofte stress i form av uro for at den sosiale statusen kan bli dårlegare.
Over halvparten av elevane fortalde også at dei, i større eller mindre grad, sjølv deltek i ekskluderande handlingar overfor medelevar i løpet av ein månad.
– Dersom denne studien reflekterer nivået for sosialt stress og relasjonell aggresjon mellom tenåringar i Noreg generelt, så er dette urovekkande høge tal, seier Flack.
Medkjensle kan hindre utestenging
– Studien viser også at evna til å føle med andre truleg påverkar om elevar brukar si sosiale forståing positivt eller negativt, seier ho.
For å førebygge relasjonell aggresjon, kan det kanskje vera nytting å utvikle tiltak der elevar får mogelegheit til å trene opp si medfølande evne.
– Ikkje minst er det viktig at dei lærer å setje pris på gode, nære venskap framfor å streve etter å oppnå popularitet.
Ho håpar at studien kan vera eit bidrag til å utvide forståinga av, og arbeidet med å førebygge relasjonell aggresjon og utestenging.
Disputas open for alle

Flack disputerte 19. juni 2018. Både disputas og prøveforelesing er opne for alle interesserte.
Stad: Arne Rettedals hus på Universitetet i Stavanger (rom: AR V-101)
Klokka 10:00: Prøveforelesing med tema «Fra forsking til praksis – korleis motverke relasjonell aggresjon i skulen»
Klokka 12:00: Disputas
Tekst: Ina Midttveit
Foto: Getty Images