– Eg føler at me har vakse som pedagogar og klasseleiarar

Det seier Kristoffer som er PPU-student ved Fakultet for utøvande kunstfag. I ei veke har han vore med på eit nytt innovativt prosjekt om bærekraft.

Publisert Sist oppdatert

Ti PPU-studentar innan musikk, song, dans, kunst og handtverk, og samfunnsfag med drama har laga til ei spennande og annleis veke for barneskuleelevar i Suldal kommune.

Elevar i gymsal som jobbar med tepper i bevegelse
Elevane får jobbe med temaet bærekraft i kunstfaga gjennom ulike stasjonar og i fellesskap

Dei vanlege timeplanane vart løyst opp, og skuledagane fokuserte på praksisprosjektet Bærekraftig utvikling – å utforske læring med praktiske og estetiske læreprosessar ved den fådelte skulen, der temaet bærekraft vart belyst gjennom praktiske og estetiske læreprosessar.

Dette er eit innovativt samarbeidsprosjekt mellom UiS, Høgskulen på Vestlandet (HVL), Desentralisert kompetanseutvikling (DeKomp) og Jelsa og Nesflaten skular.

Ein vinn-vinn-situasjon

– Me skal legge til rette for ei undervising som har si merksemd mot skaparglede, estetiske uttrykksformar og praktiske aktivitetar, som nå er sentrale perspektiv i opplæringas verdigrunnlag, seier rettleiar Kari Olene Oma Rønnes frå Fakultet frå utøvande kunstfag.

Prosjektet er laga ut frå den generelle læreplanen «Overordna del - verdiar og prinsipp for opplæringa» (Kunnskapsdepartementet, 2017). Her blir det gitt føringar om at elevane skal få oppleve «skaparglede, engasjement og utforskartrong» og at «elevane skal lære og utvikle seg gjennom sansing og tenking, estetiske uttrykksformar og praktiske aktivitetar».  

To sett barnehender som jobber med å lage instrument av planker og tråd
Elevane fekk oppleve mange ulike praktiske oppgåver.

– Studentane vil erfare og oppleve ei praksisopplæring med ei anna metodisk tilnærming i og med at elevane i klasserommet er aldersblanda ved dei fådelte skulane. Og elevane ved Jelsa og Nesflaten vil møte skulekvardagen på ein annan måte. Dette blir ein vinn-vinn-situasjon, seier Oma Rønnes.

Har vakse som pedagogar

Dei ti studentane kjem både frå UiS og HVL. Kristoffer Nordal er ein av studentane frå UiS som deltok i praksisen. Han tar PPU i song og har i tidlegare praksisperiodar hovudsakleg undervist songtimar individuelt. Nå fekk han utforske songfaget i ein større klasse saman med barn.

– Det var utruleg gøy, og eg opplevde at det også var spennande, utfordrande og lærerikt å få lov til å vere med på dette praksisprosjektet.

Studentane fekk lov til å ta over timeplanen til både små- og mellomtrinnet i ei heil veke. Medstudentane hans hadde bakgrunn innan dans, kunst og handtverk, samfunnsfag, og musikk.

– Eg har lært masse om desse faga nå, og føler at me alle har vakse enormt som pedagogar og klasseleiarar. Eg trur også barna har hatt det utruleg gøy, og mange uttrykte at dei ønska seg meir av dei estetiske faga i skulekvardagen, seier Nordal.

Aktuelt frå Fakultet for utøvande kunstfag

Heder, ære og 75 000 kroner

Årets mottaker av Steensland-stipendet er Maren Resell Sørheim ved avdeling for jazz ved Fakultet for utøvende kunstfag.

– Å gå PPU hjalp meg med å finne ut korleis det er å jobbe som danselærar

Praksisen gav Ingrid innspel til korleis ho kunne trekke trådar mellom ulike kunstnarlege uttrykk i undervisinga.

Første med doktorgrad i kunstnarleg utviklingsarbeid ved UiS

– Ein disputas innanfor kunstnarleg ph.d. er ikkje kvardagskost her i landet, seier dekan Harald Eikaas ved Fakultet for...

Bjergsted-konferansen 2023

Gjennom innlegg, samtalar og kunstnarlege innslag set Bjergsted-konferansen 2023 søkelyset på kunst, kultur og samfunn. ...

Cecilia inspirerer barn og unge i Bolivia til å lage musikk

Min sommarjobb: Fløytestudenten jobbar frivillig med å arrangere seminar i heimlandet om somrane.

Hva betyr kulturpolitikk for samfunnsutviklingen?

En kronikk fra Harald Eikaas, dekan ved Fakultet for utøvende kunstfag.

EU-prosjekt har utviklet ny kunnskap om kunstneriske praksiser i barnehagen

-prosjektet INTERSTICE har hatt som mål å gi ansatte, utdannere og studenter på barnehagefeltet innsikt i kunstn...

Vinnarane av Kammermusikkonkurransen 2023

To ensemble har vunne Skjeies kammermusikkstipend på 25 000 kr.

200 søkarar på plass. Nå er det endeleg normale opptaksprøver ved Bjergsted igjen

Nå myldrar det av spente, framtidige studentar på campus Bjergsted. For alle søkarar til utøvande musikkstudium på UiS m...

Priscila fekk jobbe med musikarar og utøvarar på høgt nivå

Musikkproduksjon og opptaksteknikk blei ei moglegheit til å auke erfaringane på feltet

– Jeg ønsket å utvide mine kunnskaper, kompetanse og nettverk innenfor musikkproduksjonsfeltet

Frida har studert musikkproduksjons og opptaksteknikk, og jobber i dag med å drive og administrere et lydstudio

Ingrid Øien liker ikke å stå på «stedet hvil»

Ingrid finner det interessant å stadig kunne lære nye ting, og syns det er viktig å holde seg oppdatert.

Tone Omdal har hele sitt utdanningsløp fra UiS

- Det var både inspirerende og motiverende å se mine medstudenter dirigere, samt observere deres utvikling som dirigente...

Studerer PPU i utøvende og skapende kunstfag for å skape flere jobbmuligheter

– Det er veldig smart å ta PPU nå, sier Oda, som er student ved Fakultet for utøvende kunstfag

Solveig jobber som kantor i Den Norske kirke

- Studiet var for meg en fin bekreftelse på at gehør kan utvikles gjennom hele livet, bare det får nok oppmerksomhet!

Halvor Holm har studert DigJazz ved UiS

Halvor Holm kjente et behov for fornyelse av sitt faglige fundament, og var en av de første studentene på fakultetets di...

Tar digitale jazzstudier for å ha et mer lekent forhold til instrumentet sitt

Studiet er både kjekt, interessant og lærerikt, mener Karl Ole.

Julie Røssland er vinner av Steenslandsstipendet 2022

Dirigentstudent Julie Røssland har utmerket seg på innsats, faglig nivå og kunstnerisk potensiale, og tildeles derfor St...

– Det har vært en glede, et privilegium – og travelt – å være dekan

Morten Wensberg har vært dekan ved Fakultet for utøvende kunstfag siden starten av 2018. Her kan du lese hans tanker og ...

Ny dekan ved Universitetet i Stavanger

Harald Eikaas blir ny dekan ved Fakultet for utøvende kunstfag.