UiS utveksler studentar og tilsette med An-Najah National University i Nablus, Palestina, gjennom ein Erasmus+ samarbeidsavtale.
An-Najah National University (ANNU) er eit privat universitet i Nablus, Palestina, og med sine 22 000 studentar og 3 000 professorar er det det største universitetet i Palestina.
UiS har hatt eit Memorandum of Understanding med ANNU sidan 2006, og ein ICM-utvekslingsavtale sidan 2015. Utvekslingsavtalen har gjort det mogleg for tilsette å reise begge vegar og innkommande bachelorstudentar har kome til UiS for å studera drama og interkulturell kommunikasjon. Tilskot som blir tilbode av ICM-aksjonen er nødvendige for å letta utvekslinga.
I 2018 slutta UiS seg til ein kommunal delegasjon for å fornya satsinga på partnarskapet vårt og kartleggja moglegheiter for nye samarbeidsområde. Dette har resultert i eit sterkare nettverk på alle område av lærarutdanninga, spesielt i barnehagelærerutdanninga, og dessutan óg i sjukepleie og jordmor.
Nablus har vore vennskapsbyen til Stavanger sidan 1996, og mange andre kulturutvekslings- og utviklingssamarbeidsprosjekt har vorte gjennomførte sidan den gong. Nablus Society of Stavanger, ein grasrot-NGO, handterer dei praktiske sidene av samarbeidsaktivitetane, og er ein viktig partnar for UiS i vårt ICM-utvekslingssamarbeid.
Denne videoen syner litt om korleis samarbeidet foregår i praksis. (Kjelde: Diku)
An-Najah Discusses Means of Mutual Cooperation with Stavanger University
An Academic Delegation from Stavanger University Visits An-Najah
An-Najah concludes a Drama Workshop in Cooperation with Stavanger University
A Delegation from Stavanger University Visits An-Najah
An-Najah National University - An-Najah Delegation Visits the University of Stavanger in Norway
A Delegation from Stavanger University Visits An-Najah University
Kontaktpersonar
Institutt for kultur- og språkvitenskap
Utdanningsavdelingen
Internasjonal seksjon