UiS kuttar klimagassutslepp med jordvarme

UiS kuttar no kraftig i driftskostnadar og klimagassutslepp takka vere eigen produksjon av termisk energi. I september blei den nye energisentralen ved UiS sett i drift. Frå januar 2025 er det full drift.

Publisert Sist oppdatert

Mørkt bygg med tre etasjer
Energisentralen UiS. Foto: Statsbygg

Onsdag 4. desember 2024 åpnar Universitetet i Stavanger Energisentralen UiS, som har vore i drift sidan september.

Med dette bygget har UiS Campus Ullandhaug redusert forbruket av kjøpt energi for varme og kjøling frå 8 gigawatt til 3 gigawatt. Slik reduserer UiS kraftig både i driftskostnadar og klimagassutslepp takka vere termisk energi.    

Varmar opp heile Campus Ullandhaug

Med den nye energisentralen kan UiS produsere store deler av eigen varme – og kjøling når det trengs. UiS har også nok varme til framtidige bygg her på Universitetsområdet på Ullandhaug.

Energisentralen skal også produsere varme for den nye storstova for studentane: SiS Studenthus, som åpnar januar 2025.

Sentralen hentar ut geotermisk energi frå 119 djuptgåande brønnar. Kvar av dei med ei dybde på 300 meter. Det avanserte oppsettet omfattar alt frå varmepumpar,  gasskjelar og elektrokjelar til solceller på taket, i tillegg til energilagring som brukar energibrønnane som eit naturleg «batteri» mellom dei ulike sesongane.

Eit straumnett i miniatyr

Vifter på tak
Tørrkjølere på taket til Energisentralen UiS. Foto: Statsbygg

Energisentralen er utstyrt med ein elkraft-lab. Studentane får her tilgang til eit straumnett i miniatyr. Her kan dei kople opp elkraft-system og lære korleis dei ulike delsystema verkar saman. I løpet av utdanninga si vil dei skaffe seg ferdigheiter og kunnskap og slik førebu seg på å bidra til smarte løysingar for det grøne skiftet.  

Det var Ulla-Førrefondet som gjorde det mogleg for UiS å etablere eit tipp topp elkraft-laboratorium.

Les saka: Ulla-Førrefondet gir 10 millionar til elkraft-laboratorium

Geotermisk laboratorium

I tillegg til dei 119 brønnane er det bora to brønnar heilt ned til ca. 650 meter. I fire av brønnane er det installert fire forskjellige typar rørkollektorar. Dette skal brukast i eit forskingsprosjekt som forskarar ved Institutt for energi og petroleum ved UiS står for.

Det nye sanntids-laboratoriumet i geotermisk energi-teknologi skal gje meir kunnskap om korleis ein kan utnytte geotermisk fornybar energi på ein mest mogleg optimal måte. Forskarane skal bruke avanserte modelleringsteknikkar basert på maskinlæring og kunstig intelligens for å utvikle modellar for overvaking og optimalisering av drifta i sanntid. 

Dei skal blant anna finne ut kva type brønnar og kva type drift som eignar seg i byområde. Målet er blant anna å korte ned nedbetalingstida for geotermisk energi. Slik kan teknologien takast i bruk i større monn enn i dag.   

Tekst: Karen Anne Okstad, avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt