Vinnare av arbeidsmiljøprisen

Arbeidsmiljøutvalet ved Universitetet i Stavanger oppretta ein arbeidsmiljøpris i 2021. Formålet med prisen er å dyrke fram eit helsefremjande lærings- og arbeidsmiljø.

Publisert Sist oppdatert

Prisen skal framheve det gode arbeidet knytt til arbeidsmiljø på UiS og samtidig inspirere og stimulere til nytt engasjement og nye tankar om arbeidsmiljø. Prisen skal vise fram miljø eller tilsette som har gjort ein særleg innsats for arbeidsmiljøet ved UiS, og som har utmerka seg som ein pådrivar med særleg evne og vilje til å setje i verk tiltak som gjer arbeidsmiljøet betre. Prisen består av eit diplom og 50.000 kronar og vart delt ut første gong i desember 2022.

Mann med diplom og blomsterbukett foran en grå vegg
Professor Sven Ole Aase ved Institutt for data- og elektroteknologi, ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet, fekk universitets arbeidsmiljøpris for 2024.
En mann med diplom omgitt av en mann og en kvinne
William Gilje Gjedrem fekk UiS sin arbeidsmiljøpris for 2023. Prisen vart utdelt av hovudverneombod Erika Torgersen og rektor Klaus Mohn.

2024: Professor Sven Ole Aase

Han får prisen for, gjennom eit langt virke på UiS, å ha satt medarbeidaranes ve og vel i fokus. Sven Ole Aase er og har vore ein framifrå pådrivar for å sveise saman tilsette på instituttet og ta initiativ til sosiale aktivitetar.

I nominasjonen står det mellom anna: «Eit godt arbeidsmiljø er gull verd, men kjem slett ikkje av seg sjølv. Sven Ole har i alle år hatt det rette fokuset og har lagt ned eit stort arbeid for å bygge instituttet. Han skal ha ein stor del av æra for at IDE i mange år har vore eit institutt prega av samhald, smil og dugnadsånd, og der alle går på førenamn. Når det skal delast ut ein arbeidsmiljøpris, kjem ein vanskeleg utanom Sven Ole!»

2023: Førsteamanuensis William Gilje Gjedrem

En kvinne med blomster og diplom, flankert av en kvinne og en mann.
Jeanette Rollheim (i midten) med hovedverneombud Erika Torgersen og rektor Klaus Mohn.

William Gilje Gjedrem er tilsett ved avdeling for rekneskap og rettsvitskap ved Handelshøgskolen ved UiS. Gjedrem fekk prisen for sitt bidrag til det psykososiale arbeidsmiljøet, til dømes i form av ulike sosiale samlingar på og utanfor arbeidsplassen. Det har vore viktig i ei avdeling med mange nytilsette med ulik fagleg og kulturell bakgrunn.

Prisvinnaren er særs inkluderande, og er medverkande til eit godt fagleg arbeid på tvers av faggreiner og på den måten til samhald og lagkjensle.

2022: Seniorrådgivar Jeanette Rollheim

Jeanette Rollheim jobbar ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora. Rollheim fekk prisen for sitt engasjement for å sikre eit godt arbeidsmiljø for stipendiatane ved fakultetet.

Rollheim rettleier stipendiatane på ein god måte slik at dei finn fram til dei skjema, nettsider og kontaktpersonar dei treng, samtidig som ho er lett tilgjengeleg for spørsmål på e-post og telefon. På den måten gjer prisvinnaren kvardagen enklare for stipendiatane.

Prisvinnaren blir opplevd som ein empatisk og kreativ person som hjelper stipendiatane med å kome fram til løysingar knytt til doktorgradsarbeidet.