UiS har dei tredje mest produktive forskarane i landet

Universitetet i Stavanger ligg på ein tredjeplass i vitskapleg produksjon per vitskapleg tilsett, berre slått av UiO og UiB blant universiteta, ifølge publiseringsstatistikken som nyleg vart lagt fram.

Publisert Sist oppdatert

2024-tala som nyleg er publisert i Database for statistikk om høgare utdanning (DBH) viser at Universitetet i Stavanger (UiS) har svært produktive forskarar: 1,28 publiseringspoeng per vitskapleg tilsett.

Professor Muk Chen Ong publiserte mest forsking på UiS i 2024. Han bidreg til at Det teknisk-naturvitskaplege fakultet ligg på topp i Noreg.

Tredje beste i fleire år

Universitetet i Oslo (UiO) har dei mest produktive forskarane med 1,64 publiseringspoeng medan Universitetet i Bergen (UiB) kjem på ein andre plass på 1,39 poeng. UiS ligg dimed på tredjeplass blant universiteta. Det var også tilfelle i 2023.

I åra 2022–2021 låg Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) framom UiS, slik at vi i to år låg på ein fjerdeplass, men i åra 2018–2020 hadde vi høgare forskingsintensitet enn NTNU rekna ut frå publisering per vitskapleg tilsett – og altså på tredjeplass blant universiteta.

Om ein ser på heile universitet- og høgskole-sektoren samla, ligg UiS på ein femteplass.

Fleire forskarar publiserer

Samla sett gjekk talet på publiseringspoeng i Noreg ned med 4,3 prosent. UiS har til saman publisert 1454 poeng i 2024 som er ein ørliten nedgang frå året før, men likevel eit toppår for publisering for UiS.

– Forskarane våre er særs effektive, berre slått av UiO og UiB. Dette viser at vi er å rekne som eit av Noregs mest forskingsintensive universitet, seier Merete Vadla Madland, prorektor for forsking ved UiS.

Oppsummert kan UiS glede seg over:

  • Tredje best i landet blant universiteta på publiseringspoeng per vitskapleg tilsett
  • Femte best i landet i heile UH-sektoren på publiseringspoeng per vitskapleg tilsett
  • Det teknisk-naturvitskaplege fakultet ved UiS er det mest-publiserande teknologi- og naturvitskaplege fakultet i Noreg med 2,09 poeng per vitskapleg tilsett
  • Det teknisk-naturvitskaplege fakultet ved UiS er den nest-mest-publiserande eininga på fakultetsnivå i Noreg, berre bak Det medisinske fakultetet ved UiO

Samt:

  • Auka tal på UiS-forskarar med publiseringspoeng
  • Auka tal på UiS-publikasjonar med internasjonalt samarbeid

Stabile publiseringstal

Myndigheitene har stramma inn bevillingane og heile sektoren er i ei økonomisk omstilling. UiS har måtta redusere sine kostnadar drastisk. Ein av konsekvensane av dette er færre tilsette

Årsverk knytt til forsking har i 2024 minka frå 1256 til 1185 – altså 71 færre årsverk. Likevel aukar UiS publiserings-produksjonen per vitskapleg tilsett. Og dei 1454 publiseringspoenga for 2024 er noko lunde likt med dei tre siste åra – som alle er toppår.

Ei gledeleg registrering er at UiS i perioden 2021 til 2024 har auka talet på personar ved UiS som har bidratt med publiseringspoeng. Denne aukinga er på 11 prosent.

Teknisk-naturvitskapleg på topp i landet

Ikkje overraskande er det Det teknisk-naturvitskaplege fakultet (Teknat) som har dei aller mest produktive forskarane om vi skal rekne ut i frå publiseringstala.

Med 2,09 per vitskapleg tilsett ligg UiS-fakultetet øvst av alle tilsvarande ingeniør/realfags-fakultet i Noreg.

Dersom vi ser på alle einingar på fakultetsnivå uansett fagområde (i universitetssektoren) ligg Teknat-fakultetet berre bak Det medisinske fakultet ved UiO. Deira tal er på  2.10 publiseringspoeng per vitskapleg tilsett.

Prorektor for forsking kan nok eit år stadfeste at UiS held fram som eit forskingsintensivt universitet.

Auka internasjonalt samarbeid

Vi finn også ei auking i perioden 2021 til 2024 på 9 prosent i talet på publikasjonar med internasjonalt samarbeid.

Prorektor for forsking, Merete Vadla Madland, held fram at internasjonalt samarbeid er naudsynt for at vi kan vere i forskingsfronten. Ho peikar på at UiS alltid hatt mykje samarbeid med forskarar og forskingsmiljø verda over.

– Vi har dei siste åra jobba endå meir målretta for å auke inntekter frå EU og har lykkast i å få tilslag på fleire Horisont Europa-prosjekt. Dette har truleg ført til at fleire forskarar hos oss har publisert artiklar i fellesskap med internasjonale kollegar, fortel Vadla Madland.

Tekst: Karen Anne Okstad, avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt