Viten-tv er ein strøymeplattform eigd av UiB, UiT, HVL og UiS.

Viten-TV er ein strøymeplattform for forskings- og kunnskapsformidling frå Universitet- og høgskulesektoren i Norge. Eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Stavanger og UiT Norges arktiske universitet.

Publisert Sist oppdatert

viten-tv symbol

Viten-TV finn du filmar innan dei fleste fagfelt, frå psykologi, skule og kultur til helse, naturvitskap og teknologi. Nokre av filmane er korte, opplysande og underhaldande, som UiS Skolelabben sin eksplosive julekalender. Andre er fascinerande djupdykk i historiske tema, som korleis eit kvernhus fungerer, eller livet blant dei gamle romarane.

Målgruppa for Viten-TV er rett og slett nysgjerrige sjåaar i alle aldrar. Lærarar på jakt etter fagfilmar dei trygt kan vise elevane til i undervisninga, studentar på jakt etter gode kjelder, folk i arbeidslivet som søkjer ekspertar eller rett og slett heilt vanlege sjåarar som ønskjer å oppdatere seg på aktuelle eller tidløse tema – alle desse vil ha glede av å utforske Viten-TV.

Du kan sjå Viten-TV her.

– Dette handlar til sjuande og sist om å gjere kunnskap tilgjengeleg for så mange som mogleg, på ein trygg plattform, der du kan stole på avsendaren, seier Atle Løkken i NettOp, ein av pådrivarane for etableringa av kanalen.

Les meir om Viten-TV

Kontaktpersonar Viten-TV ved UiS

Avd.direktør
51831045
3. etg Kitty Kiellands hus
Divisjon for utdanning
NettOp UiS
Senioringeniør
51832442
Divisjon for utdanning
NettOp UiS
Seniorrådgiver
51833051
Divisjon for utdanning
NettOp UiS
Senior kommunikasjonsrådgiver
51833047
Arne Rettedals hus, 3. etasje , rom: Ø-306
Divisjon for innovasjon og samfunn
Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt